Jens E. Ekornes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Fabrikkeigar Jens E. Ekornes, grunnleggaren av Ekornes-konsernet.

Jens Ellingsen Ekornes (fødd 20. januar 1908, død 25. november 1976) var ein industrileiar frå Sykkylven, grunnleggar av Ekornes-konsernet.

Jens Ekornes var nr. to av fem brør: Sigurd f. 1906, Jens f. 1908, Martin f. 1912, Leiv Peder f. 1917 (men døydde halvt år gamal) og Leif som yngstemann f. 1919. Allereie i barneåra hadde Jens ein trong til å sysle med alt som rørte seg, og mange finurlege konstruksjonar vart til, til dømes skovlhjul i elva.

I lære

I 15-årsalderen vart Jens med som stuert på båt i to månader på etterjulsvinteren, og ferda gjekk til Kvalvåg på Bremangerlandet, der faren dreiv oppkjøp av fisk. Denne etterjulsvinteren gav Jens reiselyst og eventyrlyst. Han ville oppdage meir av den store verda og melde seg på ein tur med den 35 fots lille ”Brand I”, eit sjøgutskip med 12 gutar i alderen 16-17 år. Dei drog sørover langs kysten frå Ålesund til landsspeidarleiren i Horten. Jens vart seinare aktivt med i speidarrørsla og i losjearbeid for avhaldssaka.

Evna til å tenke nytt var særmerkt for Jens. Dette synte seg når han skulle prøve seg som gardbrukar, der han hadde planar om å dyrke blant anna poteter som han ville pakke og levere i 5 kg poser i butikken. Faren hans likte ikkje ideen.

Det vart i staden læreplass som korgmakar ved A. Riksheim Kurvmøbelfabrikk i to år før han tok til på Stranda Kurvmøbelfabrikk, der han fekk lære meir av faget og om forretningsdrift. To år seinare tok Jens eit kurs ved handelsskulen i Ålesund.

Han tok til å lage korgmøblar i kjellaren heime, men det kom no på marknaden stoppa puter i korgstolane og Jens forsto at dette var noko å satse på, og saman med ein kamerat, Petter P. Langlo frå Stranda, leigde dei seg lokale på Aure. Der vart det plass til lager i kjellaren og verkstad i første etasje, kokelag og kontor i andre, og dessutan hyblar. Årstalet var 1928, og selskapet fekk namnet Møre Kurvmøbelfabrikk.

Dette gjekk godt og snart vart det for lite plass. Det var uråd å finne større lokale i Sykkylven, og etter drøftingar med Ørsta kommune vart det til at verksemda vart flytta dit. Då hadde dei alt starta med fabrikasjon av salongmøblar.

Etter ei tid i Ørsta drog Jens på seg magesår og broren Sigurd måtte ta over både jobb og eigarskap for Jens, i fabrikken som etter kvart hadde fått namnet Møre Lenestolfabrikk, og Jens drog tilbake til Ikornnes for å ta fatt på gardsdrifta igjen. Det viste seg snart at Jens sine radikale idear om moderne gardsdrift ikkje gjekk i hop med faren sine planar for garden på Ekornes, og etter kort tid slo han igjen over på tanken om å starte industri.

3. juni 1933 gifte han seg med Petrine f. Riksheim.

Fjører og madrasser

Frå bryllaupet til Jens og Petrine Ekornes. Dei gifte seg i 1933.
Foto: Johan B. Sætre

I 1934 kjøpte Jens fjørmaskiner frå Tyskland, etter å ha bygd den første fabrikkbygninga nede ved elveosen på Ikornnes. Dette var eit enkelt trebygg i to etasjar, 7 x 15 meter, som Jens hadde kjøpt ute på øyane. I første etasje var det fjørproduksjon og i andre etasje var det madrassproduksjon. Saman med to sambygdingar, og med Petrine som kontorsjef og altmoglegkvinne, arbeidde dei nærmast både dag og natt den første tida.

Hausten 1935 var det stor varemesse i Ålesund og Jens var både stolt og spent da han tok båten til byen med si første Svane-madrass. Prisen var 48 kroner, noko som synte seg å vere for dyrt og salet tok ikkje av. Han søkte etter maskiner som kunne produsere ei billigare madrass utan at det gjekk ut over kvaliteten, og i 1937 tok han ein tur til England, Frankrike og Tyskland. Han kom heimatt med gode idear, men kapitalmangel gjorde at det ikkje vart nokon maskinhandel

Under krigen vart dei første nye fabrikkbygningane sette opp og byggeløyve fekk han ved at han i fabrikken bygde tilfluktsrom, som også kunne romme folket i krinsen.

I 1946 reiste Jens og Petrine på kombinert familie- og studietur til USA. Han vart der i eit halvt år og nytta tida godt. Han nærma seg raskt 40 år og meinte at det hasta med å kome i gang for alvor med madrassfabrikk.

I Amerika fekk han seg arbeid på ein liten madrassfabrikk i Brooklyn. På ein tur til Chicago fekk han auge på eit sofabeslag i eit butikkvindauge. Han kjøpte beslaget og tok det med heim. Beslaget, med visse tilpassingar, la seinare grunnlaget for produksjon av sovesofaer.

Han fekk også kjøpe ein del brukte maskiner til produksjon av madrassar. Med desse maskinene let det seg gjere å rasjonalisere produksjonen og dermed selge Svane-madrassene for ein rimelegare pris. Han hadde med seg ein ekspert heim frå USA som hjalp til å montere opp maskinene og lære opp folk til å bruke dei.

Bedrifta til misjonen

I 1946 kom produksjonen opp i ei omsetning på ein kvart million, og i 1947 passerte dei millionen. Bedrifta vaks trinn for trinn. Senger og sofaer kom til og seinare salonggrupper i stoppa utgåver.

J.E. Ekornes Fabrikker vart ein viktig arbeidsplass i Sykkylven, og etter kvart vart det underavdelingar i andre kommunar. Dei som arbeidde i Ekornes-bedriftene tente godt gjennom dei rasjonelle produksjonsmåtane Jens var med å innføre. Men då arbeidarane på Ikornnes gjekk til det skrittet å organisere seg i 1952, lika Jens det dårleg. Han meinte at det ikkje var nødvendig, og såg på dette som ein provokasjon mot han personleg.

Jens fekk med sønene til broren Sigurd, Einar, Jens Petter, Jostein og Sigmund i drifta, og han plasserte dei der han såg at dei best kunne gjere nytte for seg.

Over alt på Sunnmøre vart Jens omtala først og fremst som den store distriktsutbyggaren. Gjennom fire tiår var han eit lysande eksempel for personar med tiltakslyst. For sin samfunnsgagnlege innsats vart han i 1971 heidra med Den kongelige Norske Orden som riddar av St. Olav 1. klasse.

Jens og Petrine fekk ikkje livsarvingar og Petrine forklarte dette enkelt ved å seie; at ”Gud hadde ein annan plan med våre liv”.

Gudstrua var særmerkt for både Jens og Petrine, og dette kom til syne då Jens og Petrine i 1974 gav B-aksjane i J.E. Ekornes Fabrikker AS til Det Norske Misjonsselskap. Kapitalen i B-aksjane utgjorde 2/3 av kapitalen i selskapet, då ca. 5,5 mill. kroner. Aksjane vart plassert i ein stiftelse; "Jens Ellingsen Ekornes og hustru Petrine Ekornes stiftelse til fremme av utviklingshjelp gjennom det Norske Misjonsselskap".

Det kristelege engasjementet hans var også drivkrafta då han sette i gang arbeidet med å reise ei arbeidskyrkje på Ikornnes. Kyrkja var akkurat ferdig då han brått døydde i 1976.

Mange oppkjøp

Dette året hadde også fabrikken på Fetsund brunne ned til grunnen og eit stort gjenbyggingsarbeid vart sett i gang. Fetsund-avdelinga var oppretta i 1962. I 1976 vart også Ekornes Grodås etablert. I Bodø hadde Jens etablerte madrassfabrikk i 1955, etter å ha teke over anlegget til A/S Nordlands forenede Uldvarefabrikker på Bertnes. Gjerde Møbler på Jarnes var teke over ca. 1958. I 1967 overtok Ekornes også bedriftene Solid og Vik og Blindheim i Sykkylven. I 1971 kom dei første Stressless-stolane på marknaden. Jens hadde vore ein pådrivar i prosessen med å utvikle denne kvilestolen som snart skulle bli Noregs mest selde stol.

Stranda Lenestolfabrikk kom med i Ekornes frå 1974.

Året 1976, då Jens E. Ekornes døydde, var Ekornes-gruppa blitt den største møbelprodusenten i Skandinavia. Omsetninga for J.E. Ekornes Fabrikker AS, Ikornnes, Fetsund og Bodø vart dette året 159,3 mill. kroner.

Alltid verksam

Jens var ein samfunnsbyggar i ordets vidaste forstand. Ein av dei første tilsette i bedrifta, Jon Jarnes, har fortalt at Jens var svært oppteken av å sikre seg stabil arbeidskraft: Om våren, når det på flyttedag kom nye tenestejenter på land frå fjordabåten, så sende Jens dei av dei tilsette gutane som var ungkarar, ut på kaia for å tilby seg å hjelpe til med å bere til gards bagasjen som dei nye tenestegjentene hadde med. På denne måten kunne det skapast bekjentskap som så igjen kunne føre til ekteskap.

Jon Jarnes fortel også frå den første tida; at det kunne vere stressande til ei kvar tid å fylgje med på Jens sine idear til korleis ting kunne løysast, og til korleis alt kunne gjerast raskare. Ein hadde ikkje før funne fram til ei rask løysing før Jens var der og skulle finne ein ny arbeidsmåte for å gjere arbeidet enda raskare.

Då Ekornes-konsernet markerte 50-årsjubileet i 1984, heidra Sykkylven kommune og grendeutvalet på Ikornnes Jens E. Ekornes ved å gje ei byste av han i gåve til fabrikken. Bysta, som er laga av Tore Bjørn Skjølsvik, er i dag plassert i resepsjonen til hovudfabrikken på Ikornnes. Ikkje langt unna, ved rundkøyringa ved Sykkylvsbrua, vart det 17. mai 2001 opna ein plass som fekk namnet Jens E. Ekornes plass. Plassen var ei gåve frå Ekornes-konsernet til Sykkylven kommune.

Kjelder og litteratur

  • Høidal, Eldar: Frå springfjær til Stressless. Ekornes 75 år. Sykkylven 2009.
  • Tusvik, Jarle: Tale ved den offisielle markeringa av møbelindustriens 100-årsjubileum i 2008.

Eksterne lenker