Kjeldearkiv:1911-01-13 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1911-01-13 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 13.1.1911
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 149
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætri Tjugan’dagen 1911.

Kjære Kristian!

Godt og gledelegt Nyttaar, du og dine!

Takk for Julkorte! det var Hugna aa sjaa Skuggen av deg att eingong og likeso av Huslyden. Jau, du har da att lite Folkeskikk enno, lel, du, minnest aa sende gamle Venir Julkort og Nyttaarsynskje og fer all upp aat som Folk. Med meg dreg det nok nord og nedte ulikleg fort –: eg sendar ikkje sa[a]godt som eit Kort, berre sovidt gje Svarkort paa dei, som verdt senda meg. Ja slik vert ein naar ein fyrst liver i aarvis burtan Folkeskikken og sia held paa aa verta gamal attaat.

Det er styggeleg lengje no sia sist eg skreiv og eg kan mestsom tenkje meg, at du ventar ein lang “Sagregister” paa kva eg har gjort all denne lange Tidi sia eg vart “Stipendiat”. Aa, det legst altid te noko aa gjera, veit du, men just noko rigtigt Stortak kan eg ikkje gaa og blekte med. Det er hellerikkje liksom noko Storvarp aa gjera meir i denne Bygdegranskingi – heile Arbeie vert meir som aa mure av smaa Kupulstein, Tumme for Tumme, grueleg smaatt og seint.

Ihaust var eg uppi Lom tvo Vendur, den fyste berre so ein 4, 5 Dagar for aa kjenne paa Tanngardane deres, liksom; den andre Ferdi gav eg meg god Tid, gjekk og rakte i Gardom og Plassom og var heilt uppi “Braatom”, mest uppunder Nordfjordsfjelli. Eg var lenge “nora Berge” – der du kanhende kjem ihug, at Folke førr i Tidom “ha Klingle paa Trynê” (ho er neiggu ikkje avdotti enno, heller) – og eg kan ikkje anna seja enn eg var vel nøgd med Ferdi, hjelp ikkje eg hadde gjort meg Voner um, at dei deruppi Avdalom, skulde ha gjøymt betre paa dei gamle Erveminni sine, enn dei synte aa ha gjort. Eg fekk sanka ein god Mon um han Loms-Jakup, likeso um Teig-Roin[1], um dei gamle Reinsskyttarane i Bygdom, um Offsin, Haugianisma i Sjaak, Skulestelle i gamle Dagar, Ufreden i 1808 og 14 og mykje um Handverk og Konst. Eg fekk ei tjukk diger Bok med Uppskrivtir, Get!

Men det er nok ikkje gjort aa pompe turre Lomverine og Sjaakverine med ei Ferd; eg lyt uppi aat dei att paa Vaarsida. Eg kom vel tilliks med deim og raaka stødt snille og velviljuge Folk, mange ha stort Liv for aa fortelja og tykte vel um, at alle gamle Minne endeleg kunde verta uppskrivne. Eg lovar meg mykje av ei ny Ferd. – Men du store Zulumoses, for eit Grishol der var med Sabb, Ureinske og Ufysna summestader enno “nora Berge”! Det gaar ikkje aa tenkje seg kordant det var og um eg freista skildre det for deg vilde du løgste meg aa kalle det allt ihop “Løgn og forbandet Digt”. Eg er ingen krellin Kar – og det var eg velfarin av – men jamen var det “ paa Striting” aa faa ned Kaffe’n sumestader naar eg vart nidbedin um aa drikke Kaffe i Huse – og sume Stader var det berre saavidt eg fekk Nasen til aa gjera si snaue Pligt med aa draga Blaasten. Dette lyt da vera oss imillom, eg tør ikkje fortelja for Aalmenta kor ureinslege Sjaakverine enno er, Verdi vilde berre tru eg for med Sladder av Bygdahat.

Det er eit forunderleg “Fenomen” detta: Sjaak, som har staat so høgt i Kunst og aatt slik Kunstglæde for 3, 4 Mannsaldrar attende syner seg i dei siste Tidom ikkje aa eige ei Gnute av Sans for Velsemd eller Sømd i Huse og Heimen. Eg har grubla mykje paa dette, um det kan ha vore slikt den Tidi Konsti i Treskurd, Vevnad, Krotsaum o. m. var lenger framme enn nokon annan Stad i Dalen – eller um dei har dotti ned i Grisebole da Hauge-Rørsla tok so fast Tak i Sjaak, vissa “nora’-Berge”, umkring 1810 eller so. Dei vart Haugianere mest forrende deruppe og mykje myrkare og tyngre i Hugen enn Mestaren sjøl som var uppe paa Skamsar ei Ferd. Skal tru at “det ene Fornødne”[2] gjekk so reint framum allt at Kunst og Kunstglede vart sett i Baas “Djevelens Væsen og Gjerninger”. Kven veit, Spørsmaale er forvitnelegt og eg lyt grunde paa det framleides.

Fraa Midten av November til den 19de Desbr. laag eg inne i Byen og fór igjenom det eg vannst av Tilfang i Riksarkive, vissa det, som kunde vera Nordbygdom vedkomande. Ogso der er det oftast paa sama Gjerdi som med Granskararbeide i Bygdom, Byggjefange er Smaabitar du lyt setja isamen, skante og maate fraa alle Kantar til det “bit” og festar i Muren. Denne Gongen kan eg seja eg gjorde liksom eit Storfund: eg fann Upphave til denne Soga som har gaatt uppi Sjaak um Kongeætti paa Hjeltar. Det skulde vera ei Dotterdotter hans Kristian Kvart og henne Kirstine Munk som rymde uppi Sjaak med ein ung Lytnant og vart buande paa Hjeltar. Av denne Ætti var Sylv. Sivertson, den seinare Sigurd Sivertson, Bu- og Blekastadætti og Hjeltarfolke. Ein Professor (eller kanhende Pastor) Hage i Amerika fortel i ei Livsskildring av Erik Hage, at det var ein Grev Kristian Due som var gift med den danske “Frøkeni” og at dei fyst kom aat Synstnes i Lom. Alt dette er vill Romantik som sikkert ein Diktargjevna seinar i Tidom ha laga ihop – skal undre meg, um ikkje Sylv. Sivertson paa ei eller onnor Vis kan ha Skulde. Men noko har Soga aa byggje paa, og det har slike gamle Sogor og segjande Segn mest stødt –: umkring 1680 kom det ein Lytnant Eggert Minch, eller Minchen, uppi Sjaak; han var gjift med Sofie Akeleie, av ei jydsk Adelsætt som kom hit til Lande umkring 1600 eller so, og det kan hende at Giftarmaale med Lytnant Minch var eit Vangifte, so dei paa ei Gjerd rymde uppi denne avstengde Fjellskora. Minch kjøpte Øvre Hjeltar umkring 1708, eldste Dotteri deres, Karine, vart gift med Lars Nere Hjeltar og ein Son kom aat Garden Vange. Fraa Karine Minch røta soleis Hjeltar-Ætti seg og dei andre Greinir av denne Kongeætti. Ja, med Kongeblode bli det ikkje so stor Stas lenger, men etter mine Skjøn maa det vera likeso gjævt, um det so berre er paa Stakksida, aa vera av ei Adelsætt, som aa vera av Horungom hans Kr. Kvart.

Eg veit ikkje um du kjenner han Magnus Berg, ein Bondegut “Gyll-Løva”[3] vart var, hjelpte honom aat Kjøbenhavn paa Teikneskule og i Maalarlære og sidan aat Utlandom. Han vart ein noksaa stor Kunstnar og dreiv mest aa skar i Elfenbein, millom anna skar han ei stor Vase aat Kongen som no er paa Rosenborg. Magnus Eliassen Berg var i lang Tid Teiknelærar aat Prinsom, “de kongelige Pager”. P. Botten-Hanssen har skrivi um Magnus Berg i ei “Nytaarsgave” som fylgde “Illustr. Nyhedsblad” i 50-Aarom og der gjet han um at han truleg er Gudbrandsdøl og at han hadde Skyldfolk i Aassaaren i Ottdalen. Dette har eg fleire Gongur leita etter naar Høve har vore, men aldri funne noko. Men no sist kom eg innpaa Grei-Traaden i di i Riksarkive og med Tidi trur eg, at eg skal kunna faa full Visse um kvar Mannen var utsprungen. Eg trur helst han var fraa Romedal paa Heidmarki og var fødd 1666; ein ældre Bror Kristen Eliassen var komin uppi Ottdalen og fekk tilslutt bygsla Nigard-Aassaaren der han au fekk Gifti si fraa og hadde att 12 Born etter seg da han gjekk til “de Galater”. Og denne Ætti sit i Aassaaren den Dag idag og finns elles fleire Stader. Gud veit, um ikkje dei au gaar umkring med ein Drope Blod av den “kongelige Redsemesters” for eg veit, det eingong etter “det babyloniske Fangenskabs Tid” vart gift ei fraa Aassaaren aat Haraldstad. Detta skal eg kunna greie berre eg fær koma ned i Mortensens Kaos som eg denne Tid paa Aaret har paa eit Loft heruppe.

Slikt kan ein raake a[a]t imillom, og det er da alltid som ein liten Godbit imillom all hinn Turrmaten.

So driv eg og syg ihop, høgt og laagt, i nord og sør, aust og vest – ligervis som Bien – aat 2 Bande av “I g. Daagaa”, um eg dette Aare rekk aa verta ferdig er kanhende paa Voni; dette Stipendie Tinge gav meg kjem til aa seinke det Arbeide og saa vilde eg gjerne faa gjort det so væl, at ingen Vagver i Framtidi skulde koma og trakke paa Gravi mi og kalle meg ein Fjaske-Kong. Enda har eg eit Arbeid i Emnom, eller rettare i Tankom, men det ligg vist lenger hell langt framme, so langt at ein knapt kan sjaa ein liten “Blaane” av det.

Gud fri oss, her i Landet er Maalkrig og eg gruvde meg da eg reiste aat Hovudstaden, tenkte eg lett kunde bli “dødeligen blesseret”, som Tybo[4] bar seg yvi. Men eg slapp med heilt Skinn heim att. Olme er dei inne der, enda det kan hende Striden held paa legg seg lite. Det var eit Hogg maa’ta at B. B. rauk utur; enda Knut Hamsun nok freistar og skal vera Gud-Fader etter honom no, so ber det ikkje paa den Leidi. Yngvar Brun er vorte “træt” og Ragna Nilsen er ikkje lenger vellika som Formann. Det er ikkje heilt utenkjande, at det vert Vaapnkvile ei Tid iminste.

Her paa Sætri er allt paa Lag som førr; ho Mor liver enno og er frisk og røkje enda ho var 86 Aar den 1 Septbr. ihaust. Paal driv og snikrar, gamledags Skaap, Kubbestolar og noko av kvart og fær Avsetning paa det i Byen. Det meste han arbeider er forrtinga fyriaat. Det er grepa Skiføre i Høgdi, men det vert so lite nytta av oss, me brukar Ski naar me er nede i Bygdi so en 2 Gonger i Vika og naar me er i Flatningslidi eller sør med “Skifte” (mot Vetlsæter-Lidi) etter Ris, stort meir vert det ikkje med Skilauping.

Um ei Vikes Tid skal eg paa Bygdegransking aat Lesja og Dovre og det kan ikkje vera so utrulegt, at du fær ei “Reiseberetning” um Ferdi naar det lid frampaa Vaarsida. – Med dette Breve etla eg meg til aa senda eit langt Dølebrev aat Posten, men eg saag eg kunde ikkje verta ferdig til eg skal ned imorgon saa fær det vera med di til eit Par Dagar seinar – eg tykte eg kunde ikkje drygje lenger ut etter det nye Aare, førr eg senda deg nokre Ord.

Takk for “Symra”! – korleis greier ho seg, aukar Tingartale? Fær ho ikkje snart eit og anna fraa alle desse Lagom der i Lande, Gudbrandsdals, Valdres, Tele og Trønderlagi? Eg har tenkt meg at Symra maatte verta som ein Samlingstad for deim.

Du gat eingong um at me skulde sende kvarandre “vores Kontrafei” men altid gløymer eg aa “ta meg av” naar eg er i Byen – i stille Maatar er eg bitterdø halvredd det, au – ; no har eg eitt som den store Forfattaren Andreas Haukland tok ihaust – ja du kjenner vel Haukland, Ol-Jørgen, veit eg. Dette Bilæte vaagar eg til aa sende enda eg tenkjer meg du segjer som Gamle-Torkel i “Ei Hugvending”: «er du ikkje venare, daa, Kar! Jou, eg er nok mykje venare naar eg vil.»

Med Iver paa Rottem[5] er allt vel, han har full den store Stova paa Rottem med Førkjeungar[6] og berre ein Gut[7] som skal staa paa Golve til Vaars.

Og saa er du venleg helsa fraa oss alle!

Helse Kona og Smaajentom!

Din

Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Ola Rasmusson Skjåk.
  2. Vanleg uttrykk i religiøs litteratur, brukt m.a. av E. Pontoppidan i Sandhed til Gudfrygtighed (1737 og seinare). Etter forteljinga om Maria ved Jesu føter, Luk. 10,39–42.
  3. Ulrik Frederik Gyldenløve.
  4. Jacob von Thyboe (Holberg).
  5. Broren Iver Kleiven. Han åtte garden Rottem 1908–15.
  6. Målfrid (f. 1898), Borgny (f. 1900), Gudrun (f. 1902), Hallgjerd (f. 1905) og Solveig (f. 1908).
  7. Jakob (f. 1896). Han vart konfirmert 17. april 1911..