Breidablik (avis)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Breidablik var ei avis som vart utgjeve av dei frilynte ungdomslaga i Nord-Østerdalen, Røros og Gauldalen frå 1894 til 1920. Ambisjonen var å ha ei avis som stimulerte til debatt og som talte ungdommen sin sak. I røynda vart Breidablik meir til eit litterært prosjekt, der ein rekke kjende diktarar og forfattarar bidrog.

Den første redaktøren var Magnus Hamlander, medan den radikale Venstremannen Anders Kirkhusmo var leiar i bladstyret. Blant seinare redaktørar finn vi Petra Kvisli og Haakon Garaasen. Bland dei som skreiv i avisa kan nemnast Oskar Bjørnstad, Johan Bojer, Jacob Breda Bull, Elias Blix, Olav Duun, Lars Eskeland, Johan Falkberget, Arne Garborg, Hulda Garborg, Anders Hovden, Sven Moren, Per Sivle og Anders Vassbotn. Det kom òg nokre bidrag frå riksmålsfolk som Knut Hamsun og Bjørnstjerne Bjørnson.

Avisa fekk kring 1200 abonnentar på det meste, og sleit økonomisk. Det kom for det meste ut ein gong i veka, men i periodar var det lengre tid mellom. Fleire gonger vart drifta innstilt, for så å starte opp att. I 1909 freista redaksjonen å utvide nedslagsfeltet til ungdomslaga over heile Austlandet, og dei klarte å gje ut bladet med nokre avbrekk fram til 1920. Då hadde konkurransen frå målbladet BondenLillehammer vorte for sterk. Då Austland vart skipa i 1922, rekna ein det som ei vidareføring av både Bonden og Breidablik.

Litteratur

  • Flo, Idar André og Hans Fredrik Dahl (red.): Norsk presses historie 1-4 (1660–2010) B.4. Utg. Universitetsforlaget. Oslo. 2010 Digital versjonNettbiblioteket..