Ivar Lund (1871-1904)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
«Kristianiarealisten». Fra Akerselven. Målarstykke av Ivar Lund. Udatert. Nasjonalmuseet.
Ivar Lund (fødd i Skjåk 17. januar 1871, død i Kristiania 22. februar 1904) var husmålar, kunstmålar og grafikar. Som kunstnar er han mest kjend for ei rekkje bilete frå fabrikk- og fattigstrok langs Akerselva i Kristiania. Kjent er også debutmåleriet på haustutstillinga 1899, «Husandagt», som portretterer foreldra og gjev eit innsyn i den kristelege heimen han voks opp i. Han døydde ung, og fekk berre sju-åtte år som kunststudent og utøvar. Han vart funnen omkomen aleine på hybelen sin, råka av blodstyrting, utan at nærare diagnose er klårlagd.
Ivar Lund (til høgre) saman med broren, gullsmed Set Lund ( f. 1882). Bletet skal vere teke i Stockholm
Foto: Ukjent
Ivar Lund. Etter portrett i olje måla av Severin Grande 1899. Norsk portrettgalleri (Riksantikvaren).

Bakgrunn og familie

Foreldra var Ole Sylfestsen Lund frå Eide i Lundagrenda i Skjåk (1831-1912) og Embjørg Knutsdotter frå Flekkøy i grenda Øygardane i same bygda (1840-1914). Faren var lærar og kyrkjesongar i Nordberg sokn i Skjåk.

Familien dreiv i tillegg småbruket Austin, som dei sjølve hadde rydda og dyrka opp. Kyrkjesongar Lund var ein leiarfigur i eit konservativt og pietistisk miljø som hadde betydeleg innverknad i bygda i si tid. Han var også lekpredikant, kjend vide omkring i det haugianske og johnsonske kristelege miljøet over store delar av landet. Også to farbrør av Ivar Lund var kjende som lekpredikantar.

Ivar var den femte i rekkja av ein syskenflokk på ti, fødde i tidsrommet 1861-1885. Det var openbert ein syskenflokk med mangfaldige talent og tiltaksevne. For eksempel vart ein av dei lege i Amerika (Knut, fødd 1866), ein annan vart gullsmed (Set, fødd 1882), og Ivar vart altså kunstmålar. Dette var livs- og yrkesval som ikkje kan seiast å ha vore sjølvsagde vegar å gå for ungdomar frå økonomisk beskjedne kår i ei fjellbygd på den tida. Kan hende kan farens og onklane sine nettverk innan lekmannsrørsla ha gjort sitt til at Ivar kom seg ut som handverkarlærling.

Handverkar

Det skal ha teke til med at husmålaren Lars Midttun frå Voss (Vossa-Lars) kom til Austin for å måle stugubygningen der rundt 1890. Ivar fekk vere med og hjelpe til i arbeidet, og han fatta interesse for handverket. I 1892 kom han til Trondheim i målarlære, og var utlærd svein i 1896. Våren 1896 drog han til Kristiania for å praktisere yrket der, og truleg også med ein medviten tanke om å søkje kunstutdanning. Han heldt fram med å livnære seg delvis av målaryrket alt medan han vidareutdanna seg til kunstnar.

Kunstutdanning

Det same året han kom til Kristiania, vart han oppteken på Den Kongelige Tegneskole (den seinare Kunst og handverksskolen.) I 1898 tok han vidare utdanning ved Fredrik Kolstøs målarskule i Kristiania. Han hadde eit kortare studieopphald i Stockholm i 1900, og eit års opphald ved Krøyers målarskule i København (1901-1902), med den naturalistiske målaren Laurits Tuxen som hovudlærar.

Tilbake i Kristiania fekk han undervisning av Erik Werenskiold, og han kom i inn ved den nye raderklassen (grafisk biletproduksjon) under Johan Nordhagen, fyrst ved kveldsskulen i november 1902, så i dagskulen frå januar 1903. Desse to siste åra av livet sitt budde han også ein del av tida i heimbygda Skjåk innimellom skulegangen og arbeidet i Kristiania.

Verk og vurderingar

Ivar Lund vart lagt merke til frå debuten på Statens kunstutstilling (haustutstillinga) i 1898. Kunsthistorikarar har plassert han som «nyrealist» saman med ein krins av kunstnarar og personlege vener som Hans Ødegaard, Severin Grande og Anders C. Svarstad. Deira naturalistiske motivval og målemåte blir framhalde som ein reaksjon på 1890-åras nyromantikk og symbolisme. Både Lund og dei nemnde kollegaene måla ei rekkje bilete frå austkanten i Kristiania, arbeidar- og industristrok særleg langs Akerselva, og er også blitt omtala som «Kristianiarealistane».

Lund måla elles sjangerbilete (skildringar av daglegliv), portrett og landskapsskildringar andre stader frå enn hovudstaden.

Han vart rekna som ein habil grafikar, men fekk lite tid til å utvikle seg innan denne sjangeren før han døydde.

Ivar Lund vart sett på som meir enn lovande. Han hadde bilete på Haustutstillingane 1899, 1901, 1902 og 1903. Posthumt var han representert på utstillinga Norske konstnärers arbeten ved Kungliga Akademien för de Fria Konsterna i Stockholm 1904, på jubileumssutstillinga i Kristiania i 1914, og på den retrospektive utstillinga Høstutstillingen gjennem 25 år, Kunstnernes Hus, Oslo, 1932.

Han vart innkjøpt av Nasjonalgalleriet, Oslo, Oslo Bymuseum og Rasmus Meyers Samlinger i Bergen.

Galleri

Kjelder og litteratur