Islam

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Muslimar)
Hopp til: navigasjon, søk
Moskéen i Åkebergvn. i Oslo i 1995.
Foto: Olve Utne

Islam er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia, og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen. Islam er såleis rekna å vera ein av dei abrahamittiske religionane. Han har sidan 1990-åra vore den nest største religionen i Noreg, og gjer seg særleg gjeldande i hovudstadsområdet. Om lag 75 % av dei norske muslimane bur i Oslo og Akershus.

Baitun Nasr-moskeen på Furuset i Oslo ble åpnet i 2011, og er landets største.

Etymologi

Ordet islām kjem av dei arabiske rotkonsonantane S-L-M, og blir omsett med overgjevnad til Guds vilje, eller òg med lydnad. Av andre arabiske ord med same rot finn ein salām og salām ‘alaikum, som tyder ‘(Guds) fred’ og (Guds) fred (vere) med dykk og er vanlege helsingsformer, samt muslim, som tyder ‘ein som underkastar seg Gud’.

Sentrale trekk ved islam

Tilhengarar av islam, kjende som muslimar, trur at Gud, eller (på arabisk) Allāh openberra seg for menneskja gjennom Muḥammad og andre profetar, inkludert Adam, Nuh (Noah), Ibrahim (Abraham), Musa (Mosjé, Moses) og Jesus. Muslimar trur at Muḥammad var den siste av profetane og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara til qijamah, dommedag. Eit tidlegare mykje brukt omgrep om muslimar er muhammedanarar, men på oppfordring frå muslimane sjølve er det etter kvart vorte mindre bruka.

Muslimar meiner at den viktigaste skriftlege openberringa til menneska er al-Qur’ān (Koranen), som dei ser på som den endelege og feilfrie openberringa til menneska. Tidlegare skrifter, som evangelia, Tawrāh (توراة; Toráen) og jødiske profetiske skrifter blir også sett på som guddommelege i natur, men det muslimske synet er at desse har vorte gløymde, mistolka eller forvridde slik at den originale bodskapen har forsvunne over tid.

Den grunnleggande truvedkjenninga i islām er sjahādah: Det er ingen Gud utanom Gud, og Muḥammad er Guds tenar og bodbringar (arabisk: لا إله إلا الله محمد رسول الله ). Islām blir skildra som ein dīn, ein livsveg eller ei rettesnor.

Stockholms moské.
Foto: Gabriel Ehrnst Grundin

Seks trusartiklar

Seks grunnleggande trusartiklar blir delte av alle muslimar:

  1. Trua på éin Gud.
  2. Trua på alle profetane (nabi) og bodbringarane (rusul) send av Gud. Islam reknar at det har vore rundt 124 000 profetar, av desse var 313 også bodbringarar. Av dem er 25 sett særleg høgt (ulul azmi) og er nemnde med namn i Koranen.
  3. Trua på bøkene (kutub) send av Gud:
  4. Trua på englane (mala’ika). Ti av desse blir sette særleg høgt og er nemnde med namn i Koranen og hadith.
  5. Trua på dommedag (qijama) og på livet etter døden.
  6. Trua på skjebna (qadar).

Dei fem søylene

Dei to største undergruppene av muslimar er sunni-muslimane og sjiah-muslimane. Sunni-muslimar utgjer storparten av muslimar i verda, kring 85–90%, men sjia-muslimane utgjer majoriteten i land som Iran og Irak. Sunni-islam sine grunnleggande pillarar blir referert til som Dei fem søylene i islam, medan sjiah-islam har ein noko annleis terminologi, som inkluderer fem grunnleggande røter i religionen og ti grunnleggande greiner. Muslimar har til felles dei følgjande fem hovudkrava for truande, som sunni-muslimar ser på som dei fem søylene og sjiah-muslimar ser på som element av religionen sine røter og greiner:

Islamsk endetidslære

Islamsk endetidslære er oppteken av qijama, endetida, og den endelege dommen over menneska. Etter islam skal dei rettferdige lønast med gledene i Djannah (paradis), medan dei urettvise skal straffast i Djahannam (helvete).

Gud

Grunnleggande i islam er Guds einskap, tawḥid, ein absolutt monoteisme. I «Sura al-Ikhlas» (kap. 112) blir Gud skildra slik:

Sei, han er Gud, Ein. Gud, den Evigvarande. Ikkje har han ole nokon, og ikkje har han sjølv blitt olen. Ingen er liken Hans

På arabisk blir Gud kalla Allāh. Ordet har etymologisk samanheng med ʾiláhguddom’ og er i slekt med det hebraiske Él, som vi finn att i Elohím, ‘Gud’. Allah blir òg bruka som namn på Gud av kristne og jødiske arabarar. Muslimar meiner at guden dei dyrkar er den same som den jødiske og kristne guddommen men avviser den kristne læra om Guds treeining. Med unntak av eitt begynner alle kapitla i Koranen med setninga I namnet åt Gud, den miskunnsame, den nåderike.

Moskéen

Muslimske sakralbygg blir kalla moskéar. Her samlar muslimar seg til felles bøn — helst fem gonger dagleg, men mange kjem berre på fredagen, som er den viktigaste vekedagen for muslimane, og les elles bøn på eiga hand. Kvinnene sitt i eit eige rom i moskéen, ved sida av hovudsalen. Ein lærd muslim, ofte kalla imam, leier bøna i moskéen. Han har ofte òg oppgåva som muaddhin (muezzin), å kalle til bøn frå minareten kvar moské har.

Koranen

Ei side i ein handskriven andalusisk koran frå 1100-talet.

Al-Qur’ān, eller Koranen, er den mest heilage skrifta i islam. Namnet på boka kjem frå det arabiske ordet for resitasjon og det er også sjølve orda, ikkje det trykte verket, som i islam blir sett på å vera Koranen.

Muslimar trur at Koranen vart openberra til Muḥammad av Gud gjennom erkeengelen Gabriel i åra 610632 evt. I tillegg til å ha lært Muḥammad sine openberringar utanåt skal følgjesveinane hans ha skrive dem ned. Muslimar trur at Koranen i dag er den same som den som vart openberra Muḥammad og som han brakte vidare. Forskarar er jamt over einige om at den utgåva av Koranen som er i bruk i dag først vart sett saman i skriftleg form av den tredje kalifen, Uthman ibn Affan, ein gong mellom 650 og 656. Han sende da kopiar til dei ulike provinsane i det nye muslimske riket og gav ordre om at andre utgåver skulle øydeleggast.

Dei fleste muslimar meinte frå tidlege tider at Koranen berre var perfekt og fullstendig i det språket den vart openberra, arabisk. Omsette utgåver av Koranen blir difor ofte stilt føre som korankommentarar eller som fortolkingar av Koranen si tyding.

Koranen er inndelt i kapittel (arabisk: «sura») og vers (arabisk: «ayat»). Kapitla er sorterte i rekkefølgje med dei lengste først, uavhengig av kva dei handlar om eller kva tid Muḥammad tok imot dei.

Ḥadīth-skriftene

Ḥadīth-skriftene er skrifter som viser til orda og gjerningane åt Muḥammad og følgjessveinane hans. Samlingar av ḥadīthskrifter er rekna som eit viktig verktøy i tolkinga av sjariʕa (islamsk lov). Muslimske skriftlærte deler gjerne ḥadīth-skriftene om Muḥammad inn i tre grupper:

  • ḥadīth-skrifter om Muḥammad sine ord (qawl)
  • ḥadīth-skrifter om Muḥammad sine gjerningar (fi'l)
  • ḥadīth-skrifter om kva Muḥammad såg som positivt i andre sine gjerningar (taqrir)

Ei eiga undergruppe av ḥadīth, ḥadīth kudsi blir av muslimar sett på som Guds ord, oppatteke av Muḥammad.

Retningar i islam

Det finst ei lang rekkje undergrupper av islam. Dei to viktigaste grupperingane islam kan delast inn i er sunni-islam og sjiah-islam, medan sufismen, ein spirituell tradisjon som finst blant både sjiah- og sunni-muslimar, blir rekna for å vera den mystiske retninga av islam.

Sunni-muslimane er den største gruppa innan islam; grovt rekna 80 % av verdas muslimar er rekna å vera sunni-muslimar. På arabisk tyder as-sunnah bokstaveleg tala prinsipp eller sti, medan omgrepet sunna i islām viser til tradisjonen etter Muḥammad. Sjiah-muslimane utgjer den andre hovudgruppa innan islām og skil seg frå sunniane gjennom manglande aksept av dei tre første kalifane, gjennom eigne lovtradisjonar og den sentrale rolla gjeve til Ali og til imamane. Både sunni- og sjiah-islām er delt inn i ei rekkje undergrupper. Ei tredje gruppe som daterer attende til den store skisma i islam er kharidjittane, ibadismen er ein overlevande arvtakar etter desse.

Det finst også andre mindre muslimske grupper som ikkje utan vidare kan klassifiserast som sunni- eller sjiah-muslimar, og dessutan grupper som i noko eller full grad ser på seg sjølv som muslimske, men som berre i nokon eller liten grad blir allment aksepterte som muslimar av andre. Blant desse finn ein zikri-religionen, Nation of Islam, druzarane, alawittane og aḥmadiyya-rørsla.

Islam i Noreg

Minaret og leikeplass i muslimsk stil på Grønland i Oslo.
Foto: Eirik Newth

Islam er den nest største religionen i Noreg. I 2003 budde det truleg omlag 115 000 menneske med muslimsk bakgrunn i Noreg.[1] Av desse var om lag 80 000 medlemmer i 92 muslimske trussamfunn i 2004. Om lag 60 000 av desse bur i Oslo og Akershus.[2] Dei aller fleste muslimane i Noreg har innvandrarbakgrunn. Det islamske miljøet i Noreg er sterkt fragmentert, men mange moskéar er organiserte i paraplyorganisasjonen Islamsk Råd Norge.

Historikk

I islandske annalar står det at det kom sendebod frå den muslimske sultanen i Tunis til Noreg i 1260-åra, etter at kong Håkon Håkonsson tidlegare hadde sendt sine sendebod til sultanen med rike gåver. Det er ikkje urimeleg å tru at det har kome muslimar til Noreg før dette òg. Men merkbare antal muslimar som bur i Noreg har det ikkje vore før etter andre verdskrigen. Samanlikna med andre europeiske land starta innvandringa frå muslimske land seint i Noreg, og denne innvandringa nådde ikkje merkbart nivå før slutten av 1960-åra. I 1975 vart det innført innvandringsstopp, men reglane for familiegjenforeining var relativt avslappa i nokre år etter dette.

Medlemmer i muslimske trussamfunn i Noreg
1980 1 006
1990 19 189
2000 56 458
2004 80 838
(kjelde: Statistisk Sentralbyrå)

Talet på muslimar i Noreg vart første gong registrert i offisiell statistikk i 1980, da det vart oppgjeve til 1 006. Denne statistikken er basert på medlemskap i ei registrert meinigheit, og det er svært truleg at det låge talet kom av at få muslimar var medlemmer av ein moské. Religionshistorikaren Kari Vogt anslår at 10 % av norske muslimar var medlemmer av ein moské i 1980, medan denne andelen hadde auka til 70 % i 1998. Det å skulle vera medlem av ein moské var eit framandt konsept for innvandrarar frå muslimske land, men i Noreg er det nødvendig for moskéane å operere med medlemslister fordi statstilskot til religiøse meinigheiter er basert på medlemstal. Talet på medlemmer har auka kraftig dei siste åra.

I slutten av 1990-åra passerte islām den katolske kyrkja og pinsevennene og vart dermed den største minoritetsreligionen i Noreg. I 2004 var medlemmene i muslimske trussamfunn fordelte på 82 registrerte og 10 uregistrerte meinigheiter. 60 000 av muslimane (om lag 75 %) og 40 av menigheitene var å finne i Oslo og Akershus.

Bakgrunn

Norske muslimar er ei svært fragmentert gruppe som kjem frå mange ulike bakgrunnar. Kari Vogt anslo i 2000 at det var kring 500 norske konvertittar til islām. Resten er for det meste første- eller andregenerasjons innvandrarar frå ei rekkje land. Dei største innvandrargruppene frå muslimske land i Noreg er frå Pakistan, Irak og Somalia — sjå tabell.

Opphavsland Tal
Pakistan 27 675
Irak 20 076
Somalia 18 015
Bosnia-Hercegovina 14 822
Iran 14 362
Tyrkia 14 084
(2006. Kjelde: Statistisk Sentralbyrå)

Ein ukjent, men truleg høg, del av desse innvandrargruppene er muslimar. Dette viser at den største gruppa norske muslimar har bakgrunn frå Pakistan, men ingen enkelt nasjonalitet utgjer så mykje som ein fjerdedel av den totale mengda.

Moskéar

Det Islamske Forbundet i Bergen sin moské, som dei fleste andre moskéar i Noreg i eit vanleg byhus (2006).

Den første moskéen i Noreg var Islamic Cultural Centre, som vart opna i Oslo i 1974. Initiativtakarane var pakistanarar som fekk hjelp frå det Islamic Cultural Centre som allereie hadde opna i København. Den nye moskéen følgte deobandi-retninga av sunni-islām. Dei som følgte barelwi-retninga, som utgjorde fleirtalet av pakistanarane i Noreg, følte snart behovet for sin eigen moské og opna Central Jama'at-e Ahl-e Sunnat i 1976. Dette er i dag den største moskéen i Noreg, med over 5 000 medlemmer. Etterkvart som den muslimske befolkninga auka, auka òg talet på moskéar raskt. Medan det samla talet på muslimar var lågt var det naturlig at mange ulike grupperingar kom saman i ein moské. Men etter kvart som ulike innvandrargrupper auka i antal oppstod ønskjet om eigne moskéar for grupper av ulik nasjonalitet, språk og trusretning. Den første sjiah-muslimske meinigheita, Anjuman-e hussaini, vart grunnlagd allereie i 1975, og tidleg på 80-talet oppstod eigne marokkanske og tyrkiske moskéar.

Moskéane har vore viktige, ikkje berre som stader for bøn, men òg som møtestad for medlemmene av minoritetsgrupper. Fleire moskéar driv òg ulike former for sosialt arbeid; blant anna har enkelte av dei organisert heimsending av avdøde medlemmer til fødelandet for gravlegging. Moskéane er stort sett plasserte i vanlege bygårdar og er ikkje lett synlege i gatebildet. Inntil 2005 hadde det berre vorte bygd éin moské spesielt for formålet, World Islamic Mission sin moské i Åkebergveien i Oslo, frå 1995. I 2000 vart denne moskéen òg den første som begynte med adhan — bønerop. Moskéen fekk først løyve frå Gamle Oslo bydel til å halde adhan ein gong i veka. Dette vedtaket vart anka av Framstegspartiet til fylkesmannen i Oslo og Akershus, men hans konklusjon var at det slett ikkje var nødvendig med løyve for bønerop, og moskéen stod dermed fritt til å utøve adhan etter eige ønskje.[3] Dei valde i første omgang likevel å avgrense seg til éin gong i veka.

Islamsk Råd Norge

Det fins ein paraplyorganisasjon for muslimske menigheiter i Noreg, Islamsk Råd Norge (IRN), som vart oppretta i 1993. Utviklinga av muslimske trussamfunn i Noreg hadde i 1980-åra gått i retning av fragmentering, ettersom fleire nye moskéar vart oppretta for nye muslimske grupperingar utan at det fanst nokon samlande organisasjon som kunne representere muslimane overfor det norske samfunnet. Det som utløyste eit nærmare samarbeid mellom meinigheitene var ein invitasjon frå Mellomkirkelig Råd. Rådet ville gjerne etablere permanent kontakt mellom kristne og muslimske organisasjonar. Frå muslimsk side vart forslaget godt motteke, men det fanst på den tida ingen enkelt organisasjon som kunne representere muslimane i eit slikt forum. Den største moskéen, Central Jama'at-e Ahl-e sunnat, tok initiativet og starta prosessen som førte til stiftinga av Islamsk Råd Norge den 22. oktober 1993 — frå starten med fem moskéar som medlemmer. Rett etterpå vart Kontaktgruppa for Mellomkirkelig Råd for Den norske kirke og Islamsk Råd Norge oppretta. I mars 2006 har IRN 20 medlemsorganisasjonar, inkludert ein paraplyorganisasjon for Rogaland som i sin tur omfattar sju moskéar. I 1999 vart det anslått at kring halvparten av muslimane i Noreg var med i moskéar som var med i IRN. Albanske, bosniske, pakistanske barelwi og deobandi, arabiske, tyrkiske, somaliske og gambiske moskéar er med i IRN. Sidan 1996 har IRN òg vore med i Samarbeidsrådet for Tros- og Livssynssamfunn, som omfattar alle dei store religionane i Noreg.

Andre organisasjonar

Nor moskéFrogner husar minoritetsgruppa aḥmadiyya.

Andre muslimske organisasjonar som går på tvers av enkelte meinigheiter finst òg. I 1991 vart Islamsk Kvinnegruppe Norge (IKN) stifta etter initiativ frå den norske konvertitten Nina Torgersen, og i 1995 kom Muslimsk Studentsamfunn ved Universitetet i Oslo. Den islamske stiftinga Urtehagen vart oppretta i 1991 av Trond Ali Linstad og dreiv først barnehage og ungdomsklubb. I 1993 søkte Linstad for første gong om å få opprette ein muslimsk friskule. Arbeidarpartiregjeringa avslo søknaden i 1995 fordi det ville vera «ugunstig for barnas integrasjon». Med regjeringsskiftet til sentrumsregjeringa i 1997 søkte Linstad igjen, og i 1999 vart søknaden godkjent. I august 2001 opna Urtehagen friskole med 75 elevar. Men interne konfliktar på skulen førte til at han vart nedlagt våren 2004.[4]

Kjelder

  • Nielsen, Jørgen S.: Muslims in Western Europe (Edinburgh, 1992)
  • Vikør, Knut S.: Islam, ei faktabok. Spartacus, 2002
  • Vogt, Kari: Islam, tradisjon, fundamentalisme og reform. Cappelen, 2005
  • Vogt, Kari: Islams hus, verdensreligion på fremgang. Cappelen, 1995

Lenkjer

Generelt

Noreg

Liberal

Aḥmadiyya

Sunni

Sjíʕah


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Islam» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.

Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Islam i Noreg» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.