Audun Hugleiksson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Audun Hugleikssons våpen, frå ei minnestein på Ålhus i Jølster.

Audun Hugleiksson, og kjend som Audun Hestakorn (f. kring 1240, død 2. desember 1302 i Bergen) var lendmann og ein av kongens næraste menn under både Magnus Lagabøte og Eirik II Magnusson. Han var mellom anna sentral i utviklinga av lovverket i denne tida, ikkkje minst Magnus Lagabøte sin landslov frå 1274. Han fall i unåde i 1299, og vart avretta tre år seinare.

Ætt og bakgrunn

Vi veit lite om faren Hugleik, og enda mindre om mora Gyrid. Faren ser ut til å ha tilhøyrd lågadelen og var truleg hirdmann under Håkon IV Håkonsson. Han eigde garden Hegranes i Jølster, der Audun vaks opp. Mora skal ha vore austlending. Audun hadde meir enn 30 gardar i Jølster, og arva nok alle desse frå faren - som då må ha vore ein velståande mann. Det er nokre ruinar att av borgen ved Hegranes, som truleg likna på Håkonshallen i Bergen, men var kring halvparten så stor som denne. Ei dør i Ålhus kyrkje skal vere henta frå borgen. Ein borg i stein tyder óg på stor rikdom.

Seglet som er avbilda i denne artikkelen viser Audun som riddar til hest. Omskrifta er «S’Avdoeni Hvglaci Din De Hegrenes», Audun Hugleiksson av Hegranes. Vi kjenner og namnet i forma «Odwyni de Hagernes» frå eit dokument han signerte i 1290. På seglet har han eit skjold med våpen, med ei stilisert rose. Rundt denne er det ei krans av liljer, truleg etter skotsk inspirasjon. Jølster sitt kommunevåpen har eit kors med dette liljemotivet. På Audun sitt kontrasegl ser ein berre våpenskjoldet.

Kona og borna er berre nemnd ein gong, i samband med ei gåve til Munkeliv kloster i 1281.[1] Audun vart gift med ei som heitte Gyrid, som mor hans. Vi kjenner ikkje farsnamnet hennar, men ho kan ha vore frå Eilifsætta i Naustdal. Dei fekk born, men vi kjenner ikkje sikkert namnet på nokon av dei. Men det er ikkje urimeleg at ein Hugleik Audunsson som vart prest i Jølster kan ha vore sonen hans. Etter at Audun vart avretta tilfall jordegodset hans kronen. Så borna han må ha funne andre måter å fø seg på. Dette godset fekk Otte Rømer i 1361 som takk for lang og tro teneste.

Ein teori kring tilnamnet Hestakorn er at Audun var den einaste i Jølster som hadde råd til å nytte havre som hestefor, noko som ikkje var vanleg bland bønder i mellomalderen. Men det kan óg vere knytt til innkreving av ein skatt som har vore omtalt som hestakorn.

Eirik Magnusson omtala Audun som ein frende, noko som tyder på eit slektskap mellom dei.[2] Ein teori er at mora Gyrid var dotter av Audun i Borg, og at dei såleis var skyldfolk til Inga frå Varteig, mor til Håkon Håkonsson. Om dette er rett kan Eirik Magnusson og Audun Hugleiksson ha vore tremenningar.

Truleg fekk han sin første utdanning i Selje kloster, og så var han elev på Bergen katedralskule. Han skal seinare ha studert i Paris, men ein analyse av lovane han var med på å utarbeide peikar óg mot studiar ved universitetet i Bologna. Biskop Arne på Island meinte at han var den visaste mannen i Noreg. Etter studiane i utlandet hadde han lært seg latin, italiensk og fransk, noko han seinare nytta som diplomat.

Lovarbeidet

Denne døra i Ålhus kyrkje skal vere fra Audun sin borg på Hegranes.

Håkon Håkonsson freista å få kontroll over Grønland, Island, Færøyene og øyene nord for Skottland. For å kunne gjere dette måtte han ha fred i Noreg, etter over hundre år med borgarkrig. Reform av dei gamle lovane var eit middel for å skape ein varig fred, og Audun vart sentral i arbeidet med dette etter at han kom attende til Noreg i 1266. Han tok først fatt på ein revisjon av Gulatingslova, så Borgartingslova som vart revidert i 1269 og Frostatingslova i 1270. Samstundes starta dei på arbeidet med å samle desse, og Eidsivatingslova, i ei ny landslov.

I 1273 vart Audun første gong nemnd som sendebod for kongen. Han var då på eit rettsmøte i Bergen. Same året fekk han tittelen stallare; han var då yngre enn dei fleste andre som tittelen. I 1274 vart landslova godkjend på tinga, og Audun fortsatte å arbeid med bylovene som kom dei neste åra, samt Hirdskråen og sættergjerden i Tunsberg i 1277.

Etter at Magnus Lagabøte døydde i 1280 vart den 12 år gamle Eirik krona som konge, og Audun var ein av formyndarane. Ifølge Biskop Arnes saga var han høgst i kongen sitt råd, og han var truleg sentral i arbeidet med ein rettarbot frå 1280 som lovfesta ein antikirkeleg politikk. Erkebiskopen mista retten til å slå mynt, og biskop Arne av Stavanger sine menn vart i 1282 lyst fredlaus av Audun etter at dei hadde nekta å betale leidangsskatt. Kyrkja svarte med bannlysing av fleire av kongen sine menn, mellom anna Hallkjell KrøkedansAkershus. Audun sørga så for at erkebiskop Jon Raude og biskopane Andres av Oslo og Torfinn av Hamar vart lyst fredlause. Fleire bannlysingar av adelege menn følgde. Men Audun gjekk fri, sjølv om han hadde ein sentral rolle. Ein viktig grunn til det var at hun i 1281 hadde sjenka delar av jordegodset sitt til kyrkja.

Krig med Danmark

I 1283 gjekk kong Erik Klipping av Danmark inn i eit forbund med Lübeck, ein av hansabyane. Neste vinter forhandla dei om blokade av Noreg. Våren 1284 fekk hansaforbundet lovnad om at tyskarane skulle få attende sine gamle rettigheiter i Noreg, mot at nordmenn fekk det same i hansabyane. Tyske handelsfolk i Noreg som hadde vorte krenka skulle få erstatning. Men då seilinga tok til litt seinare byrja Alv Erlingsson å plyndra skipa. Sumaren 1284 starta difor ein blokade av Noreg, der berre Bremen haldt seg utafor konflikten – men då vart råka av sanksjonar frå dei andre tyske byane. Erik Klipping slutta seg til blokaden på sainhausten, og kring same tid vart Noreg dømt til å betale ein erstatning på 6000 mark sølv. Tyskarane freista å få med seg England, men dei slutta seg i staden til Noreg. Blokaden vart etter kvart heva, og Noreg betalte så smått ned erstatninga.

I 1286 vart Erik Klipping myrda. Audun satte i 1287 seglet sitt på eit dokument saman med dei som vart skulda for drapet – det er på ingen måte sikkert at nokon av dei hadde vore med på udåden, men dette vart ein del av spelet mellom Noreg og Danmark. Kong Eirik herja med leidangsflåten i danske farvann i 1289, og året etter tok danskane kontroll over to norske borgar. Dei bygde óg ein festning ved Varberg og tok kontroll over ein ved Konghelle. Dei som satt på desse festningane sto utafor lova. Det gjorde som nemnd óg Alv Erlingsson, som vart tatt av danskane i 1290 og avretta. I 1295 vart det endeleg fred mellom Noreg og Danmark, med gode kår for Noreg sin del.

Utanrikspolitikk

Medan Magnus ikkje var interessert i ekspasjon, vart denne politikken teke opp att av formyndarane under Eirik Magnusson. Audun må ha vore involvert i å arrangere ekteskapet mellom Eirik og Margrete Alexandersdotter av Skottland. Ho døydde allereie i 1283 i barsel. Etter at faren hennar, Alexander av Skottland døydde utan arvinger i 1286 kasta Audun seg inn i arbeidet med å sikra at Eirik og Margrete si dotter, Margrete Eiriksdotter, kunne før huset Dunkeld vidare. Det fekk dei til i ein traktat frå 1290, der Margrete vart trulova med Edvard I av England sin son. Ho fekk då tittelen dronning av Skottland.

Ekteskapet mellom Edvard sin son, den seinare Edvard II, og Margrete vart det ikkje noko av. Ho vart sendt til Orknøyene i 1290, men døydde før kroninga, berre sju år gamal. Skottland sto utan monark, og tronfølgja var uklar. Audun kasta seg nok ein gang inn i spelet om den skotska trona. Eirik hadde eit tronkrav – men det hadde óg tretten andre kandidatar. Og å vere enkjemann etter ei skotsk prinsesse og far til ei skotsk dronning som ikkje rakk å verte krona var ikkje det sterkaste kravet. Audun kasta inn inntektene frå Skottland i dei åra vesle Margrete hadde vore dronning, og 100 000 pund i erstatning fordi dei hadde hadde fått ho formelt krona av skottane. Han sørga óg for at Eirik sjølv gifta seg med Isabella Bruce, som var frå ein av dei andre slektene som hadde eit tronkrav. Men det var John Balliol som vart krona som skotsk konge. Men med nær borgarkrigstilstand i Skottland måtte han akseptere Edvard I som overkonge. Som takk for arbeidet med å sikre eit sjølvstendig skots monarki – rett nok med Noreg sine interessar som hovudmotiv – var Audun som første nordmann adla i Skottland i 1293.

Medan det aldri vart nokon allianse mellom England, Skottland og Noreg mot Danmark, gjekk Eirik Magnusson inn i Auld-alliansen mellom Skottland, Frankrike og Noreg i 1295. Den franske og den skotske kongen underteikna sjølv, medan Eirik sendte Audun for å sette sitt segl på avtala.[3] Dette var ein forsvarsallianse retta mot England. Skottland skulle betale Noreg for skip. Men skottane betalte ikkje, og nordmennene stilte ikkje med så mange skip som dei hadde lova. Audun vart teke godt imot i Noreg uansett, for han hadde med seg 6000 mark reint sølv, kring 1200 kg.[4] Dette forskotet var nok til å betale ned den norske utanlandsgjelda til hansaen. Franskmennane skulle óg betale for skip, men det var aldri naudsynt å kalle inn den norske flåten. Alliansen kollapsa året etter, då John Balliol invaderte England og innleia den skotske uavhengigheitskrigen. Sidan det var Skottland som gjekk til åtak, slapp Noreg å bli innblanda i krigen.

Unåde og avretting

I 1299 døydde Eirik Magnusson, og broren Håkon V Magnusson tok over trona. Noko av det første han gjorde som konge var å arrestere Audun og ein annan jurist og medlem av rikskanselliet, Bjarne Lodinsson. Bjarne hadde gått i forbund med hertug Erik Magnusson av Södermanland, og såleis provosert kongen. Audun hadde sin eigen hird, sidan han var stallare, eller baron. Han nytta ikkje den for å ta seg ut av arrest. I tre år satt han i eit fangehol. Mot slutten av 1302 vart han dømd til døden, og den 2. desember vart han hengdNordnes i Bergen. Dette var ein vanærande straff, passande for tjuver. Det finst ingen kjelder som fortel om saka mot Audun, så vi veit ikkje konkret kva han vart skulda for. Men bakteppet for det heile er den sterke posisjon han hadde fått seg som formyndar for Eirik – han var for sterk for Håkon, og måtte vekk. Ein kan tenke seg at han formelt var dømd for ein form for underslag eller tilraning av krona sine penger, men det er all grunn til å tru at det eigentleg låg politiske motiv bak. Den vanærande straffa kan óg ha passa kongen godt; det var mindre fare for at Audun skulle verte ein slags martyr om han stod att utan ære.

I 1952 hadde høgsterettsadvokat Gustav Heber granska saka, og meinte at både fengslinga og dødsdomen var i strid med gjeldande lov. Han kravde at riksadvokaten skulle frikjenne Audun Hugleiksson frå det han meinte var eit justismord.

Minne om Audun

I 1960 vart ein minnestein med ridderseglet reist på Ålhus av Sunnfjord sogelag. Det er óg ein stein som markerer staden der borgen han stod. På Ålhus vert Hugleikssonspelet, skrive av Edvard Hoem, sett opp annakvart år.

Det er ein del segner om Audun. Mellom anna vert det sagt at han grov ned sølvet sitt før han drog til Bergen for siste gong, og at han senka eit sølvbort i Jølstravatnet. Det offisielle Noreg brydde seg lite med Audun etter at han var død, men i folkevisene finn vi ham. Fleire segner og folkeviser fortel om avrettinga av Audun, men ingen av dei er truverdige. Saka til Audun og skjebna til borna hans er nemnd seinare óg, i Sigrid Undset sin trilogi om Kristin Lavransdatter.

Referansar

  1. DN XII, nr. 5.
  2. DN XIX, nr. 398 har det latinske carum consanguineum et secretarium nostrum, 'vår kjære frende og sekretær'.
  3. DN IXI, nr. 4.
  4. DN XIX, nr. 402.

Kjelder og litteratur