Månad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Naturbruk har vore ein viktig faktor i både norrøn og samisk kultur, noko som har sett spor etter seg i månadsnamna. Den norrøne månaden heyannir varte frå midt i juli til midt i august. Den nordsamiske månaden suoidnemánnu ('grasmånaden', 'høymånaden') svarar til juli. Her ser vi ei gammaldags hesje i Hotagen i Jamtland.
Foto: Olve Utne (august 2011).

Ein månad (nynorsk) eller måned (bokmål) er ei tidsinndeling som har sitt historiske utgangspunkt i den tida det tek for månen å gå gjennom alle månefasane. Månaden har i eldre tid vore rekna frå nymåne til nymåne. Denne astronomiske månaden blir framleis bruka i den vanlige jødiske og den vanlige islamske kalenderen. Mange andre kulturar har definert som 1/12 av solåret og har normalisert månaden til kring 30 dagar uavhengig av månefasane. Den julianske kalenderen og den gregorianske kalenderen er kalendersystem med slike abstraherte månader. Det finst òg andre typar abstraherte månader, slik som i baháítrua, der året er delt inn i 19 månader med 19 dagar i kvar og med 4–5 interkalære (innskotne) dagar på slutten av året.

Månefasane i folketrua

Jødiske og islamske månader

Romerske månader

Den romerske kalanderen var opphavleg truleg ein månekalender, og hadde ti månader. Den kallast ofte «Romulus sin kalender», etter den mytiske grunnleggjaren av Roma. Om ein slik kalender eigentleg har eksistert er usikkert, for det handlar om ein rekonstruksjon laga etter at året fekk tolv månader. Dei ti månadene hadde truleg 29 eller 30 dagar, men i rekonstruksjonen er det lagt inn 30 eller 31 dagar. Grunnen til at ein trur meir på 29 og 30 er at gjennomsnittstida mellom nymånar er 29,5 dagar. Den rekonstruerte kalenderen har 304 dagar, altså 61 dagar mindre enn solåret. Desse dagane skal ein ifølgje rekonstruksjonen ha rekna som ein vintertid utan månadsnamn; kva ein eigentleg gjorde er uvisst.

Månadene i den rekonstruerte kalenderen var:

  • Martius, 31 dagar. Truleg namn etter krigsguden Mars.
  • Aprilis, 30 dagar. Namn frå aperio, 'opnar', som viser til at jorda opnar seg for å ta imot sånaden.
  • Maius, 31 dagar. Truleg namn frå gudinna for vekst, Maia; kan vere frå major, 'eldre'.
  • Iunius, 30 dagar. Truleg namn frå iunior, 'yngre'.
  • Quintilis, 31 dagar. Namnet tyder 'den femte'.
  • Sextilis, 30 dagar. Namnet tyder 'den sjette'.
  • Septembner, 30 dagar. Namnet tyder 'den sjuande'.
  • October, 31 dagar. Namnet tyder 'den åttande'.
  • November, 30 dagar. Namnet tyder 'den niande'.
  • December, 30 dagar. Namn tyder 'den tiande'.

Som vi kan sjå er dette forklaringa på kvifor månadene september til desember framleis har namna 'den sjuande' til 'den tiande', sjølv om det er niande til tolvte månad i vår kalender.

Endringa frå ti til tolv månader kom tidleg. Etter romersk tradisjon var det kongen Numa Pompilius, Roma sin andre konge, som innførte to ekstra månader på slutten av året, noko som gav eit år på 355 dagar. Numa Pompilius omtalast gjerne som ein sagnkonge som skal ha levd kring 700 f.Kr.

Dei to ekstra månadene fikk desse namna:

  • Januarius. Namn etter guden Janus, som er knytt til overgangar.
  • Februarius. Namn etter guden Februus, ein etruskisk gud for underverda og rensing; seinare dels omtolka til gudinna Febris som verna mot feber og malaria.

Desse to vart lagt til som ellevte og tolvte månad i året, og første dagen i Martius var framleis nyårsdagen. Kor lange dei opphavleg var er usikkert, men summen skal som nemnd ha vore 355 dagar. Dette er for kort, og datoen for sånaden flytta seg med ti dagar kvart år. For å bøte på dette hadde ein annakvart år ein skuddmånad, Mercedonius eller Intercalaris. Denne vart lagt til på slutten av året, etter Februarius, og hadde 27 eller 28 dagar. Dette var for mykje, så i skuddåra vart Februarius redusert til 23 dagar, og andre månader kunne også verte kutta ned. Medan det vanlege året hadde 355 dagar, hadde skuddåret 377 eller 378 dagar. I løpet av ein fireårsperiode gjer dette 1465 dagar, kring 4 meir enn det skulle ha vore. For å få orden på det kunne ein justere skuddåret, noko som førte til at ein ofte kom langt inn i Februarius før ein visste om året fekk ein ekstra månad eller om neste månad var Martius og eit nytt år.

Dette vart retta opp med den julianske kalenderen, med namn etter Julius Cæsar. Allereie i 154 f.Kr. vedtok det romerske senatet at Januarius skulle vere første månad i året, men dette vart ikkje innført i praksis før den julianske kalendere kom i 46 f.Kr. No vart normalåret på 365 dagar, og med ein skuddag i Februarius kvart fjerde år på 365,25 dagar i snitt. Ein månad skifa namn; Quintilis fekk namet Iulius etter Julius Cæsar.

Det var framleis ein del rot, mellom anna fordi ein i ein periode hadde skuddår kvart tredje år i staden for kvart fjerde. Truleg skuldast dette ei misforståing av korleis ein skulle telje åra. Den første keisaren, Augustus, retta opp dette ved at ein hoppa over tre skuddår, og byrja på ny fireårssyklus i 8 f.Kr. Då fekk enno ein månad nytt namn, då Sextilis vart til Augustus. Dermed kan vi kjenne att våre eigne månadsnamn: Januarius, Februarius, Martius, Aprilis, Maius, Iunius, Iulius, Augustus, September, October, November, December.

Denne kalenderen vart med kristendommen utbreiing innført i heile Vest-Europa, og heldt seg til den gregorianske kalenderen vart innført. I katolske land skjedde det allerede i 1580-åra, medan i Danmark-Noreg kom kalenderreforma i 1700.

Norrøne månader

norrønt norsk tyding tid
gormánaðr m. slaktarmånaden, slaktetida oktober/november
frermánaðr m.
ýlir f. pl.
frysemånaden
julemånaden
november/desember
hrútmánaðr m.
mǫrsugr m.
vêrmånaden, bekremånaden
morrsug
desember/januar
þorri m. torre tørrmånaden januar/februar
gói f., gǿ f. gjø februar/mars
einmánaðr m. mars/april
gaukmánaðr m.
sáðtíð f.
gaukmånaden
såtid
april/mai
eggtíð f.
stekktíð f.
mai/juni
sólmánaðr m.
selmánaðr m.
solmånaden
setertid
juni/juli
heyannir f. pl. høyonn, slåttonn juli/august
kornskurðarmánaðr m.
tvímánaðr m.
skurdonn-månaden
tvimånaden (vart dobla når det trongst?)
august/september
haustmánaðr m. haustmånaden september/oktober

Samiske månader

Juli blir kalla 'hårlausmånaden' i det sør- til lulesamiske området.
Foto: Olve Utne (juli 2012).

Dei samiske månadene har i stor grad fått namn etter naturbruk med hovudfokus på reindrifta. Såleis blir juli kalla 'hårlausmånaden' i sør- til lulesamisk; august blir kalla 'fullpelsmånaden' i ume- til skoltesamisk; september blir kalla 'brunstmånaden' i umesamisk, pitesamisk og lulesamisk; medan mai blir kalla 'reinfostermånaden' i pite- og lulesamisk og 'reinkalvmånaden' i nordsamisk og skoltesamisk.

Sørsamisk Umesamisk Pitesamisk Lulesamisk Nordsamisk Skoltesamisk Norsk
garre-tsïengeles urrajábiemánnuo åđđåjakmánno
årråjakmánno
ådåjakmánno ođđajagemánnu ođđeeʹjjmään januar
goevte
daelviegorres
gierhkiengarres
guavvamánnuo gåvvåmánno guovvamánno guovvamánnu täʹlvvmään februar
njoktje njukttjamánnuo njuktjamánno sjnjuktjamánno njukčamánnu pâʹzzlâšttammään mars
voerhtje vuartjismánnuo vuoratjismánno vuoratjismánno cuoŋománnu pââʹzzmään april
gïjreaske
gïjremaanoe
gueddetmánnuo mårbmesmánno moarmesmánno miessemánnu vueʹssmään mai
ruffie biehtsiemánnuo biehtsemánno biehtsemánno geassemánnu ǩieʹssmään juni
snjaltje sjnjïlttjamánnuo sjnjilltjamánno snjilltjamánno suoidnemánnu sueiʹnnmään juli
mïetske bårggiemánnuo bårrgemánno bårggemánno borgemánnu påʹrǧǧmään august
gaagkes rahkatmánnuo ragatmánno ragátmánno čakčamánnu čõhččmään september
golke gålgguománnuo gålgådismánno gålgådismánno golggotmánnu kålggmään oktober
båarkedhmaanoe juhttátmánnuo bássemánno basádismánno skábmamánnu vuʹvrrmmään november
goeve
jåvleaske
jåvlemaanoe
juvllamánnuo jåvvlåmánno javllamánno juovlamánnu rosttovmään desember

Tamilske månader

Oversikt over det tamilske månedssystemet.

Den tamilske kalenderen
Navnet på måneden (tamilsk) Oversatt til norsk Tid
சித்திரை Chithirai Midten av april til midten av-mai
வைகாசி Vaikaasi Midten av mai til midten av juni
ஆனி Aani Midten av juni til midten av juli
ஆடி Aadi Midten av juli til midtenav august
ஆவணி Aavani Midten av august til midten av september
புரட்டாசி Purattaasi Midten av september til midten av oktober
ஐப்பசி Aippasi Midten av oktober til midten av november
கார்த்திகை Karthikai Midten av november til midten av desember
மார்கழி Maargazhi Midten av desember til midten av januar
தை Thai Midten av januar til midten av februar
மாசி Maasi Midten av februar til midten av mars
பங்குனி Panguni Midten av mars til midten av april

Andre månadssystem

Kjelder