Sagelva Vasskraftsenter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Skilt ved innkøyringa
Foto: Arnfinn Kjelland (2010)

Sagelva Vasskraftsenter er eit anlegg bygd og drive av Brøste-Stueflotten Kulturlag omkring Brøstsaga. Det ligg ved vegen inn over mot Brøstdalen, der den gamle Sagelva renn nær fylkesgrensa mellom Oppland og Møre og Romsdal. Arbeidet vart påbegynt i 1999 og anlegget består i 2010 av:

  • Rekonstruksjon av Brøstsaga slik ho var i 1934, vassdrive sirkelsag med undervasshjul.
  • Kopi av gamal oppgangssag med undervasshjul.
  • Kopi av tradisjonell gardskvern med liggande vasshjul og kvernstein frå Selbu.
  • Kvern frå 1942 med elektrisk motor, opphavleg montert i skjul på Stuguflotten og brukt til ulovleg maling av korn under andre verdskrigen.
  • Kopi av vassdrive stampe frå Stuguflotten, opphavleg oppsett midt på 1800-talet. I slike stamper behandla ein vadmel. Denne har fire stampestokkar.
  • Tjærebrenningsanlegg med vasskjøling på terpentinuttaket.
  • Kanalsystem med fleire vassrenner, den største på 40 m lengde og med 6,6 m fall. Systemet har fleire nåledammar og luker for kontroll av vatnet, som blir overført frå Asbjørnsåe til Sagelva gjennom Teppa, eit rekonstruert tradisjonelt inntakssystem som både sikrar minstevassføring og avgrensar vassføringa under flaum.
  • Eit moderne minikraftverk ovafor anlegget med ein maksimumsproduksjon på 640 kW.

Markeringa av kulturminnedagen 13. september gav arrangørane den nasjonale kulturminnedagens pris for 2009, sjå kulturlaget.

Bilde frå vasskraftsenteret

Kjelder

Oppslag ved anlegget og brosjyre 2009 (pdf)

Koordinater: 62.27750° N 8.12040° Ø