Johan H. Heitmann (1664–1740)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein los i uniform frå før 1800, av Johan Friedrich Leonard Dreier, ca 1812-1815.

Johan H. Heitmann [1](fødd 1664, død 6. juli 1740 i København) var skippar, los, kartograf, kaperkaptein, salmediktar og forfattar.

"Hemnes omkring år 1800. I forgrunnen Sund." Akvarell av Else Marie Walnum Hersleb (1776-1838),
svart/kvit kopi i bokutgåva,
fargelagt av Øyvind Heitmann 2023.
"En Nordfar Jagt i Udladning", Jekt i nordfarhandel under avlessing, Johan Friedrich Leonard Dreier, ca 1812-1815

Slekt og familie

Johan Hansson Heitmann var son av Hans Henriksson Heitmann (ca 1636-1696), namnet på mor hans er ukjent.
Johan hadde søskena Else(?) f. 1660, Jacob f. 1666, Svend f. 1671 og Hans f. 1689(?).

Hans Henriksson var borgar av Trondheim, uteliggarborgar, handelsmann, jekteeigar og gardbrukar. Nokre hevdar at han også var lensmann, men dette er ikkje klart ut frå kjeldene. Han dreiv gardsbruket Sjøgarden[2] på Sund ved Hemnesberget i Hemnes i Rana frå 1675 til 1700. Ei kongeleg forordning av 1685 tillet vintersitting i borgarleiet (overvintring utanfor byen), på vilkår av at borgaren ikkje dreiv omførselshandel med varene, og at han frakta nordover minst 10 lester kornvarer i kvar jekteladning. Det kan derfor vera at familien ikkje var fast busett i Sund før 1685.

I 1700 blei Johan gift med Anna Marie Nordborg, to år seinare fekk dei sonen Andreas. Same året gjekk huset deira tapt i ein bybrann, då flytta den vetle familien til Christiania. Dei fekk sidan også sønene Henrik, Daniel og Johan. Henrik døydde kanskje som ung, sidan han berre er nemnt denne eine gongen:
8. oktober 1706 var det dåp i Oslo Domkirke, for Jan Hansen Heitman og Anne Marie Anders Daatters Barn Hendrich[3].
Knapt to år etter, 4. august 1708, var det dåp for tvillingane Daniel og Johan[4]. 10. oktober same året var det storbrann i Oslo, då mista dei igjen alt dei eigde.

Som vaksen fekk eldstemann Andreas stilling i Generalforstamtet som holzförster (forstmann, skoginspektør)[5] i Nedenes (Aust-Agder) ved sida av å vera skippar og kartmakar som faren. Daniel og Johan var elevar ved Katedralskulen i Christiania, og sidan studentar ved Universitetet i København. Daniel blei engasjert i landbruket i Danmark og skreiv fleire artiklar om utskifting og nye arbeidsmetodar. Han blei sidan utnemnt til dansk krigsråd (det er uvisst om han berre fekk dette som ein ærestittel, eller om han var med i det kollegiet som styrte forsvaret av landet saman med kongen). Johan jr. var med faren på iallfall ei sjøferd, med Den Gyldne Løve i 1730[6]. Elles veit vi lite eller ingenting om han.

Liv

Kjeldene[7] er noko usamde om Heitmann var fødd i Trondheim eller i Hemnes i Rana. Også fødselsåret 1664 kan vera litt usikkert. Det er uansett klart at det var ein gut med spesielle evner, som faren gjerne ville senda på Katedralskulen i Trondheim, men det blei ikkje noko av. Han arbeidde truleg saman med faren i jektefart og handel, og blei med det godt kjent på kysten frå Bergen og nord i Finnmark. Han vaks opp i ei vanskeleg tid[8][9] for nordlendingane, og forsto sikkert også kor farleg livet på sjøen var når det ikkje fanst kart eller fyr, knapt nok sjømerke å hjelpa seg med.

I 1698 drog han til Andreas Laus (Louson), Navigationens Mester i Bergen, for å læra Styrmands Konsten. Ferdig utdanna segla han frå Tanaelva i nord til Nederland i sør og vann seg ry som den bedste Pilot (los) i Noreg.

I 1713 var familien Heitmann ein av berre tre skatteytarar i "Gammel Byen" i Christiania, og dei betalte 3 riksdalar i skatt[10][11]. I 1716 var familien flytta til eit hus i det litt betre og travlare Vestre Qvarteer, no betalte dei 5 riksdalar i skatt. Dette tydar på at dei var komne over kneika økonomisk[12] I 1720 var han ført opp i manntalet for Christiania med borgarbrev [13]. I 1721 budde dei i same området og skatta som før. Gamlebyen var då vakse til 7 familiar, medan det var over 80 familiar i "Westre Qvarteer". [14] Skatten var lik også året etter [15]. Manntalet for 20. mai 1722 omtalar han som Johan Heitman, Söe Capitain og har Skibspart, framleis i "Westre Qvarteer"[16].

I 1730 fekk han stilling som kaptein i Dansk Ostindiske Kompagni[17], som då var på veg til å skipast oppatt som Asiatisk Kompagni[18], og flytta med kona til København. Der var allereie sønene deira Daniel og Johan flytta for å studera.

Kart og handel

Los eller kartmakar med vanleg utstyr ca 1650.
Th. Jacobsz.: 't Nieuwe en Vergroote Zee-Boeck /
Dat is Loots-Mans Zee-Spiegel, Amsterdam 1657.

I åra 1702-08 laga Heitmann kart over norskekysten på oppdrag frå visestatthaldar Frederik von Gabel [19]. Oppmålinga til karta gjorde han på handelsreiser ("koffardis")[20][21] han ordna seg når det var ver til å segla, og så lagde han karta ferdig heime i Christiania om vintrane. Heitmann førte i 1704 hukkerten "Den flyvende Mercurius"[22] på 21 lester for statthaldar Gabel. I november 1708 førte han "Engelen Gabriel" av Christiania[23], 248 lester, som eitt av fire skip frå Oslo i retning Spania, Portugal eller Kanariøyane. Han hadde mest truleg med trelast, og skulle ta salt med heim.

Sidan von Gabel døydde i juni 1708, fekk ikkje Heitmann lenger støtte til arbeidet med kartverket. Derfor reiste han til Amsterdam same året for å få karta sine utgitt, og dette gjorde etterkvart til at Johannes van Keulen trykte dei første utgåvene av karta over Nordsjøen i 1710 og Oslofjorden i 1714.

I 1713 kom Jonas Ramus med ei ny utgåve av boka "Ulysses & Outinus unus & idem", og då var det komme med eit kart som byggjer på kartmateriale frå Johan Heitmann, det såkalte Halogia-kartet[24]. Det store anonyme kartet bak i "Norriges Kongers Historie" av Jonas Ramus, København 1719[25], skal også byggja på Heitmann sitt arbeid, noko som kjem tydeleg fram av skildringa av Nordland fylke[26]. Dette kartet blei også brukt i eit tysk atlas utgitt ca 1750 av Moritz Bodenehr.[27]

Ein ny versjon av Oslofjordkartet med meir av ytre delen av fjorden blei gitt ut av van Keulen i 1726. Dette er også i store trekk Heitmann sidan det har med detaljar som eit skipsvrak ved "Missing", og landformene er også mykje like den første versjonen.

Kartgalleri

Kaperkaptein

Delvis fargelagt tresnitt, detalj frå forside, tittelblad, En Ny Viise Om de Søefarendis veemodige Klagemaal, Johan Heitmann 1704.
fargelagt av Øyvind Heitmann 2023.

I heile 17 år, frå 1712 til 1729, hadde han privilegiebrev, "bestalling som extraordinair commis-capitain"[30]. Løyve fekk han frå sjefen for den danske flåten, Ulrik Christian Gyldenløve, fram til denne døydde i 1719. Ein kaper eller kommisfarar er ein som får beslagleggja fienden sine skip i eit "statsautorisert sjørøveri".[31][32] Kaprarskipa var handelsskip utrusta med våpen, og dei fungerte i tillegg til kapringa i det minste som ein slags reserve for den eigentlege marinen. I 1716 gjorde han seg bemerka "for sin kjække Optræden under Carl XII’s Beleiring[33] af Akershus" [34]. Han blir kalt "Hans Hansen Heitmann" her, men det er feil for Johan :

"En af Christianias Borgere, Styrmand og senere Handelsmand Hans Hansen Heitmann, havde, medens de fleste af hans Standsfæller vare flygtede bort, givet en smuk Prøve paa Kjækhed og Aandsnærværelse. Hans Heitmann, der tidligere havde faret som Overkonstabel paa Spanien og Portugal (rimeligvis paa et Defensionsskib), havde under Beleiringen frivillig taget Tjeneste paa Fæstningen og stod her ved den nu ganske sløifede «Myntens» Bastion, hvorfra Kongensgade og Kirkegaden bleve bestrøgne. En Nat var Ild opkommen i et af de nærmest under Akershus liggende Kvartaler, og Røgen og Dampen fra Brandstedet bares af Vinden lige mod Fæstningen, saa at man ikke kunde se, hvad Fienden foretog sig; man maatte altsaa frygte for, at denne skulde benytte Leiligheden til at overraske Akershus. Ingen turde nu vove sig ned i Byen for at dæmpe Ilden, førend Heitmann godvillig tilbød sig at gjøre det, om et halvt Snes Mand vilde følge ham. Kun to vare at formaa dertil, men med dem lykkedes det ham under største Livsfare to Gange efter hinanden at komme hen til Brandstedet og tilsidst at faa Bugt med Ilden. Kommandanten, Klenow, tilsagde ham en Belønning, da han med forbrændte Klæder vendte tilbage, men den udeblev. Først da Heitmann 19 Aar senere ved Autoriteternes saavelsom ved Vidners Erklæringer godtgjorde, hvad han havde udrettet, tilstodes der den, som det synes, forarmede og trængende Mand en aarlig Pension af 20 Rigsdaler."[35]

Han var året etter kaperkaptein med skipet „Engelen Michael" av 248 Læster (500-750 tonn last) [36], utstyrt med 24 kanonar, den førte trelast for eigarane som var to enker og to brør[37]. I denne delen av den store nordiske krigen kjempa også admiral Peter Wessel Tordenskjold mot svenskane på kysten av Noreg og Sverige. Krigen var slutt i 1720, men ordninga med kaperskip fortsette likevel. 31. august 1723 er Heitmann skipper på "Skibet Pagtens Engel, nu paa Reisen til Spanien". Også i denne var det plass til 248 læster, og "36 Söefolck til besætning behöves"[38]. To år seinare er det notert at han er "seiglet til Portugal" med den same skuta. Det står også at Pagtens Engel er bygd i Holland og no utstyrt med "deffension" - dvs kanonar[39][40]

Forfattarskap

Johan Heitmann var ein ranværing med mange spesielle evner. Han var særleg i Nord-Noreg og på Mørekysten lenge kjent for ei rekke pietistiske salmar, og andaktsboka hans som gjekk under namnet "Sjymainn", var fast tilbehør i kvar skipskiste. Denne boka blei gitt ut i minst 22 utgåver på norsk, og minst ei på tysk[41]. Sjølv den kjente Svend Foyn hadde "Sjymainn" med seg i Ishavet. Salmane var ikkje alltid hans eigne, det var ofte det at dei var gamle og kjente som gjorde dei populære.[42][43] Særleg bønene og versa hans for morgon og kveld dei ulike dagane var slikt som heldt seg lenge i minnet hos kystfolket:[44]

Søndagsrimet:

Nu er det søndag, min sjæl vær tilrede
dig at nedbøie for himmelens Gud.

Dette var for laurdag kveld:

Nu er atter endt en uge,
se, saa løber tiden hen !
Herre, hjælp os vel at bruge
vores tid, som er igjen.

Men Heitmann skreiv ikkje berre religiøse tekstar. Han skreiv vitskapleg om nordlyset, om varmen frå sola, om kalenderordningar[45] og om mål og vekt. Han var eit barn av opplysningtida, og må ha lese både Descartes[46] og Newton[47]. Ein god presentasjon av Heitmann sine teoriar finn vi i Juvik: Johan Hanssøn Heitmann, en "Hemnesværing" med teorier om sola og nordlyset på 1700-tallet, i: Årbok for Rana 2000.[48] Meir om både forfattarskap og kartteikninga er å finna i Mykletun: Fra Helgeland til Ballybunion - Johan Heitmanns liv og skjebne, i: Årbok for Helgeland 1983.[49]

Fleire av tekstane hans blei aldri gitt ut, nokre av manuskripta blei rett og slett borte. Mens han var i Dublin i 1737, fann han tid til å omsetta ei bok om Nord-Carolina. Dette handskriftet blei ikkje utgitt, men finst no på Det Kongelege Biblioteket i København. [50]

Heitmann engasjerte seg tydelegvis sterkt i samfunnsaktuelle tema. Han skreiv det vi nesten må kalla eit debattinnlegg mot tobakksrøyking, men av det er det dessverre berre bevart nokre fragment som blei oppdaga i Nasjonalbiblioteket i 2015.[51]

Salmesamlaren og andaktsdiktaren Heitmann var sikkert påverka av Petter Dass. Riktignok blei alle Dass sine verk utanom eitt dikt utgitt etter han var død i 1707, men innhaldet var nok kjent i Nordland før dei blei trykte. Viktigare er det at Petter Dass var residerande kapellan i Nesna[52] frå 1681, og dermed faktisk også prest kvar fjerde helgedag i Hemnes kirke. Derfor har Johan Heitmann heilt sikkert opplevd Dass på preikestolen. Bygdediktaren Per Davesa (Per Davidson Forsmoen, ca 1695-1777) frå nabobygda Elsfjord imiterte stilen til Petter Dass, men kan også ha vore inspirert av Heitmann.
Forøvrig er det sannsynleg at Heitmann kjente andre samtidige nordlendingar som Hans Egede og Povel Juel.

Losvesenet

Betænkning om Losvæsenet, Johan Heitmann, Jacob Kaae, Gunder Engebretsson, 2. april 1723
Johan Heitmann sin signatur.
Som vi ser, skreiv han namnet sitt "Heitman".

Johan Heitmann var ein av tre som stod bak ein uttale[53] om det nye losvesenet frå "fornemme Borgerskap og Skippere" i Oslo. Admiralitetet hadde i 1720 innført ein losadministrasjon[54]: Kysten var delt i to overlosdistrikt, desse igjen delt i losoldermannskap, tenesta regulert ved instruksar, og takstar fastsette. Ingen måtte losa utan å ha fått lospatent frå ein av overlosane. Det var statthaldar Ditlev Vibe som i februar 1723[55] ba magistratane i alle kystbyane på Austlandet om å finna ut korleis stemninga i folket var, sidan han hadde oppfatta at det var ein viss motstand mot nyordninga. Folk reagerte på at det ikkje lenger var lov for alle som ville å melda seg som los, og skipparane var ikkje einige i betalinga for losane.

Borgarane var samla til møte på Rådstuen 19. mars, og etter det sette Johan Heitmann, kjøpmann Jacob Kaae[56][57][58][59] og skippar Gunder Engebretsson[60][61][62] seg saman for å forfatta skrivet. Dei brukte fine ord, men meininga var klar: Dei ville at ting skulle vera som dei var. Det var best om dei fekk vera los dei som ville vera los, og dei betalte dei som trong los. Eit "losvesen" kom til å bli både dyrt og inngripande. Etter brevet frå dei tre følgjer det i arkivet brev frå mange av kystbyane rundt Oslofjorden, med tildels skarpare formuleringar og kvassare underskrifter.

Losvesenet blei etter dette innført gradvis. Frå 1725 måtte alle skip i fart til eller frå utlandet, ha los[63]. Først i 1732 kom det eit tydeleg reglement[64] for losane.

Den Gyldne Løve

Den Gyldne Løve måla av Paul B Sinding.

Utdjupande artikkel: Den Gyldne Løve

Den første turen 66 år gamle Heitmann skulle gjera for Asiatisk Kompagni, var med fregatten "Den Gyldne Løve"[65] til kolonien Trankebar (no Tharangambadi) i India. Lasta var verdifull, 12 kister med sølv i myntar og sølvbarrar, for til saman 80.000 danske riksdaler eller £ 16.000.

Den 8. november[66] 1730 kom Den Gyldne Løve inn i stormfullt vêr, ho var då utanfor kysten av Irland. Når det først blei ropt "land i sikte" og "brenning forut", var dei overtydde om at det var "Eiland Brasil"[67], ei øy sjøfolk og kartmakarar på den tida meinte skullle ligga 50 mil utanfor kysten av Irland. Det gjorde at dei kan ha lagt kursen lengre aust, for å komma innom øya, noko som berre gjorde at dei endte opp rett mot irskekysten.

Skipet stranda ved landsbyen Ballyheige[68], etter at mannskapet med vilje sette det på grunn der. Den lokale godseigaren Thomas Crosbie sende tenarane sine ut for å komma kaptein Heitmann til unnsetning og stansa ei stor folkemengd som prøvde plyndra skipet. Han gav kapteinen og offiserane husly på Ballyheigue House, saman med den store og dyrebare lasta. Med dårleg helse etter å ha anstrengt seg for å redda mannskapet, døydde Crosbie kort tid seinare. Etter nokre månader innleidde enkja Lady Barrymore eit bergingskrav som endte med at ho blei tilkjent 4000 pund. Dramaet var likevel berre såvidt begynt !

Tidleg i juni 1731 blei Crosbie-eigedommen storma av minst 60 menn [69] som slapp unna med dei tolv sølvkistene. Å finna dei ansvarlege for ranet blei ein langdryg affære. Mistanken fall snart på Crosbie-familien og andre jordeigarar. Kaptein Heitmann hadde ikkje noko særleg tillit til domstolen i County Kerry, og han ønska at saka skulle behandlast i Dublin. Saka opna til slutt i Dublin i november 1735 og endte i frifinning av dei mistenkte rikfolka. Heitmann vende endeleg tilbake til Danmark i 1740, 76 år gammal og døydde kort tid seinare.

Restane av vraket kan framleis ligga på stranda i Ballyheigue, men sidan det er så mange vrak i området, er det vanskeleg å vera heilt sikker på kva som er det rette. Eit dokument frå rettssaka viser imidlertid til at skipet blei berga og Sir Crosbie "brought it at sea again and promised to pay therefor."[70][71]

Bibliografi

  • Juvik, Lars Hansen, 1999. Annotert bibliografi over Johan Hanssøn Heitmann : med en kort biografi, Nordlandica; Nordland fylkesbibliotek, 1999

Referansar

  1. https://nbl.snl.no/Johan_Heitmann Johan Heitmann i Norsk Biografisk Leksikon
  2. https://caolsson.wiki.zoho.com/063-Sund.html Hemnes Gård og Slekt, Erling Nordli 1992, side 347-366, her i digital versjon ved Hemnes kommune, Rana slektshistorielag, Carl-Anders Olsson 2012
  3. https://media.digitalarkivet.no/view/7231/95 Oslo domkirke Kirkebøker, SAO/A-10752/F/Fa/L0002: Ministerialbok nr. 2, 1705-1730, s. 123, Fødte og døpte 1706
  4. https://media.digitalarkivet.no/view/7231/108 Oslo domkirke Kirkebøker, SAO/A-10752/F/Fa/L0002: Ministerialbok nr. 2, 1705-1730, s. 136, Fødte og døpte 1708
  5. https://dokumenteneforteller.wordpress.com/2016/02/10/generalforstamtet/ Generalforstamtet
  6. https://tidsskrift.dk/mfs_aarbog/article/view/96484/145331 O'Rourke, Andrew 1996. Captain Johan Heitman, DEN GYLDNE LØVE and the Danish Silver Robbery (Kaptajn Johan Heitman, DEN GYLDNE LØVE og røveriet af det danske sølv), s 50-85 i: Handels- og Søfartsmuseet på Kronborg årbog 1996
  7. https://www.nb.no/items/e4345f09b6114ddc3558147b5f6d297e?page=11 Fra Helgeland til Ballybunion - Johan Heitmanns liv og skjebne, Sjur Mykletun i: Årbok for Helgeland 1983 (Ballybunion er feil for Ballyheigue, som ligg 25 km lengre sørvest.)
  8. https://www.nb.no/items/782ce7792dbe7de6c65ae5ffbd8ec17a?page=121 Petter Dass: Nordlands Trompet, her digital versjon av "Beskrivelse over Nordlands Amt i Tronhjems Stift : Først udgivet under Titel: Nordlands Trompet", 1835
  9. http://www.borgos.nndata.no/Lilleistid.htm Meir om vanskelege tider for nordlendingane
  10. https://genealogi.no/kildekategori/kilder/geografisk/oslo/christiania-bys-befolkning-1624-1730/kilder-fra-christiania-1680-1730/ Kjelder til Christiania 1680-1730
  11. https://web.archive.org/web/20071210195658/http://www.vigerust.net/oslo/christiania1713.html Manntall for byskatten i Christiania 1713 Oslos historie © kane.benkestokk.teiste forlag (Tore Hermundsson Vigerust), Oslo 2000-2002. Utgave 31.05 2002. Gjengitt etter original i Statsarkivet i Oslo, Christiania Magistrat, Skatter, A. Manntall, nr. 1. 1688-1750. Christianiæ Byeskatt Mandtal for Anno 1713
  12. https://web.archive.org/web/20071210195703/http://www.vigerust.net/oslo/christiania1716.html Manntal for Christiania 1716
  13. https://web.archive.org/web/20071210195731/http://www.vigerust.net/oslo/christiania1720mt.html Manntal for Christiania hausten 1720
  14. https://web.archive.org/web/20071210195740/http://www.vigerust.net/oslo/christiania1721.html Manntal for Christiania 1721
  15. https://web.archive.org/web/20071210195746/http://www.vigerust.net/oslo/christiania1722.html Manntal for Christiania 1722
  16. https://web.archive.org/web/20071210195751/http://www.vigerust.net/oslo/christiania1722mt.html Manntal for Christiania 20. mai 1722
  17. https://danmarkshistorien.dk/vis/materiale/ostindisk-kompagni Dansk Ostindisk Kompagni
  18. https://danmarkshistorien.dk/vis/materiale/asiatisk-kompagni Asiatisk Kompagni
  19. https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/63081/Master_Velsand.pdf Gamle dansk-norske kart over Norge En undersøkelse av konteksten for tegningen av norgeskart i Danmark-Norge på 1700-tallet, Andreas Velsand UiO 2018
  20. https://www.nb.no/items/7edbdadf4373169f447f09febaa182e7?page=209 "Han fór til koffardis..."
  21. https://nn.wikipedia.org/wiki/Koffardi Koffardi = handelsreiser
  22. https://www.nb.no/items/7edbdadf4373169f447f09febaa182e7?page=209 Norsk salmesang bd 1, Blom Svendsen 1935, opplysning frå Major Gunnar Isachsen, Norsk Sjøfartsmuseum
  23. https://www.nb.no/items/82d2879b8f39eec070314bff7403b493?page=459 Den norske sjøfarts historie bd I, s. 453, 1923
  24. Ramus 1713
  25. https://www.nb.no/items/ee126beb3a374e564e9d7aec92113b2b?page=357#0 "Norriges Kongers Historie", Jonas Ramus, København 1719, s 357
  26. https://www.nb.no/items/7edbdadf4373169f447f09febaa182e7?page=209 Norsk salmesang bd 1, Blom Svendsen 1935, s 201
  27. http://www5.kb.dk/maps/kortsa/2012/jul/kortatlas/object65318/en/ Atlas Major Bd. 62, Tvl. 66, Kobberstik "antiquiora, quæ apud scriptores rerum Norvegicarum plerumq. occurrunt, locorum nomina repræsentans M. Bodenehr sculps Dresden", ca 1750
  28. https://da.wikipedia.org/wiki/Christian_Carl_Gabel Christian Carl Gabel, dansk viseadmiral, overkrigssekretær og stiftamtmann. Heitmann kan ha blitt kjent med Gabel i 1716, då dei begge var med i flåten mot svenskane. Han var son av Frederik Gabel som gav Heitmann oppdraget med kartlegging av norskekysten.
  29. https://no.wikipedia.org/wiki/Joachim_Frederik_Ramus Joachim Frederik Ramus
  30. https://www.nb.no/items/7edbdadf4373169f447f09febaa182e7?page=209 Norsk salmesang bd 1, Blom Svendsen, 1935
  31. http://www.fredsakademiet.dk/ordbog/kord/k9.htm Kaper
  32. https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Samfunn_og_sjøfart_etter_1814#Kaperfart Kaperfart: private skip fekk i krigstid lisens til å angripa fiendtlege skip mot at overskotet frå dei kapra skipa – prisene - blei delt med kongen
  33. https://no.wikipedia.org/wiki/Beleiringen_av_Akershus_festning#Beleiringen Beleiringa av Akershus festning 1716
  34. http://runeberg.org/christiani/1909/0197.html Gamle Christiania-Billeder - Ny Udgave med omkring 250 billeder og karter, 1893
  35. https://no.m.wikisource.org/wiki/Det_gamle_Christiania/9 Det gamle Christiania, Ludvig Daae, 2. utgave, J. W. Cappelens Forlag, 1891 (s. 133-155).
  36. https://da.wikipedia.org/wiki/Kommercelæst#Tiden_1672-1867 Lest som vektmål
  37. https://www.nb.no/items/82d2879b8f39eec070314bff7403b493?page=491 Den Norske sjøfarts historie bd 1, 1923 s 484
  38. https://web.archive.org/web/20060129193158/http://www.vigerust.net/oslo/christiania1723_skip.html Liste over skip og fartøyer i Christiania tolldistrikt, 31. august 1723
  39. https://web.archive.org/web/20060129193221/http://www.vigerust.net/oslo/christiania1725_skip.html Forklaring over skip i Christiania tolldistrikt, 19. juli 1725. Utgave 23.05 2002 (kontrollert). Gjengitt etter original i Riksarkivet, Stattholderarkivet, D X (Ymse pakkesaker 1574-1770), pk 62, 1723, legg 5.
  40. https://snl.no/defensjonsskip Defensjon
  41. https://www.nb.no/items/fa22e8e3a85ee8c720301d0b0c43a71a?page=3 Bergens Adressecontoirs Efterretninger, mandag 7. november 1774, side 3: "In H. Dedechens Buchdruckerey, ist von seiner Presse ausgekommen: J. Heitmans Susse Seelen=Ruhe, oder geistlicher Lust=Garten etc. oder Gebeth und Erbauungs=Buch für See=Leute, übersetzt aus der Dänischen Sprache von Hrn. Pastor Joh. Aug. Büttner, bestehet in 22 und ein halber Bogen, der Preiß ist 2 Mark und 8 S. in roher Materie, 3 Mark dänisch eingebunden." Johann August Büttner var fødd 1718, Halle, Tyskland, prest i S Mariæ Tydske Kirke (Mariakirken) i Bergen frå 1748, død 1781 i Bergen 63 år gammal
  42. https://www.nb.no/items/ea02cc23297fb7f6e5c025f2555871f7?page=145 Salmediktingi i Noreg : frå dei fyrste kristne tider i vårt land og fram mot vår tid, bd 1, Rynning, 1954 s 147
  43. https://www.nb.no/items/7edbdadf4373169f447f09febaa182e7?page=209 Norsk salmesang b 1, Blom Svendsen, 1935 s 200, referer ein del vers og bønner.
  44. https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2012060824012?page=441 Norges land og folk : topografisk-statistisk beskrevet bd 18 del 3 : Nordlands amt Byerne og Søndre og Nordre Helgeland fogderi, Helland, 1908, s 430
  45. Johan Heitmans Eenfoldige Betænkninger over den Julianiske og Gregorianiske Calender, Kjøbenhavn 1742, i digital utgåve på Nasjonalbiblioteket https://www.nb.no/items/e14bd31567562280dd1e53869e5a284f
  46. https://snl.no/Ren%C3%A9_Descartes René Descartes (1596-1650) sine verk var kjelder til Heitmann sin kunnskap i matematikk, fysikk og filosofi
  47. https://snl.no/Isaac_Newton Isaac Newton (1642-1727) sine verk var kjelder til Heitmann sin kunnskap i matematikk og fysikk, særleg mekanikk og optikk
  48. https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digitidsskrift_2015021881021_001?page=99 Juvik, Lars Hansen 2000.]Johan Hanssøn Heitmann, en "Hemnesværing" med teorier om sola og nordlyset på 1700-tallet, i: Årbok for Rana : med omliggende distrikter, Vol. 33, Rana historielag, 2000
  49. https://www.nb.no/items/e4345f09b6114ddc3558147b5f6d297e?page=11 Fra Helgeland til Ballybunion - Johan Heitmanns liv og skjebne, Sjur Mykletun i: Årbok for Helgeland 1983 (Ballybunion er feil for Ballyheigue, som ligg 25 km lengre sørvest.)
  50. https://soeg.kb.dk/permalink/45KBDK_KGL/1pioq0f/alma99122876036505763 "En Beskrivelse om Nordre Carolina ... Dublin Anno 1737." John Brickell c 1710-c 1745 amr læge og videnskabsmand (Forfatter), Johan Heitman 1664-1740 norskfødt søkaptajn der strandede i Irland 1731-1739 (korrekt identificeret?) (Oversætter), NKS 1113 oktav, Det Kgl. Bibliotek, København, Original tittel : "The Natural History of North-Carolina : with an Account of the Trade, Manners, and Customs of the Christian and Indian Inhabitants : illustrated with Copper-Plates, whereon are curiously Engraved the Map of the Country, several strange Beasts, Birds, Fishes, Snakes, Insects, Trees, and Plants, &c.," 408 sider, utg. Dublin 1737
  51. https://bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com/primo-explore/fulldisplay?docid=BIBSYS_ILS71472572420002201&context=L&vid=BIBSYS&lang=no_NO&search_scope=default_scope&adaptor=Local%20Search%20Engine&tab=default_tab&query=any,contains,Heitmann&facet=rtype,include,print-books&facet=creator,include,Heitmann,%20Johan%20Hanssøn&offset=0 "[En Viise om Misbrug af Tobak hvorved] Midler og Dyd forødes, Fattigdom og Laster fødes", Johan Hanssøn Heitmann, 1726, Fragmenter, utløst av bindet på: Mads Pedersen Rostock: Den enfoldige Børne-Lærdoms usvigelige Melk, Kbh. 1729
  52. https://www.nb.no/items/52d90ecc4b582bced6f704315191af7d?page=29 Hemnes kirke 1872-1997: med tilbakeblikk til eldre tider, Kjell Jacobsen, Hemnes menighetsråd, 1997, s 29ff
  53. https://media.digitalarkivet.no/view/163929/10 https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-01000000776981 Riksarkivet Arkiv:EA-4033 - Forskjellige samlinger, Uplasserte saker i Eldre avdeling, Serie:F - Uplasserte saker i Eldre avdeling, Stykke:L0005 - Losvesenet., Protokollnr./tidsrom: nr. 5 /1723 - 1807: Betænkning om Losvæsenet, Johan Heitmann, Jacob Kaae, Gunder Engebretsson, 2. april 1723
  54. https://no.wikipedia.org/wiki/Los Losadministrasjon frå 1720
  55. https://media.digitalarkivet.no/view/163929/5 https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-01000000776981 Riksarkivet Arkiv:EA-4033 - Forskjellige samlinger, Uplasserte saker i Eldre avdeling, Serie:F - Uplasserte saker i Eldre avdeling, Stykke:L0005 - Losvesenet., Protokollnr./tidsrom: nr. 5 /1723 - 1807: Ordre frå Vibe til magistratane 19. februar 1723
  56. https://web.archive.org/web/20060129193158/http://www.vigerust.net/oslo/christiania1723_skip.html Jacob Kaae (ca 1682-1762) var skippar på same tid som Heitmann.
  57. https://www.nb.no/items/4f4d8344f017da5bf15062af6adfc155?page=49 Jacob Kaae hadde borgarbrev i Christiania som kjøpmann.
  58. https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014110708148?page=23&searchText=Kaae Jacob Kaae var ei tid skippar for kommerseråd og trelasthandlar James Collett.
  59. http://runeberg.org/christiani/1893/0171.html Jacob Kaae gav også seinare råd til styresmaktene i viktige saker, her i 1742.
  60. https://www.nb.no/items/4f4d8344f017da5bf15062af6adfc155?page=35 Gunder Engebretsson var skippar og løyste borgarbrev i Christiania i 1704.
  61. https://www.eidangerslekt.org/brevik-slekt/brevik-1701/ingebret-sivertsen-1650.htm Gunder Engebretsson var ca 43 år, fødd i Brevik ca 1680.
  62. https://www.eidangerslekt.org/brevik-slekt/brevik-1701/ingebret-sivertsen-1650.htm Far av Gunder Engebretsson var fattig skippar på ei lita jakt, og blei tatt til fange av svenskane under den store nordiske krigen.
  63. https://snl.no/los Losplikt frå og til utlandet frå 1725
  64. https://media.digitalarkivet.no/view/163929/41 https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-01000000776981 Riksarkivet Arkiv:EA-4033 - Forskjellige samlinger, Uplasserte saker i Eldre avdeling, Serie:F - Uplasserte saker i Eldre avdeling, Stykke:L0005 - Losvesenet., Protokollnr./tidsrom: nr. 5 /1723 - 1807: Losreglement 1732
  65. http://ribewiki.dk/da/Gyldne_Løve_1730_Vestirland RibeWiki om skipet Den Gyldne Løve, forliset og etterspelet, ny side oppretta på VragWiki: https://vragwiki.dk/wiki/Gyldne_Løve_1730_Vestirland
  66. https://www.tcd.ie/library/manuscripts/blog/2015/02/the-golden-lion-and-its-silver-swag-a-kerry-tale-of-adventure/ Trinity College Dublin, 2015: The Golden Lion and its silver swag: a Kerry tale of adventure.
  67. https://no.wikipedia.org/wiki/Brasil_(mytisk_øy) Den mytiske øya Brasil
  68. https://en.wikipedia.org/wiki/Ballyheigue Ballyheige
  69. https://www.tcd.ie/library/manuscripts/blog/2015/02/the-golden-lion-and-its-silver-swag-a-kerry-tale-of-adventure/ Pue’s Occurrences, June 1731, reports ‘about 200 men’ were involved in the raid. Shelf mark: IN.18.42. Pue’s Occurrences, June 1731, Coláiste na Tríonóide, Baile Átha Cliath, Trinity College Library, Dublin, i Trinity College Dublin, 2015: The Golden Lion and its silver swag: a Kerry tale of adventure.
  70. https://tidsskrift.dk/mfs_aarbog/article/view/96484/145331 O'Rourke, Andrew 1996. Captain Johan Heitman, DEN GYLDNE LØVE and the Danish Silver Robbery (Kaptajn Johan Heitman, DEN GYLDNE LØVE og røveriet af det danske sølv), s 50-85 i: Handels- og Søfartsmuseet på Kronborg årbog 1996, sjå s 72
  71. Instructions to and reports from von Johnn are in Rigsarkivet TKUA 246 (XI11) and TKUA 93-95.

Litteratur og kjelder

  • Coldevin, Axel 1986. Gammel kultur på Helgeland: (jubileumsskrift for) Mo bok- og papirhandel, Meyers gull og sølv, 1906-1986
  • Dungan, Myles 2015. On this day – 12 June 1730 – The robbery of the Golden Lion in Ballyheigue, Co.Kerry., 12.06.2015
  • Dungan, Myles / irishhistory 2015. 12th June 1730 - The theft of the silver bullion from the Golden Lion, podcast om sølvskatten frå Den Gyldne Løve
  • Heltzen, Iver Ancher, 1834. Ranens Beskrivelse 1834, denne utg: Rana museums- og historielag, 1981
  • Holzer, Hans, 1967. The Lively Ghosts of Ireland, London 1967, side 32, refererer til artikkel frå 1962 av Patrick Denis O'Donnell i Ireland of the Welcomes.
  • Juvik, Lars Hansen 1999.Johan Hanssøn Heitmann. Sjøkaptein, forfatter, kartograf og naturvitenskapsmann, i: Årbok for Helgeland 1999 s 147-154
  • Kennelly Archives 1966. October 1966; pottery dig with mugs found near a shipwreck in Ballyheigue, Pat and Des Lavelle, Jerry and Padraig Kennelly Junior, the Evans family,
    short URL: https://bit.ly/313eCWb
  • MacMahon, Bryan 1991. New Light on The Golden Lion and the Danish Silver Robbery at Ballyheigue, i: Journal of the Kerry Archaeological and Historical Society. Vol: 24 pp:113-149, 1991.
    Utdrag: This article examines the robbery in 1731 of six chests of silver, part of the cargo of the 'Golden Lion' which was driven ashore at Ballyheigue during the previous year.
  • MacMahon, Bryan 1994. The Story of Ballyheigue, Ballyheigue, 1994 ISBN 0-9517658-2-5
  • Magnus, Hein 1980. Johan Hansøn Heitman - 1664-1740 - en norsk skipper, kartograf og skribent (Johan Hansøn Heitman, Norwegian Sea Captain, Cartographer and Writer), s 80-88 i: Handels- og Søfartsmuseet på Kronborg årbog 1980
  • Mykletun, Sjur, 1982: Sjøkaptein Johan Heitmann og Hans Vise, i: Håløygminne, nr:16, 1982, side 134 - 141
  • O'Donnell, Francis Martin, 2019.The Ghost of Ballyheigue Castle. An extract (4 pages) from the book The O’Donnells of Tyrconnell – A Hidden Legacy, by Francis Martin O'Donnell, published by Academica Press LLC, London and Washington DC, 2019.
  • RadioKerry FM, Tralee, 25. desember 2020, artikkel 900 - The Story of Kerry Shipwrecks, plasserer det ukjente vraket på "Ballyheigue Strand, 310m SW of Ballyheigue carpark"
  • RadioKerry FM, Tralee, 25. desember 2020, lydklipp#1 Helen O’Carroll, curator of the County Museum, describes what artefacts they have from this wreck
  • RadioKerry FM, Tralee, 25. desember 2020, lydklipp#2 Local historian Brian McMahon, tells us more about The Golden Lion
  • Ranens Beskrivelse, Wikipedia
  • Rigsarkivet, København, Arkivfunktionen for samlinger af kopier dannet af Rigsarkivet (1730-1784). Arkivserie: D-film nr. 24: Dokumenter i British Museum vedr. Dansk Handel i fjernøsten (1730 - 1786) Seddelregistratur 3, nr. 24, Bemærkninger: Mikrofilm. Indeholder to manuskripter fra British Museum. 1) Beretning ang. skibet "Gyldne Løve"'s stranding i Irland (1730). 2) Rapport ang. officielle danske klager over told (1786). Udskilt fra Filmsamling D.
  • The Crosbie Papers, Letters and papers relating to the Danish Silver Robbery, 1731-1735, i "Talbot Crosbie Papers", tidlegare referert til NLI MS 5033, rett referanse er : Call Number: MS 50,545/12 (Manuscripts Reading Room), Collection: Talbot Crosbie Papers. XII. Letters and papers relating to the Danish Silver Robbery, 1731-1735. Notes: Papers relating to the robbery of the cargo of the Golden Lyon from the property of Thomas Crosbie in 1731. Physical description: 6 folders (c.70 items), Leabharlann Náisiúnta na hÉireann / National Library of Ireland, Baile Átha Cliath / Dublin
  • The Irish Times, 31. januar 2005 10,000 shipwrecks listed off coast, "Vi skal no begynna å undersøkja funnstadene", seier Mr Fionnbarr Moore, senior arkeolog ved Avd for undervassarkeologi ved The National Monuments Service. Moore skal prøva finna ut om to vrak som har dukka opp ved lågvatn dei siste vekene på Banna Strand, Co. Kerry, kan vera av store handelsskip som forsvann tidleg på 1700-talet.
  • Titley, Walter: Titley Papers - By Walter Titley, British Resident Minister at the Court of Denmark. Referert hos Foreningen Trankebar, linken er daud per 7. mars 2023: http://www.trankebar.net/history/golden-lion/titley.htm
  • Ramus, Jonas: Ulysses & Outinus Unus & Idem, Sive Disqvisitio Historica & Geographica, Qva Ex collatis inter se Odyssea Homeri & Edda Island. Homerizante, Outini fraudes deteguntur, ac, detracta larva in lucem protrahitur Ulysses. Utg. Typis Ovidii Lynnovii. Hafniae. 1713. Digital versjonNettbiblioteket.