Dialekt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ein dialekt (av gresk διάλεκτος) er ein geografisk definert språkvariant innaføre eit dialektkontinuum, og som av språklege, politiske eller andre grunnar kan bli rekna inn under same språk eller ikkje — jfr. sosiolekt (sosialt definert språkvariant) og idiolekt (personleg språkvariant). Dei aller fleste språka som blir tala over eit språkområde som inkluderer meir enn eitt lokalsamfunn vil ha dialektforskjellar.
I samband med norsk lokalhistorie er det først og fremst desse dialektgruppene som er aktuelle:
- skandinaviske dialektar (med skriftspråka dansk, bokmål, nynorsk og svensk)
- austnorske dialektar
- vestnorske dialektar
- vestlandske dialektar (Sørlandet, Vestlandet opp til Romsdal)
- nordnorske dialektar (Nordland, Troms, Finnmark)
- samiske dialektar (med mange skriftspråk, inkludert sørsamisk, lulesamisk, nordsamisk, enaresamisk og skoltesamisk)
- sørsamiske språk (inkl. skriftspråka sørsamisk og umesamisk)
- sentralsamiske språk (inkl. skriftspråka pitesamisk, lulesamisk, nordsamisk og enaresamisk)
- pitesamisk
- lulesamisk
- tornesamisk
- finnmarksamisk
- enaresamisk (ligg mellom sentral- og austsamisk)
- austsamiske språk (inkl. skriftspråka skoltesamisk og kildinsamisk)
- finske dialektar (med skriftspråka finsk og kvensk)
Kjelder og litteratur
- Dialekt i Store norske leksikon.