Johannes Andreas Astrup (1893–1946)

Johannes Andreas Astrup (fødd 20. desember 1893 i Jølster, død 22. september 1946 i Nedstrand) var prest.

Johannes Andreas Astrup

Han var son av Petra Constance, fødd Lodz, og Christian Astrup. Faren var sokneprest i Jølster. Han hadde mange søsken, mellom dei målaren Nikolai Astrup og prestane Petter Cornelius Astrup (f. 1885) og Kristian Astrup (f. 1890). Ein bror med same namn som han var fødd i 1885, med døydde av difteri to år gamal.

Johannes Astrup vart student i 1911, og var huslærar i to år før han tok lærerprøven i Oslo i 1914. Same år vart han lærar ved folkeskulen i Balsfjord. Han byrja studere teologi i 1917, og vart cand. theol. i 1922. Året etter, i 1923, vart han sokneprest i Beiarn prestegjeld. I 1929 vart han sokneprest i Nedstrand prestegjeld, kor han gjorde teneste til han døydde av lungebetennelse i 1946.[1]

7. oktober 1923 vart han gift med enkefru Louise Elisabeth Petersen, fødd Eilertsen. Vielsen fann stad i Beiarn kyrkje, og vart foretta av forgjengaren Andreas Steffensen som no var sokneprest i Gildeskål. Louise hadde tre døtre frå sitt fyrste ekteskap. Saman fekk dei sonen Per i 1928.

I notisen om hans død vart han i Haugaland Arbeiderblad omtala som «en gild og fin mann som var meget godt likt blant sine soknebarn og sine kolleger».[2] Erling Vegusdal skriv at han «hadde en skjønn sangstemme og messet meget vakkert.»[3]

Se også

Referansar

  1. Vegusdal skriv feilaktig at han døydde i 1945
  2. Haugaland Arbeiderblad 25. september 1946
  3. Vegusdal s. 75

Kjelder


Artikkelen Johannes Andreas Astrup (1893–1946) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.