Stefan Frich

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Stefan Frich med ei av skuleklassene sine. Tidspunkt og fotograf ukjent.
Stefan Frich (fødd 17. desember 1844 i Hjørundfjord, død 14. mars 1927 i Fåberg) var skulemann, redaktør, forfattar og nynorskforkjempar. Han dreiv i 30 år friskule i Fåberg (nå Lillehammer kommune). Både religiøst, pedagogisk og politisk sett var Frich sterkt påverka av grundtvigianismen og Christopher Bruun. Språkpolitisk var han ein forkjempar for større innverknad frå austlandsmåla i landsmålet/nynorsken.

Familie

Foreldra var Gjert Jansen Frich (1803-1863) og Ambrosia von Krogh (1807-1865). Stefan var den nest yngste i ein syskenflokk på sju. Oppveksten hadde han i Hjørundfjord (nå Ørsta kommune) og i Hegra (nå Stjørdal kommune), der faren var sokneprest. Stefan Frich levde ugift heile livet.

Utdanning

Som 13-åring tok han til ved Katedralskulen i Trondheim. Her vart han introdusert for grundtvigianismen i kyrkjelyden til Fredrik Nannestad Wexelsen i Bakklandet sokn.

Frich tok examen artium i 1862, og byrja rett etter på filologistudiar i Christiania. Han fekk vanskar med studiefinansieringa da faren døydde året etter, og var huslærar hjå HornemannReins kloster i eit par år. I 1865 var han attende i Christiania og heldt fram med studiane. Samstundes arbeidde han som lærar ved Balchens Døveinstitut, og dreiv privatundervisning for artianarar.

Etter å ha blitt sterkt oppglødd av Christopher Bruuns vidgjetne foredragsserie i Det Norske Studentersamfund i 1870, braut Frich av studiane og tok til på Bruuns folkehøgskule i Sel i november same året. Der var han både elev og lærar. Han følgde med skulen da den flytta til Gausdal i 1871, og underviste der mellom anna i islandsk historie, geografi og rekning. Han heldt også ei lang rekkje laurdagsførelesingar om nyare politiske tilhøve.

For å greie opp med gjeld etter studieåra, tok Frich huslærarpost hjå familien CappelenUlefoss eit par års tid.

Våren 1873 hadde Frich eit kortare opphald på Askov folkehøgskule på Jylland, og reiste deretter rundt på studietur til andre danske folkehøgskular, friskular og grundtvigianske miljø elles.

Friskule og offentlege verv i Fåberg

Frich starta sin eigen friskule i Fåberg den 20. september 1874. Han dreiv denne i nær 30 år.

Enda om friskulen til Frich var omstridd i bygda, hadde han tillit som medlem i skulekommisjonen/skulestyret der mest samanhengande frå 1884 til 1915. Han var formann 1890-1893 og 1904-1909.

Frich var heradskasserar i Fåberg frå 1893 til 1911.

Målmannen, redaktøren og forfattaren

Frich vart overtydd landsmålsmann i studietida, der han mellom vanka i krinsen rundt Olaus Fjørtoft. Frich var med på å stifte Det norske samlaget i 1868.

Han var og med og stifta Austmannalaget i 1899, ein felles målsamskipnad for Hedmark og det meste av Oppland. Han sat i styret der i 15 år, og var leiar i åra 1903-1906 og 1910-1912. Frich ivra for å gjere landsmålet meir talemålnært, og dermed også med større tilfang frå austnorske målføre. Målsynet sitt gjorde han særleg utførleg greie for i dei to skriftene Maalspørsmaalet og det nye Norge (1906) og Eitt einaste riksmål i landet. Nokre tankar om måltilstandet vårt i 1926.

Frich var med og skipa Fåberg mållag i 1900 og Mesna mållag1911. Han han var forslagsstillaren da Dølaringen vart skipa på årsmøtet til Austmannalaget i 1914. Dølaringen var ein målsamskipnad for heile Gudbrandsdalen.

Eit par år redigerte Frich venstrebladet Framgang som kom ut på Lillehammer. Frå 1911 til 1921 var han redaktør i Bonden, ei vekeavis som Austmannalaget gav støtte til. Der arbeidde han nært saman med folk som Olav Aukrust, Jakob Haraldseid, Martinus Høgåsen, Ivar Kleiven og andre.

I 1908 gav han ut ei eiga barnebok: Smaafolk. Han omsette forteljingar av Zakarias Topelius og eit par engelske barnebøker. Elles omsette han to islendingasoger, nemleg Laksdøla og Soga um Bjørn Hitdølakappe. I 1922 gav han ut ei bok med livsminne, dikt, forteljingar og artiklar: Fraa arbeidslivet mitt.

Litteratur og kjelder

  • Gaukstad, Øystein: Stefan Frich, hefte utg. på Kongsvinger 1945, forkorta utgåve i Årbok for Gudbrandsdalen 1947.
  • Haraldseid, J.: «Fire portrett» i Vårt norske morsmål. Austmannalaget 1899-1959, utg. av Opplandske Målkontor, Elverum 1959.
  • Stefan Frich i Historisk befolkningsregister.