Forside:Saltfjellet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Om Saltfjellet

Saltfjellet (bokm./nyn.) eller Sáltoduoddar (pitesam.), òg skrive Sáltoduottar (nordsam.) og Sálltoduottar (lules.), er eit høgfjellsområde mellom Rana og Saltfjorden i Nordland fylke. I trongaste meining blir namnet brukt om høgfjellsområdet mellom Dunderlandsdalen, Svartisen, Saltdalen/Junkerdalen og grensa mot Arjeplogs kommun i Sverige. Dette området dekkjer delar av kommunane Rana, Saltdal og Beiarn. I vidaste meining blir områda kring Svartisen og ned mot kysten medteke — og dermed delar av Gildeskål, Meløy og Rødøy kommunar. I samisk samanheng utgjer Saltfjellet (i vidaste meining) og området kring Saltfjorden i Nordland fylke så vel som den nordlige delen av Arjeplogs kommun i Norrbottens län kjerneområdet for pitesamisk kultur. I bondesamfunnet utgjer Saltfjellet derimot grensa mellom distrikta Helgeland og Salten.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Saltfjellet (bokm./nyn.) eller Sáltoduoddar (pitesam.), òg skrive Sáltoduottar (nordsam.) og Sálltoduottar (lules.), er eit høgfjellsområde mellom Rana og Saltfjorden i Nordland fylke. I trongaste meining blir namnet brukt om høgfjellsområdet mellom Dunderlandsdalen, Svartisen, Saltdalen/Junkerdalen og grensa mot Arjeplogs kommun i Sverige. Dette området dekkjer delar av kommunane Rana, Saltdal og Beiarn. I vidaste meining blir områda kring Svartisen og ned mot kysten medteke — og dermed delar av Gildeskål, Meløy og Rødøy kommunar. I samisk samanheng utgjer Saltfjellet (i vidaste meining) og området kring Saltfjorden i Nordland fylke så vel som den nordlige delen av Arjeplogs kommun i Norrbottens län kjerneområdet for pitesamisk kultur. I bondesamfunnet utgjer Saltfjellet derimot grensa mellom distrikta Helgeland og Salten.   Les mer …

Tospråklig vegskilt ved Árjepluovve (pite- og lulesamisk) / Arjeplog (svensk) i Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige.
Foto: Bjørn Utne
(2008)
Pitesamisk (pites. bidumsámegiella; lules. bihtánsámegiella, bihtámasámegiella; nordsam. biđonsámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk med tre dokumenterte dialektar som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og, i mindre grad, Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord, og desse to blir ofte gruppert saman — enten som «vestsamisk» eller som dialektar av lulesamisk. Den sørlige naboen umesamisk ligg derimot nærmare sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk blir rekna som utdøydd som morsmål i Noreg og er sterkt truga i Sverige.   Les mer …

Sæjjde (offerstad) og beitande tamrein ved StødiSaltfjellet.
Foto: Olve Utne, mars 2010.
Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur til innsjøen Saddai i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010.   Les mer …

Planteikning utført av okkupasjonsstyret.
Krokelva fangeleir var ein tysk fangeleir omlag 300 meter nordom den seinare Semska stasjonSemska i Saltdal kommune under andre verdskrigen. Leiren vart etablert i 1942 og oppløyst ved den tyske kapitulasjonen i mai 1945. Krigsfangane var sett til tvangsarbeid på Blodvegen. Ved kapitulasjonen var det 790 fangar der. 364 fangar omkom i løpet av åra leiren var i drift. Dei attlevande fangane sette opp eit minnesmerke i 1945. Dette minnesmerket vart sprengt av dei norske myndigheitene i samband med Operasjon asfalt i 1950, og dei einaste spora etter leiren i dag er overgrodde levningar i landskapet.   Les mer …

Bolna stasjon en vinterdag i 1957
Foto: Jac Brun/Nasjonalbiblioteket
Bolna stasjon i juli 2012.
Foto:  Olve Utne
Bolna stasjon er ein jarnbanestasjon på strekninga mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjonNordlandsbanen. Stasjonen ligg på Bolna (pitesam. Båldno, lules. Bållná) i Rana kommuneHelgeland. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Stødi stasjon og Lønsdal stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal.   Les mer …

Søjjdden på Stødi.
Foto:  Bjørn Utne
Stødi er ein stad lengst nord i Rana kommune, på grensa til Saltdal kommune. Stødi ligg ved det høgaste området, kring 700 moh., av fjellpasset mellom Dunderlandsdalen og Saltdalen. Aust-søraust for Stødi ligg toppen Sváńgavárre (904 moh.) nærmast, og austom denne att Sváńga (Svangsfjellet) mot grensa til Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige. Vestom passet ligg Bolnatind (1389 moh.). Frå gammalt av er Stødi særlig kjent for sæjjden — ein samisk offerstad som var i bruk fram til innpå 1800-talet. Frå 1947 til 1949 var det haldeplass på Nordlandsbanen her, og frå 1950 til sommaren 1967 hadde Stødi status som jarnbanestasjon. Rett nordom stasjonsområdet og austom jarnbanelina ligg Semska–Stødi naturreservat, som blei etablert i 1976.   Les mer …
 
Eksterne ressursar
Forside:Saltfjellet/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Saltfjellet
ingen underkategorier
 
Andre artiklar