Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2020-33

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kultran sumaren 2004.
Foto: Tor Hallvard Mosdøl

Kultran er eit gardsbruk som ligg rett nedanfor Bykle gamle kyrkje. På vestsida er Torsbu og Bykle nye kyrkje næraste grannane, på austsida kjem ein til Juvet, og mot nord ligg Innistog. På sørsida renn Otra.

Namnet Kultran kjem truleg av kult, m, som tyder rund hump eller haug. Kultro er dativforma av Kultran. Difor heiter det «Han bur på Kultro».

Bruket kom fyrst til ved ei deling av Austistog i 1844. Det var Tarjei Oddsson Byklum som då selde denne halvparten til Pål, den yngre bror sin. Tarjei hadde overteke Austistog etter faren, Odd Tarjeisson Røysland, då denne døydde i 1839, men sjølv heldt han på denne tid til i Attistog Gjerden, som han hadde teke på odel frå Åvold Jonsson i 1815. Den halvparten av Austistog som Tarjei sat att med etter 1844, overdrog han i 1847 til Olav T. Bjørnarå, som samstundes overtok Attistog hjå han. Tarjei fekk Bratteland i byte, og flutte dit.

Pål Oddsson sat då eit tak her på bruket, men truleg berre nokre få år frå 1844 og frametter. For etter at Olav T. Bjørnarå overtok Attistog Gjerden og flutte dit, tykkjest Pål å ha bruka heile Austistog. Han må då ha leigd den halvparten han ikkje åtte. I desember 1863 kaupte Pål att parten av Olav, som då budde i Stavenes. Om Pål budde i Austistog eller på Kultro i åra frå 1847 til 1863, er ikkje dokumentert, men etter tradisjonen var han i Austistog det meste av tida, og me har difor plassert den nærare omtalen av han der.Les mer...