Nordlandsbåt

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Nordlandsbåter»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordlandsfembøringen Grytir på veg til KYSTENs landstemne i Bodø i 2006.
Foto: Arne-Terje Sæther

Nordlandsbåt er fellesnamnet for dei tradisjonelle opne ro- og seglbåtane i Nord-Norge — frå Ytter-Namdalen og nordover til grensa mot Russland. Nordlandsbåten er, som dei fleste andre tradisjonelle båtane langs kysten, spissgatta. Han er langkjøla, meir eller mindre rakstemnt og relativt rettborda og viser lite geografisk variasjon. Historisk sett er krumstemningen den eldste typen. Han har krumma stemnar, hogde bord, karakteristiske kne som går opp i ein boge eller spiss over kjølen, skjeggkeipar og råsegl. Overgangen til saga bord kring slutten av 1700-talet førte med seg endring i forma som via nokre tildels farlige overgangstypar endte opp i den moderne nordlandsbåten med råsegl kring 1850-åra; og denne vart så lett omforma ved innføringa av sneiseglet kring slutten av 1800-talet. Innpå 1900-talet vart ein del nordlandsbåtar oppborda og utstyrt med motor, sjå for eksempel motoråttring. I dag er motoråttringen gått ut av bruk, men det blir bygd både krumstemningar, rettstemna råseglbåtar og rettstemna sneiseglsbåtar.

Nordlandsbåten blir bygd i fleire størrelsar — frå toroms kjekser og opp til fembøringar som kan ha opptil seks årepar og enda fleire rom. Den største registrerte fembøringen var på 53 fot. Bindalsbåtane og ranværingsbåtane blir tradisjonelt bygd i gran, mens saltværingsbåtane tradisjonelt blir bygd i furu.

Under Harstad handelsstevne 1891 vart ein av Harstads første regattaer arrangert, i alle fall den til da største. Deltakande farty var i hovudsak tre- og fireroms nordlandsbåtar; dei vi ser i forgrunnen her er imidlertid båtar som var til sals. I bakgrunnen ser vi Bergenske Dampskipsselskaps D/S «Neptun» - og dermed kan vi òg tidfeste bildet til 17. juni 1891, etter som avisa Tromsø Amtstidende for søndag 21. juni hadde ein notis om at 60 turistar steig i land frå båten «i onsdags» og såg seg kring i "Byen" og på marknadslivet.

Avgrensing, utbreiing og variantar

Geografisk sett er primærområdet til nordlandsbåten heile kysten frå Ytter-Namdalen, der han grensar mot åfjordsbåten, til Aust-Finnmark, der han grensar mot skoltesamiske og russiske båtar. I innlandet grensar han mot austskandinaviske båter. Sekundært har nordlandsbåten og vorte bruka blant anna i Arjeplogs kommun i Norrbottens län, i Aure kommuneNordmøre og på austkysten av Island.

Størrelse


Oversyn

Nemninga på båtane vil vere litt forskjellig etter kva for ein båttradisjon ein høyrer til. Det er oftast dialekten som utgjer forskjellen på nemninga.

Rom Lengd (fot) Årar Årepar Romnemning Andre
2 14–17 færing (Helgeland) tororing torømming kjeks (Salten og nordover)
sjun (Grytøya, Troms)
2,5 17–18 hundromsfæring (Helgeland) tororing halvtrierømming (Salten og nordover) kjeks
3 19–20 seksring (Helgeland) treroring (Salten og nordover) trerømming
3,5 21–23 seksring treroring halvfjerdrømming kobbromsbåt
4 24–27 firroring
4,5 27–29 halvfemterømming bunkerømming
5,0 28–34 åttring, storåttring
6–8 36–44 seksroring fembøring
9–10 45–58 storfembøring

Kjeks

Hundromsfæring

Trerømming

Halvfjerderømming

Firrømming

Halvfemterømming

Åttring

Fembøring

Andre størrelsar

Vi kjenner til éin nordlandsbåt som hadde åtte par årar.

Fleire bilde

Kjelder