Ragnvald Einbu

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Sjølvportrett i Lesja kyrkje
Foto: Tor Nørstegård

Ragnvald Einbu (fødd 10. januar 1870Nordi LieLesjaskogen, død 4. juli 1943 i heimen sin, Skogly under Sili på Lesja) var treskjerar og målar. Einbu er mellom anna kjent for å ha dekorert kyrkjeinteriør fleire stader i Noreg og for ei lang rad dekorasjonsoppgåver i offentlege bygg og private heimar. Han var ein yngre bror av astronomen Sigurd Einbu.

Familie, oppvekst og utdanning

Foreldra Marit Syversdtr. og Peder Johanness. flytta til farsgarden Ni Einbu i 1875 og til Sili i 1890. I 1887 reiste Ragnvald til Trondheim og begynte i lære hos målarmeister Peter Theodor Holst Grubbe,[1] der han var i tre år og fekk grunnleggjande opplæring i farge- og målingslære og målingsteknikkar. Nokre år seinare begynte han med treskjering, og i 1895 sendte han fleire figurar til Husflidsforeningen i Kristiania. Desse vakte åtgaum, og året etter fekk Einbu friplass ved Statens håndverks- og kunstindustriskole.

Tidlege engasjement

Einbu begynte truleg å skjere ut og dekorere skap og måle bilete på oppdrag kort tid etter han fullførte skuleåret i Kristiania. Nokre år etter 1900 fekk han truleg sitt første oppdrag med å dekorere kyrkjeinteriør, i Lesja kyrkje. Etter kvart kom han i kontakt med Anders SandvigMaihaugen, og han arbeidde i alle fall med dekorasjonane i samband med restaureringa av Isumkapellet frå Sør-Fron (ferdig i 1910). Seinare vart han fast engasjert på museet med reparasjon av tregjenstandar og oppfrisking av dekormåling. Sommaren 1914 skar han ein nøyaktig modell av museet i målestokk 1:100. Den vart stilt ut på den store jubileumsutstillinga i Frognerparken i Kristiania same året, og seinare sendt til utstilling i San Francisco, USA.

Trefigurane Einbu skar selde han rimeleg, og dei kan til ein viss grad kallast datida suvenirer. Det vart til og med laga postkort med bilde av figurane. Han laga òg modellar til sølvbrosjer og hogg steinmonument. Han skal m.a. ha laga minnesteinen over Jakob Bersveinsson Klukkstad ved Lesja kyrkje. Ved Verma stasjon står ein bauta med monogrammet til Håkon 7. saman med ein minnestein over dei som omkom under bygginga av Raumabanen, begge hogge av Einbu.

Kyrkjerestaurering

I perioden mars–oktober 1906 var Einbu i Ålesund og deltok i gjenoppbyggingsarbeidet etter den store brannen to år før. Nokre år seinare var han med på å restaurere barndomskyrkja i heimbygda, på Lesjaskog. Det ser ut til å ha vore stor aktivitet med kyrkjerestaurering desse åra; i 1924 er det i ein avisartikkel om Einbu opplyst at han utanom Lesjaskog hadde vore med på arbeid i kyrkjene på Dovre, Fåvang, Venabygd, Vågå, Kinn i Sunnfjord, Eid i Romsdalen, Vivestad i Vestfold, Rjukan i Telemark, Garmo kyrkjeMaihaugen, Ringebu, Kvikne og Kvam i Nord-Fron, Øvre Rendalen, Sel og Folldal.

Takmåleri i Lesjakyrkja
I fleire av desse prosjekta skal han ha arbeidd i lag med arktitektane Carl Berner, Heinrich Jürgensen og Herman Major Schirmer. Seinare dekorerte han òg Lesja kyrkje, Vingelen kyrkje, Gudbrandsdal folkehøgskuleHundorp, Fåberg kyrkje, Trondarnes folkehøgskole ved Harstad, Mesnali kapell, Nord-Sel kyrkje, Tolga kyrkje og ei lang rekkje skular, kommunehus, forsamlingslokale og private heimar.

I 1912 bygde Einbu seg bustadhus på Lesja, ein eigedom han utvikla med fleire eldre hus han dekorerte. I 1915 gifta han seg med Berta (1888-1974), og fekk etter kvart fem barn som voks opp. Mellom dei følgde sonen Per i fotspora til faren. Yrkesutøvinga førte Ragnvald - som vi kan forstå - på stadige reiser rundt omkring ikkje berre i regionen, men òg i landet.

Lesjakyrkja

Utsmykkinga av Lesjakyrkja er hovudverket til Ragnvald Einbu. Han starta truleg det arbeidet våren 1925 og utførte all innvendig dekorasjonsmåling same året. Året etter skar han ut ei av lysekronene som heng i kyrkjetaket. I 1931 skar han fasaden på det første pipeorgelet i kyrkja, i akantusstilen tilsvarande det arbeidet som var gjort av Jakob Bersveinsson Klukkstad med altertavla og preikestolen knapt 200 år før. Det siste oppdraget han utførte i kyrkja, var i 1936 da han skar lysekroner til og åtte trearma vegglysestakar etter oppdrag frå Lesja Bondekvinnelag.

Malerikonervator Jon Brænne ved NIKU skriv om arbeidet Ragnvald Einbu utførte i Lesjakyrkja: «Fargeholdning, utførelse, malingsteknikk og komosisjon er sikkert og enhetlig gjennomført på en måte som viser at han på dette tidspunktet behersket de siste motene og strømningene innenfor den malte dekorative kirkekunsten. Einbus dekor i Lesja kirke er av høyere kvalitet og mer interessant enn samtidige arbeider som ble utført i andre kirker».

Kyrkjer Ragnvald Einbu dekorerte

Etter Nørstegård 2008 s. 91, kronologisk ordna:

Oppdrag i Skjåk

I 1920-åra tok Einbu på seg ei rad dekorasjonsoppgåver i Skjåk. Det galdt mellom anna i det nye skulehuset i Marlo, som stod ferdig i 1924. På dørene i klasseromma der måla Einbu kopiar av kjende motiv frå dei illustrerte utgåvene av Asbjørnsens og Moes eventyr og Snorres kongesoger. Norskdoms- og husflidsentusiastar som Amund I. Odden, Rolv Øygard og Gudbrand Skjaak, kjøpmann E.R.Kvale og kanskje fleire, engasjerte han til liknande dekorasjonsoppgåver i heimane sine. UL Fram fekk han til å lage store veggmåleri i ungdomshuset Solheim, der han kopierte Eivind Nielsens illustrasjonar i Norsk Billedbog for Børn.

Bilde

Referansar

  1. Peter Theodor Holst Grubbe i folketeljinga 1900 for Trondheim kjøpstad frå Digitalarkivet.

Litteratur og kjelder