Midt-Noreg
|
Midt-Noreg nynorsk eller Midt-Norge (bokmål) er ein norsk landsdel som omfattar Trøndelag fylke og Møre og Romsdal fylke (særleg Nordmøre og Romsdal), og til tider òg sørlege deler av Nordland. Historisk sett har landsdelen bakgrunn i den rettslege eininga Frostating lagdømme, som i dag inkluderer Trøndelag og heile Møre og Romsdal, og den geistlege eininga Nidaros bispedømme, som inkluderte Trøndelagsfylka, Nordmøre og Romsdal inntil Møre bispedømme vart oppretta i 1983. I offentleg, administrativ samanheng svarar Midt-Noreg stort sett til Trøndelag og Møre og Romsdal.
Samarbeidsorganet Byer i Midt-Norge (BIMN) inkluderer byane Kristiansund på Nordmøre; og Røros, Orkdal, Trondheim, Stjørdal, Levanger, Verdal, Steinkjer og Namsos i Trøndelag.
Sjølve namnet Midt-Noreg/Midt-Norge er ei nydanning på line med Vestlandet, Sørlandet og Nord-Noreg som først vart teken i bruk kring 1910. Historiske namn på området inkluderer Frostatingslag(en), Nidaros (bispedømme) og Trondhjem (hovudlen, stiftsamt). Nemninga Trøndelag viste opprinneleg til området kring Trondheimsfjorden, frå Orkdalen i vest og til området ved Snåsavatnet i nordaust, men har seinare vorte bruka om større deler av området.
Offentleg administrasjon
Felles for Trøndelag og Møre og Romsdal
- Frostating lagdømme
- Helse Midt-Noreg
- Arbeidstilsynet Midt-Noreg
- Skatt Midt-Noreg [1]
- Statens vegvesen, region midt [2]
- Utlendingsdirektoratet, regionkontor Midt-Norge [3]
- Integrerings- og mangfoldsdirektoratet Midt-Norge [4]
- Kystverket Midt-Norge [5]
Annan inndeling
- NVE Region Midt dekkjer Helgeland, Trøndelag og Nordmøre [6]
Organisasjonar
- Kreftforeningen, Seksjon Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [7]
- Norges Motorsportforbund, Region Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [8]
- Operasjon Dagsverk Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [9]
- Trondhjems Turistforening er ein friluftsorganisasjon for fjellområde i Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal
Trussamfunn
- Trondheim katolske stift dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [10]
Næringsliv
- SpareBank1 Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Nordmøre[11]
- AOF Mid-Norge dekkjer Trøndelag, og AOF Møre og Romsdal dekkjer Møre og Romsdal [12]
- TINE Midt-Norge dekkjer Trøndelag, Nordmøre og Romsdal, og i tillegg Bindal [13]
- OIKOS Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [14]
- Husbanken, region Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [15]