Bygdebok for Lesja/2 - tilleggsopplysningar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Denne sida kan nyttast til å gje tilleggsopplysningar til informasjonen i Bygdebok for Lesja bind 2: Gards og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn (utgjeve 1992). Også retting av faktiske feil kan leggast inn her. Gje opp referanse til gard, bustad, familienummer og sidetal og kjelde for informasjonen, og følg siderekkefølga i bøkene.

Innhold

Mosendslette (4-1), s. 41

Meir informasjon om familien til Hans Olss. Bjøkne i denne tråden i Digitalarkivets debattforum. Sjå òg u. Øvre Bjøkne s. 228.

Åvangen inntil fyrst på 1800-talet (1-10), s. 51

Referansen til Bolsøyboka er til band II.[1] Bjørnard (Bjørner) og Brit var i Bolsøy alt i 1791, då sonen Knut vart fødd på Årø.[2][3] Dei var husfolk med jord på Årø indre i 1801.[4]

Nørdre Åvangslykkja (4-3c), s. 56

Tosten Sveinss. kom til Kristiansund og gifta seg der i 1883[5] med Eva Maria Eriksd. frå Karesuando i Sverige, f. 1860. Som vi kan sjå var Tosten brannkonstabel i Kristiansund. Dei fekk sonen Theodor f. same året, d. 1964. Han vart seinare kjent som ein rimeleg habil kunstmålar, utdanna m.a. i Bergen og busett ei tid i Volda.[6]

Leirmoen og Rise, s. 63-93

Kartet over gardsbruk, plassar og bustadhus på desse kartane står på s. 66, ikkje s. 58 som det står under dei enkelte. Her har det tydelegvis skjedd noko under ombrekkinga av boka.

Midti Leirmoen (5-2), s. 70

Gjeld barn nr 7, Oline f. 1842. Ho vart g. i Lom 1871 med Jon Tordss. frå Torstugu – Nedre Løyfti, Grøna, og dei reiste til Amerika i 1871. Sjå Bygdabok for Lom bd 2 s. 58.

Motterud (1-7), s. 99

Her står det at kona til Jens, Marit, kanskje var frå Klukkstad (1-5), bd 3 s. 19. Fleire forhold gjer det sambandet tydelegare: namnebruken i familiane, det at ei Guro Nilsd. var fadder for første barnet til Marit og Jens, Marit og Guro var systre på Klukkstad (der tilvisinga til Motterud elles har falt ut). På Klukkstad står det at Marit var f. 1725.

Kalvlykkja – Motterudlykkja (4-2), s. 101

Gjeld barn nr 6, Ola f. 1876: «g. 1901 i Hamar m. Eli Mikkelsen f. 1876 i Vang. Ole var jernbanearb. og bodde i Hamar hvor følgende barn som er kjent ble f.: Anna 1902, Sigrid 1904 og Oscar 1908. Disse tre konfirmert i Narvik. Ole var overkonduktør da han døde ved en arbeidsulykke på Ofotbanen i 1925».[7]

Motterudhaugen (5-1), s. 102

Gjeld barn nr 1 Marit, 1798. Ho kom til Valdersholen, Hovauk (15-3), bd. 3 s. 455.

Nørder-Stavem (12-2), s. 141

Ole Knutsson og Berit Mortensdotter Wenge flytta ca. 1837 frå Grytten til Molde, kor han var glasmeister.[8] I 1865 budde dei i Kirkebakken.[9] Ole døydde i 1870 i Molde.[10]

Dottera Mathea (f. 1829 i Grytten) vart gift med handelsmann Georg Martin Danholm.[11]

Nørder-Stavem (12-3), s. 141

Meir informasjon om familien til Anne Olsd. og Pål Larss. i denne tråden på det gamle Brukarforum på Digitalarkivet.

Nøysom, Stavem (16-1), s. 148

Barn nr. 5, Svein, var født og døypt 20. august 1803 i Lesja.

Nøysom, Stavem (16-2b), s. 148

Svein og Marte Marie er registrert som innflytt til Trondheim, Domkyrkja kyrkjelyd (nr. 150 og 151) i 1840. Vi ser at Marte Marie var 29 år, altså f. ca. 1811, og f. i Ringsaker.

Øverhaugen, tavem (17-1), s. 150

Haldog Tostenss. f. 1746, sjå Verksfolk (1-14a).

Hauglykkja, Stavem (34-2), s. 160

Anton Paulsen, sjå Engebretlykkja, Hattrem (20-2), bd. 3 s. 255.

Steinbakken, Stavem (48-4), s. 165

Om barn nr 3 Per Berg f. 1886.

Stavemsstugu, Stavem (51-2), s. 166

Det som står om barn 3, Johannes f. 1828, er truleg feil. Det var truleg han som vart i Tromsø i 1861 med Ane Kristine Rasmusdtr. f. ca. 1827 på Helgeland. I 1865 var familien på Tønsås i Tromsøysund prestegjeld.

Jøråndstad, Hoset (34-2), s. 214

Jakob Larss. var f. 1830, ikkje 1824, jf. barn nr. 3 i familie 34-1. Interessant brevsamling knytt til familie 34-2.

Øvre Bjøkne til 1861 (3-8b), s. 228

Meir informasjon om familien til Ola Hanss. i denne tråden i Digitalarkivets debattforum.

Nordpå Bjøkne (9-4), s. 241

Her har namnet på den garden Tosten Syverss. kom frå falle ut. Han var frå Ølstad (1-13b), bd. 3.

Ekra, Bjøkne (11-7), s. 246-47

Mykje informasjon om fleire av barna i denne familien i desse trådane i Digitalarkivets debattforum: 45606, 45840 og 47537.

Holbakken, Bjøkne (13-3b), s. 251

Barn Marit Jakobsd. f. 1869 reiste frå Rennebu til «onkelen» C. Malmedal i Lowry, Minnesota i 1897.[12] Det var truleg mannen til syskjenbarnet Kari Steinarsd. frå Hågålykkja, Hågån (10-2) f. 1864.

Holbakken, Bjøkne (13-8), s. 251

Thorvald Nørstegård f. 1871, d. 1946.

Søre Bjøknelykkja (29-4c), s. 257

Ellef Olss. f. 1851 gifta seg i Luster i 1881 med Cecilie Jensd.. Iflg. dette innlegget på Digitalarkivets Brukerforum busette dei seg 1881 i Nordre Steinjellersmau 4 i Bergen og fekk 6 barn. Ellef døydde i Bergen i 1914.

Systugu Norderhus (3-9), s. 291

Familien står på Nordigard Sør-Hole (2-7b), bd. 3 s. 173.

Nørdre Holen, Norderhus (15-6 og 7), s. 308

Gjeld Maria f. 1867 g.m. Borgersen. Meir om deira relasjon i Digitalarkivets brukarforum. Fornamnet hans var altså Gustav, f. 1870 på Glassverket. Sjå òg om dotter deira under Grinde s. 309.

Anders f. 1879 tok nok over drifta av bruket før 1910 ifølgje folketeljinga det året.

Grinde, Norderhus (17-5), s. 309

Meir informasjon om slekta til Aurora i Digitalarkivets brukarforum. Ho utvandra altså til USA i 1915, men må ha kome attende før 1945.

Flitti (1-2), s. 330

Den Guri som står som barn nr. 3 kom nok ikkje herfrå, sjå Brennjord (1-4) nedafor. Informasjonen frå sonen frå 1757 må tolkast på nytt.

Flitti (1-5b), s. 331

Ola Knutss. var ikkje far til Trond Olss. på Utigard i Eikesdalen.[13][14] Faren til Trond var frå Oppistugu Hågå (3-3), og mora var frå Stor-Kollstad (1-5).

Grønkjelda, Flitti (3-1), s. 335

Gjeld barn nr 3, Nils f. 1823. Informasjon om han i denne tråden i Digitalarkivets debattforum.

Brennjord til kring 1730 (1-4) s. 394

Gjeld kona til Trond, Guri Eriksd. Ho var nok ikkje frå Flitti, men frå Devoll i Romsdalen, for iflg. skiftet etter mor hennar, Anne Eriksd. i 1687, var ho på Brennjord.[15]

Søre Brennjord (3-3), s. 398

Gjeld tredje barnet til Marit og Håken, Peder f. 1775. Han står som elles ukjent. Men Ragnar Standal med bygdeboka for Voll bd III som kjelde, gjev oss lagnaden til Per:

Anders T. Sæbø, fødd i Måndalen 1766, var både skreddar og spelemann. I februar 1794 kom ein 18-årgamal gut frå Lesja, Per Håkensson Brennjord, til han i skreddarlære. I snøbrøyta strauk dei over Lågfjellet til Tresfjorden for å få seg oppdrag, men der fanst ikkje oppdrag, der heller, og dei måtte snu attende - berre med ei brennevinsflaske som niste.

«På Tjønnhaugane greidde ikkje ung-guten meir. Han Anders bar han på ryggen aldri så langt, til dei kom neri Stavassbakken. Då orka han ikkje børa meir, la guten frå seg, og sprang til venås etter hjelp.» Då hjelpa kom fram, var guten død. Folket hans på Lesja sende sommaren etter ei vakker utskoren fjøl til gravminne, og toppstykket av denne vart seinare festa på lemen i gamlekyrkja.[16]

Breigutu, Brennjord (9-9), s. 408

Kona Gunhild f. 1911 var nok fødd i Vågå, men familien flytte til Søre Veslsætre, Nyrnes i Lom ca 1914, sjå Bygdabok for Lom bd 2 s. 32.

Rudi (1-11b), s. 430

Det er ikkje usannsynleg at Anne Jonsd. frå Stuguflotten, f. 1788, var mor til Jon Olss. f. 1807, sjå Ukjente Nord-Hole (13-3). Da Jon vart konfirmert i 1825 (nr 20) står nemleg Anne Jonsdtr. Rudi som mor hans.

Nilsplassen, Åsen (1-2), s. 474

Barn nr 1, Marit f. 1731, sjå Augardshågån (2-2) i bd. 3 s. 366.

I familie 1-3 same sida, barn nr 7 Ågot f. 1761, sjå Hågålykkja, Skålgård (6-1), bd. 3 s. 689.

Torsgarden, Åsen (5-5), s. 479f

Mykje informasjon om (Karl) August Wikberg frå Sverige, far til Elise f. 1898, på Slektsforum.

Lyftingsbakken, Åsen (6-1b), s. 481

Ola Nilss. «Skullevær» er kan hende feillesing frå kyrkjeboka av «Ole Nielsen skulle være hendes Barns Fader».[17]

Lyftingsbakken, Åsen (6-4), s. 481

Gjeld barn nr 5, Tore, f. 1823. Iflg. innlegg på Slektsforum[18] kom han til Espedalen, gifta seg, fekk fire barn og flytte vidare til Langøy ved Kragerø der han døydde i 1886.

Kolådalen, Åsen (10-5b), s. 490

Guri Kristoffersdotter enda truleg i Molde i lag med sonen Tore, jf. enkja «Guri Christophersdtr» med son «Thore Pedersen» i folketeljinga 1801.[19] «Guri Christophersd: Skultzhaven» (bydelen aust for Røysa) vart jordfesta 14. desember 1809,[20] og buet etter Tore blei registrert 20. februar 1813.[21] Han har namnet Røbakk, og var fødd 1771 i Gudbrandsdalen (eller Gausdal) ifølgje sjørullane, men dei har stundom gale fødselsår.

2. Kristoffer (f. 1771) var gift på Oterhalsen i naboprestegjeldet Aukra og døydde der i 1853.[22]

3. Kan hende var det broren Pe(de)r (f. 1774) som kom til Eikrem i Aukra og døydde der i 1856.[23]

4. Antonie (f. 1778) var nok ein gut, Antoni, tenar på Solem i Aukra i 1801.[24] Han vart plassbrukar på Aukratangen under prestegarden.[25]

Ommundstad, Åsen (14-4b), s. 499

Konrad Bäckstrøm var døypt Frans Gustav Konrad og kjend som Gustav (senior, truleg utanfor Lesja). Fødestad var Säbrå, Härnösand, dato 5.11.1879. Han døydde i Grong 17.6.1954. Sonen Gustav døydde i 2003.[26]

Ånsetdalen, Åsen (51-2), s. 510

Gjeld tilvisingsfeil til bd 3: Sigrid og Tore, sjå Holsmyre, Sør-Hole (10-1a).

Lisbetbrenna, Åsen (52-1), s. 512

Gjeld barn nr 5, Andreas f. 1850: gift i Vefsn før han flytta til Hammerfest iflg. informasjon på Slektsforum[27].

Vesl-Avdem (3-11b), s. 551

Marit og Håken kjøpte Sigstad på Kvam i 1913 for kr 24.500, og sonen Sigurd , g.m. Tora Gillebo, Øyer, fekk skøyte i 1936.[28]

Systugu Avdem (10-4a), s. 563

Barn nr 8 og 9 skal bytte plass. Nr 9 Kristian August Lyche Wang f. 1842 etablerte første gravferdsbyrået i 1877, Kristiania Begravelses-Bureau, seinare Wang begravelsesbyrå[29].

Ukjente Avdem (25-2c), s. 571

Guro Nilsd. som gjekk til altars her i 1740-åra, var truleg frå Klukkstad (1-5).

Grindstugu, Tynnøl (3-4c), s. 580

Gjeld barn nr 2, Fredrik f. 1778. Meir informasjon om han og etterkomarar finn ein på Slektsforum[30].

Nørdre Tynnøl (5-4), s. 585-6

Mykje informasjon om Jens Tores. og slekta hans i Valldalen på denne vevsida.

Systugu Tynnøl (6-9), s. 592

Meir informasjon om familien i Kvernes i folketeljinga frå 1865.[31]

Nordistugu Lia (2-3), s. 609

Ola og Guro gifta seg i 1732.[32] Familien flytte sannsynlegvis til Molde etter dei selde. Ola døydde truleg før 1762, medan Guro døydde i 1791 på Herøy, 90 år og 7 månader gamal.[33]

I 1762 budde enka Guri Siursdotter i Moldegårdsalléen i lag med sonen Tosten Olsen.[34] Ho vart òg kalla Guri på Marka og var nabo med (dottera?) Anne Olsdotter på (Molde-)Marka, d. ca. 1787. (Anne sin son Jon tente i Herøy i slutten av 1770-åra.[35] Også sonen Hans kom til Sunnmøre.[36] Ein annan son heitte Tosten.)
I 1771 hadde Guri flytta til Sunnmøre (til sonen Sivert?), men ho var attende i Molde året etter.[37] Ho hadde hus på Marka/Alléen iallfall til 1778.[38]

Særskilt om barn nr 3, Syver (som skreiv seg Sivert) – han vart altså ein storkakse på Sunnmøre.

Systugu Lia (3-1), s. 608

Gjeld tilvisingsfeil til bd 3: Johannes var frå Nørstebø (1-2).

Systugu Belle (3-1), s. 639

Gjeld tilvisingsfeil: Jesper frå nr 1-3b framafor, ca. 1624 osv.

Barn nr 3 i andre ekteskapet til Jesper, Ragnhild, g.m. Mikkel Jonss.: sjå Systugu Bø (14-3).

Søre Bellestugu, s. 642

I Årsskrift for Lesja historielag 2009 s. 110-114 er det eit stykke av Oddrun Gilberg med bilde og utfyllande informasjon om denne plassen og folka som budde der.

Ukjente Nord-Hole (13-3), s. 661

Det er ikkje usannsynleg at Anne Jonsdtr. i denne familien er den same som Anne Jonsdtr. frå Stuguflotten på Rudi (1-11b).

Vesl-Kollstad (2-7), s. 695

Gjeld tilvisingsfeil til bd 3: barn nr 6, Jøda, ca. 1680, sjå Isaksbø (1-4).

Huset, Kollstad (8-1b), s. 699

Sjå «Jesbrigt Olsøn» som kreditor i skiftet etter Ola Jesperss. i Eikesdal 1745. Buet var fallitt, men Sjur, Gunnar, Jesper og Hans Olssøner fekk uteståande arv.[39]

Tilvisinga til skoskatten 1711 (Eikesdalen) gjeld nok ein tidlegare brukar med liknande namn.

Huset, Kollstad (8-2), s. 699

Det er rett at Ola Bergsveinsson Kring var gift med Rebekka Mattisdatter (i live 1755). Ho var frå Molde, dotter av skomakar Mattis Persson (ca. 1666–1740) og kona Bergitta Olsdotter (d. 1764).[40]

Huset, Kollstad (8-3), s. 700

Gjeld Olava Marie Stockflet, kona til kapellanen Henrik Pram. Ho var f. 1738 og dotter til sokneprest Niels Stockflet (bd. 3 s. 37), og dei gifta seg i Fåberg i 1755. Dei flytte til Fåberg alt i 1758, og deretter gjekk Henrik som solisitant i København i sju år før han fekk soknepreststillinga i Slagslunde med Granløse utanfor København i 1765. I dei sju åra budde Olava og barna «mest hos futen på Rolstad» (i Fron, futen var Christian Henrikss. Pram, far til Henrik).[41]

Huset, Kollstad (8-3a), s. 700

Omfattande drøfting av kven Kristoffer Olss. kan ha vore i denne tråden i Digitalarkivets debattforum.

Huset, Kollstad (8-9b), s. 700

Gjeld barn nr 2, Erik f. 1829. Han vart registrert som innflyttar til Sørum i 1856[42] der han òg iflg. debatt på Slektsforum[43] etablerte familie.

Opphavet til faren, Fredrik, er òg drøfta på Slektsforum[44].

Søre Leire, Kollstad (13-2), s. 705

Barn nr 1, Hans, født 1738 (ikkje 1735).[45] Det var truleg han som vart g. 1779 med Marit Olsd. f. 1748 på Tostingard i Dovre, jf. Bygdabok for Dovre bd 3 s. 95, for det er nemnt ein sersjant Hans Jakobss. Hågå f. ca 1739-40 i mange militære ruller frå perioden 1773-93.

Nørdre Hågålykkja (10-2), s. 730

I 1788 fekk ein Berthe Ingebrichs: (sic) fra Lesja ein son på Bjørnes i Eresfjord,[46] konfirmert i 1806 som Ingebrigt Bjertesen Bjørnæs.[47] Ingebrigt Bjørness vart overgevaldiger i Trondheim,[48] og døydde der i 1865 som gjestgjevar.[49]

I 1789 vart eit dødfødd barn gravlagd i Eresfjord. Faren var Bierte Ingebrichs: fra Oplan.[50]

Referansar

  1. Jørgen Olafsen-Holm (red.), Bolsøyboka: en natur- og samfunnshistorisk skildring av Bolsøy prestegjeld og herred: annen del. Oversikt over Bolsøy herreds gårder og deres historie. Bolsøyboknemnda, Molde 1948
  2. Bolsøy prestegjeld, ministerialbok 1759–93. Statsarkivet i Trondheim, 555 A01: fol 69 b. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16053&idx_id=16053&uid=ny&idx_side=-67
  3. Ibid.: fol. 29 a. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16053&idx_id=16053&uid=ny&idx_side=-30
  4. Bjørnar Larsen i folketelling 1801 for Bolsøy prestegjeld fra Digitalarkivet
  5. Permanent sidelenke til ministerialbok for Kristiansund, vigde 1883, nr 66.
  6. Birkeland, Narve 2004: Kunstnaren Theodor Aavang og Volda. Voldaminne s. 7-22.
  7. http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=77186 DA-debatt nr 77186
  8. Bolsøy prestegjeld, Molde sogn, ministerialbok 1818–43. Statsarkivet i Trondheim, 558 A02 (s. 553, nr. 6)
  9. Folketeljinga frå 1865. Elektronisk utgave. Reg.: Teleslekt. Digitalarkivet 1998/2012 (Molde, Kirkebakken, mnr. 70)
  10. Molde prestegjeld, ministerialbok 1864–72. Statsarkivet i Trondheim, 558 A04 (s. 4, nr. 3)
  11. Johan Julnes, Midsund – gard og slekt: II. Midsund kommune, Elnesvågen 2003. ISBN 82-7955-035-6 (s. 578)
  12. E-post 6.4.2012 frå Inger Bjørnaas, Rennebu historielag.
  13. Bjarne Skorgen, Gards- og ættesoge for Nesset: VII. Kulturetaten, Nesset kommune, 1991 (s. 89)
  14. Romsdal sorenskriveri, tingbok 1732–40. Statsarkivet i Trondheim, 1A 11 (fol. 228 b)
  15. Møre og Romsdal county, Romsdal sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 02, 1683-1687, f. 69a http://arkivverket.no/URN:sk_read/24611/78/
  16. Standal, Ragnar 1996: Vegar før vegar var II. Fjelleier på Sunnmøre og Romsdal s. 79
  17. Lesja prestegjeld, ministerialbok 1732–76. Statsarkivet i Hamar, 2 (s. 448)
  18. http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=16318
  19. Guri Christophersdatter i folketelling 1801 for Bolsøy prestegjeld fra Digitalarkivet
  20. Bolsøy prestegjeld, Molde sogn, ministerialbok 1798–1818. Statsarkivet i Trondheim, 558 A01 (fol. 38 a)
  21. Molde by, skifteprotokoll 1801–22. Statsarkivet i Trondheim, 3Aa 04 (fol. 408 b)
  22. Johan Julnes, Bygdebok for Aukra. Gard og slekt: bind II. Aukra kommune, 1987 (s. 133)
  23. Johan Julnes, Bygdebok for Aukra. Gard og slekt: bind II. Aukra kommune, 1987 (s. 419)
  24. Antoni Pedersen i folketelling 1801 for Aukra prestegjeld fra Digitalarkivet
  25. Johan Julnes, Bygdebok for Aukra. Gard og slekt: bind I. Aukra kommune, 1987 (s. 126)
  26. Innlegg 80269 på Digitalarkivets debattforum
  27. http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=71798
  28. Hovdhaugen, Einar 1974: Gardar og slekter i Fron. Bind II Nord-Fron, s. 489f.
  29. Wikipedia 19.10.2010
  30. http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=88468
  31. Ødegaard i folketelling 1865 for Kvernes prestegjeld fra Digitalarkivet
  32. Lesja prestegjeld, ministerialbok 1724–31. Statsarkivet i Hamar, SAH/PREST-068: fol. 74 b. https://media.digitalarkivet.no/kb20070603470103
  33. Myrvaagnes, Per 2007: Sivert Olsen paa Herøe. Kirkeeier. Proprietær. Handelsmand. Etterslekt m.m. s. 13.
  34. Molde by, ekstraskatt 1762–72. Riksarkivet, 4A 136 45: 1762, Alleen. https://media.digitalarkivet.no/rk10041112212027
  35. Molde, sjømanntall 1776. Med noen senere oppdateringer og ekstrarulle av 1777–78. Statsarkivet i Trondheim, F054.5.4: nr. 52. https://goo.gl/photos/rdJhzoX5eAdr3y5W7
  36. Molde by, skifteprotokoll 1786–1801. Statsarkivet i Trondheim, 3Aa 03: fol. 285 b. http://arkivverket.no/URN:sk_read/24631/291/
  37. Molde by, bygningstaksasjon 1767–86. Statsarkivet i Trondheim, E073.1.1: 1771 og 72, endringer, mnr. 190
  38. Molde by, skifteprotokoll 1768–87. Statsarkivet i Trondheim, 3Aa 02: s. 995. http://arkivverket.no/URN:sk_read/24630/212/
  39. Romsdal sorenskriveri, skifteprotokoll 1740–51. Statsarkivet i Trondheim, 3A 07 (fol. 383 b)
  40. Molde by, pantebok 1748–1823. Statsarkivet i Trondheim, 2C 01 (s. 16). Familien er omtalt på nettsida http://kjellovehattrem.com/g0/p73.htm#i7264
  41. Bjørkvik, Randi 1958: Futene Pram i Gudbrandsdalen. Heimen 2 s. 80f.
  42. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7610&idx_id=7610&uid=ny&idx_side=-229 nr 7
  43. http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=86408
  44. http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=85163
  45. Permanent sidelenke til kyrkjeboka, s. 219 dåp nr 3 nedafrå, f. 22.2.1738.
  46. Nesset prestegjeld, ministerialbok 1757–1803. Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-1454/551/L0621 (fol. 180 a)
  47. Nesset prestegjeld, ministerialbok 1804–45. Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-1454/551/L0622 (s. 22)
  48. Romsdal sorenskriveri, skifteprotokoll 1823–31. Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-4149/1/3/3A/L0016 (fol. 446 b)
  49. Trondheim, Vår Frue kirke, kirkebokduplikat 1864–72. Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-1456/602/L0140 (s. 535, nr. 189)
  50. Nesset prestegjeld, ministerialbok 1757–1803. Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-1454/551/L0621 (fol. 184 b)