Frithjof Stoud Platou

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «F.S. Platou»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Frithjof Stoud Platou fullførte Horngården på Egertorget i Oslo etter Lars Backers død i 1930.
Foto: Stig Rune Pedersen (2017)

Frithjof Stoud Platou (født 21. august 1903Hamar, død 12. august 1980 i Oslo) var utdanna ved den tekniske høgskolen i Zürich i 1926. Han vart deretter arkitektassistent hos Lars Backer, Oslo 1927-28 og fullførde etter Backers død mellom anna HorngårdenEgertorget, eitt av funksjonalismens pionerverk i Norge. I 1930 oppretta han eige arkitektfirma i Oslo, med Sverre Olsen, som seinare vart Steinkjers fremste arkitekt, som medarbeidar i eitt år. Firmaet vart etter kvart eit av dei største arkitektkontora i landet.

I Molde teikna han Hotell Alexandra i Storgata 1, i 1950. Parkplanen omkring hotellet vart laga av Njål Bele i 1954. I Bodø har han tegna Fylkets Hus i Prinsens gate 100, i 1960.

I 1947 tegna han Skaidi skysstasjon og fjellstue på Finnmarksvidda saman med Ragnvald Mack, i 1962-64 Skogfoss kraftverk i Sør-Varanger, og han har også tegna Vadsø gymnas.

Blant hans arbeid utanom gjenreisingsbyane kan særleg nemnast to av Marienlystblokkane (Kirkeveien 112–114) i dåverande Aker (1934–1936) og Oslo trygdekontor i Tordenskiolds gate 12 i Oslo (1937) i åra før krigen, og etter krigen Kon-Tiki-museet (1950), Kommunenes Hus (1956-1957), Mogens Thorsens og Hustrus Stiftelse (1957-1958), Philipsbygget (1956–1958, revet 2000) og Rikstrygdeverket (1958-1960) i Oslo.

Nokre arbeid

Kjelder og lenkjer


Senter for gjenreisningsarkitektur logo.jpg Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.