Loveleen Rihel Brenna

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Loveleen Rihel Brenna (fødd 6. oktober 1967 i India) er ein forfattar frå Agder. Faren hennes var sikh og mora var hindu. Ho kom til Kristiansand i 1972 saman med foreldra sine.

Liv og virke

Loveleen Rihel Brenna er utdanna i pedagogikk, psykologi og sosialpedagogikk med vidareutdaning i migrasjon og fleirkulturell forståing, og ho driv eit eige konsulentfirma for fleirkulturelle spørsmål. Ho driv òg foredrags- og kursverksamheit kring dette. Tidlegare har ho blant anna arbeidd ved innvandrarkontoret og barnevernstenesta i Kristiansand kommune og vore prosjektleiar for frukostseminar i samband med Groruddalssatsinga til Husbanken.

Loveleen Rihel Brenna har vore rådsmedlem i Verdikommisjonen, ho har fått Ole Vig-prisen for brubyggjarinnsats (1997), og i 2000 fikk ho Integreringsprisen for innsatsen sin for å skapa betre forhold for integrering.

Frå januar 2004 har Loveleen Rihel Brenna vore leiar for Foreldreutvalet for grunnskulen, først for perioden fram til 2007, og deretter attutnemnt for fire år til. Ho sitt òg i styret for Universitetet i Agder og Norges Røde Kors. Tidlegare har ho vore fagrådsmedlem i Norsk Filminstitutt og sete i styret for VOX-instituttet.

Brenna har spisskompetanse innafor mangfaldsleiing og har i fleire tiår halde opplæring i kulturell intelligens og mangfaldskompetanse. Ho har leia komiteen som har utvikla den nasjonale standarden for leingssystem for mangfald og skrevet bøker om tematikken. I tillegg til fleire styreverv har ho fått ei rekkje priser, mellom anna Fritt ord sin honnørpris 2016.

Bibliografi

Dei to fyrste bøkene vart gitt ut under namnet Loveleen Kumar.

Sakprosa

  • 1997 – Mulighetenes barn : å vokse opp med to kulturer. Oslo: Cappelen, 1997 – ISBN 82-02-16180-0. Digital versjonNettbiblioteket.
  • 2001 – Djulaha! : om å forstå annerledeshet. Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2001 – ISBN 82-7634-438-0. Digital versjonNettbiblioteket.
  • 2004 – Sangam! : integrering og inkludering. Bergen: Fagbokforlaget, 2004 – ISBN 82-7674-937-2. Digital versjonNettbiblioteket.
  • 2007 – Marasim. (Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2007 – ISBN 978-82-7634-630-5. Digital versjonNettbiblioteket.
  • 2008 – Manzil : mangfoldig ledelse og utvikling. Oslo: Cappelen akademisk, 2008 – ISBN 978-82-04-13592-6. Digital versjonNettbiblioteket.
  • 2010 - Med forskertrang og lekelyst : systematisk pedagogisk tilbud til alle førskolebarn : utredning fra utvalg oppnevnt ved kongelig resolusjon 19. juni 2009 : avgitt til Kunnskapsdepartementet 1. oktober 2010. Departementenes servicesenter, Informasjonsforvaltning, 2010. Digital versjonNettbiblioteket.
  • 2010 - Kvinnepanelets rapport. Kvinnepanelet 2010 etablert av Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken. Overlevert Oslo, 27. september 2010. Digital utgave på regjeringen.no
  • 2012 - Min annerledeshet, min styrke. Cappelen Damm 2012. ISBN 9788202370633. Digital versjonNettbiblioteket.
  • 2013 - Grenseløse grønnsaker og urter. Z-forlag 2013. ISBN: 9788293187134. Digital versjonNettbiblioteket.
  • 2018 - Mangfoldsledelse : mangfold og likestilling som bærekraftig konkurransefortrinn. Cappelen Damm, 2018. ISBN 9788202599461. Digital versjonNettbiblioteket.
  • 2022 - Min notatbok i mangfoldsledelse. Utg. Seema. 2022, ISBN 9788293527008. Digital versjonNettbiblioteket.

Priser

  • 2016: Fritt ord sin honnørpris.
  • 2015 : Certificate of excellent, (GOPIO, The Global Organization of People of Indian Origin )
  • 2013: Norges tøffeste kvinne (Norske kvinners sanitetsforening og P2 lyttere)
  • 2011: DIXIprisen
  • 2006: Årets kvinne, KK
  • 2002: Integreringspris
  • 1997: Ole Vig prisen

Kjelder

Lenkjer


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Loveleen Rihel Brenna» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.