Vatnedalen (Bykle gnr 6)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Vatnedalen
Vatnedalen 1b.jpg
Dette biletet av Vatnedalen vart teke av August Abrahamson, truleg kring 1910. Frå Setesdalsmuseet.
Rydda: føre 1350
Stad: Vatnedalen
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 6
Type: Gardsbruk

Vatnedalsgardane låg på rad og rekkje på ei landstripe på nordsida av Vatnedalsvatnet i Bykle kommune, nesten heilt oppe i vestenden av vatnet. I dag er jorda neddemde, men tuftene syner att. Frå aust kjem ein fyrst til det nyaste bruket, som er Åsen. Dinest fylgjer Der hite, som er nr 2 i rudningsrekkja og Der sø, som er den eldste verestaden og det opphavlege hovudbølet. Vestom Der hite ligg Haugo og lengst i vest kjem ein til Plassen, eller Vatnedalsplassen, som det står i ein del kjelder.

Gardsvaldet er stort, og femner over terreng på båe sider av Ormsavatnet og Vatnedalsvatnet, frå grensa mot Rogaland i vest og til Otra i aust. I alt skal det vera på 216 153 mål, av dette vel 26 000 mål vatn, elles storparten hei og fjellvidder.

Dei fleste av bruka i Vatnedalen vart fråflutte i 1917 i samband med den fyrste reguleringa av Vatnedalsvatnet. To huslydar flutte til Skarketjønndalen ved austenden av Vatnedalsvatnet og rudde og dyrka opp der, ein huslyd flutte til Løyning og ein til Vats i Ryfylke.

Når det gjeld gardsnamnet, har Olav Haslemo ei grei utleggjing i hovudoppgåva si i norsk frå 1968. Me tek henne inn slik ho står:

Namneutviklinga er at dalen frå først av har heitt *Vatndalr. Uttalen 'Vatnedalen' kjem av at trekonsonantismen i eit opphavleg *Vatndalr er tung og vanskeleg å uttale, og dette fører til at ein «hjelpevokal» vert skoten inn mellom to av konsonantane. Då det seinare vart bruk for eit namn på vatnet i dalen, fekk dette naturleg namn etter dalen det låg i. Dette krev ikkje at vatnet først må ha hatt eit namn som dalen vart nemnd etter, dalen fekk namnet fordi det karakteristiske ved han var at vatnet oppfylte så å seie heile dalbotnen - dalen var ein 'vatndal'. Ein kan difor ikkje som T. Nomeland [i den gamle gards- og ættesoga, 222] kalle slike (tilsynelatande) tautologiske namn, som Vatnedalsvatnet for «heimløyser», det er å setje ei altfor firkanta ramme for det psykologiske grunnlaget for namnelaginga.

Det som her vert sagt kan me utan vidare slutte oss til. Me skal berre leggje innåt at eit gamalnorsk namneopphav vil peike i retning av busetnad i høgmellomalderen, dvs. fyre 1350. Arkeologiske funn som kan stadfeste denne tanken er det dårleg med. Det me har funne registrert er berre ein bladforma pilespiss av jern frå merovingartida (600-800 f Kr.) som vart funnen ved Urarvatn sør for Vatnedalsvatnet, og ein buplass i same området som iallfall daterer seg attende til eldre jernalder (fyre år 600), men som kan vera mykje eldre. Om denne buplassen har noko samband med den seinare gardsbusetnaden ved Vatnedalsvatnet, er høgst usikkert.

Landskylda gjer heller ikkje stort til eller frå når det gjeld å avgjera alderen på garden, men lat det for ordens skuld likevel vera nemnt at den eldste kjende skyldsatsen var på 6 kalveskinn (= 2 geiteskinn = 1/2 hud). I 1838 vart dette omrekna til 1 dalar 2 ort, medan 1886-skylda vart sett til 241 øre, eller 2 mark 41 øre, om ein vil.

Alderen på busetnaden lyt då fastsetjast ut i frå alderen på eldste skriftlege kjelde, men på det omkvervet er me for denne garden så heldige å ha eit diplom som er så gamalt som 1479. Dette brevet er eit skøyte som fortel at ein Asbjørn Helgesson det året selde halve Vatnedalen og halve Hoslemo til Bjørn Jonsson. Kven Asbjørn Helgesson var er ukjent, men me meiner at Bjørn Jonsson budde i Byklum, og det står litt meir om han i kapittelet om den garden. Innhaldet i dokumentet fortel oss elles ikkje så mykje, men når ein gard er nemnd fyre år 1550, vil historikarane oppfatte det som ein sikker indikasjon på at han fanst til minst 200 år tidlegare, så me held fast på det me kom fram til i avsnittet om gardsnamnet ovanfor, at den eldste busetnaden her må vera eldre enn 1350 (jfr. Sandnes, Jørn og Helge Salvesen: Ødegårdstid i Norge, Oslo 1978).

Etter kvart som tida gjekk vart det kløyvd ifrå ei rekkje med mindre bruk. Den fylgjande tabellen gjev eit oversyn over denne utviklinga.

Bruk og bustadtomter under gnr 6 Vatnedalen

Bnr Bruksnamn Etabl.år Skyld i øre Utskilt ifrå Matr.-år Kategori Merknader
1 Der sø
(Nordstog Dalen)
1350 seinast 88 Heile gnr 6 1665 Hovudbøle Etter 1917 nybruket Nordstog Dalen.
4 Der hite 1700 ca 87 Heile Gnr 6 1700 Gardsbruk Etter 1927 saman med Løyning
5 Ørnefjødd 1750 ca 18 6/1 1841 Eigedomsplass Etter 1841 gardsbruk
Lnr 13c Løyning 1797 6/1 og 6/4 1854 Eigedomsplass Etter 1854 til 1917 småbruk, etter 1927 saman med 6.4.
6 Vatnedalsplassen 1827 13 6/4 1876 Husmannsplass Eigedomsplass etter ca 1892.
2 Haugo 1854 ca 13 6/1 1870 Eigedomsplass Sidan småbruk.
Umatr. Åsen 1910 ca 6/1 Småbruk
18 Systog Dalen 1917 2 6/1 1920 Småbruk
25 Bakken 1939 9 6/5 1945 Småbruk
37 Bekkestad 1964 1 6/1 1964 Bustadtomt
44 Brekkeskar 1967 1 6/1 1970 Bustadtomt
103 Trudvang 2002 6/5 2000 Bustadtomt

Dei einskilde bruksnummera i tabellen ovanfor kjem me til i eigne artiklar. Men fyrr me kjem så langt skal me sjå på den udela garden.

Den udela garden

Utsyn vestetter frå toppen av Vatnedalsdammen 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Lat det då det fyrst vera nemnt at me har opplysningar om at Vatnedalen sto folketomt frå ein gong på 1580-talet og tom. 1615. Når det var folketomt i 1580-åra, hadde det truleg ikkje vore nokon her sidan fyre Svartedauden.

Den fyrste me høyrer gjete budde her heitte Knut Knutsson. Kvar denne Knut-en kom ifrå, er på vona. Det me kan vita er at han svara brukarskattane av garden i perioden fom. 1617 tom. 1647. I det sistnemnde året var han rett nok ikkje lenger åleine oppsitjar, for då bruka han 4 skinn, medan ein som heitte Olav hadde 2. Det er nærliggjande å gjera framlegg om at Olav kan ha vore verson åt Knut, for i koppskattelista frå 1645 ser ein at Knut det året hadde 2 heimeverande døtrar og ingen søner, men då me elles veit lite og ingenting om desse folka, er dette berre ei heller laus gjeting. Men avdi me freistar å ha med oss ei familieoversikt for alle kjende oppsitjarar, set me dei likevel opp som fylgjer:

  • Knut Knutsson, n 1617, 1647
g m ukj. Born:
  • dotter nn, n 1645, g m Olav (?), n 1647
  • dotter (Margit ?), n 1645, g m Torbjørn Knutsson (Byklum?), sjå nedanfor

Knut åtte ikkje garden, for det var det andre som gjorde. I 1624 var Vatnedalen (og Hoslemo) underbruk under Byklum, og Åsmund Kjetilson Byklum og medervingane hans var eigarar. I 1643-44 var eigarane Jon Åsmundsson i Innistog og Margit Arnesdotter Byklum, som me trur budde i Mo. Dei hadde då 3 kalveskinn kvar. I 1647 hadde parten åt Jon Byklum i Innistog vorte overdregen til Gunnar Knutsson Byklum, medan parten åt Margit hadde gått i arv til «Sualle Wiestads Arfvinger i Mo». I 1659 hadde Gunnar Knutsson framleis parten sin, medan vistadervingane i Mo hadde overdrege sin halvdel til Torbjørn Knutsson Byklum.

Gunnar og Torbjørn var framleis eigarar av kvar sin halvpart i 1670. Me vil helst tru at Gunnar og Torbjørn var brør, og at Gunnar var den eldste av dei, men kven var då far deira? Dette er også noko usikkert, men om me tek utgangspunkt i at han sannsynlegvis var frå Byklum, tykkjest den som passar best å vera Knut Åsmundsson i Austistog. Eit moment som kan stø opp om denne identifikasjonen er at Dreng Torbjørnsson sidan fekk tak i Austistog. Om han var son åt Torbjørn Knutsson, slik me meiner at han var, fell han greitt på plass i odelslina på det bruket.

Når det gjeld Gunnar, har me ikkje sett noko som tyder på at han budde i Vatnedalen, dei kjeldene som nemner han som eigar av halve garden kallar han berre Gunnar Knutsson Byklum, og me trur at han budde i Austistog.

Torbjørn Knutsson kan me derimot vera sikre på budde her på garden i mange år. Helst kom han hit i byrjinga av 1660-åra, for på 1650-talet tykkjest her å ha stått folketomt, men i 1664 var Torbjørn på plass. Aldersoppgåvene i manntala frå 1660-åra spriker ein god del, men tyder likevel helst på at han var fødd på 1630-talet.

  • Torbjørn Knutsson (Byklum ?), f 1630-40, d 1710
g 1. m ukj.(?), d ca 1660
g 2. (?) m Margit Knutsdtr. (Vatnedalen ?), d 1722. Born:
  • Knut(e.), f ca 1657, d 1734(?), ug, sjå nedanfor
  • Såve, f ca 1659, g m ukj., sjå Der sø, bnr 1
  • Ånund, f ca 1660, d 1725, ug, sjå Der sø, bnr 1
  • Gunvor, f ca 1673, g 1726 m Jon Olavsson Byklum, sjå Der hite, bnr 4
  • Torbjørg, f ca 1675, d 1718, ug
  • Dreng, sjå Austistog Byklum, gnr 14, bnr 7
  • Knut (y.), f ca 1676, d 1747, g m e Astrid Folkesdtr. Hovden, sjå Hovden Der nede, bnr 1
  • Dreng, f ca 1680, d 1765 g 1. 1719 m Gunvor Hallvardsdtr. Byklum (Uppistog), f ca 1701, d 1721, g 2. 1731 m e. Margit Sigurdsdtr. Sagneskar, f ca 1695, d 1765, sjå Austistog Byklum, gnr 14, bnr 7
  • Ingebjørg, f ca 1684, g 1738 m Olav Niklosson Stavenes, sjå Der hite, bnr 4
  • Olav, f ca 1691, g 1717 m Jorunn Folkesdtr. Hovden, d 1718, sjå Der hite, bnr 4
  • Jon, sjå Hovden Der nede.

Kvar Margit Knutsdotter kom ifrå er uvisst nok, men kanskje kunne ho vera den eine av dei to døtrene åt den Knut-en som hadde sete i Vatnedalen tidlegare? I alle høve er det på det reine at Torbjørn var gift med ei Margit Knutsdotter, og fødselsåra åt borna i familieoversynet ovanfor tyder på at ho helst var andre kona hans.

Ved sidan av gardsdrifta tykkjest Torbjørn å ha drive ein del med kreturhandel. I 1684 hadde han fått 9 bukkar på kreditt hjå presten Jacob Andersen i Suldal, men forsømt seg med betalinga. Året etter drog presten han difor for retten og kravde å få pengane sine. Bukkane skulle koste 3 ort kvar, så til saman vart det 6 dalar 3 ort, som Torbjørn vart dømd til å betale innan 14 dagar. Dertil måtte han yte 3 dalar i sakskostnader, står det i tingboka.

Knut Torbjørnsson(e.), den eldste av sønene, veit me i røynda ingenting heilt sikkert om, men i kyrkjeboka er nemnd ein «Ungkarl Kittel Torbiønsen» som vart gravlagd frå Vatnedalen 1.9.1734. Såvidt me veit fanst det ingen som heitte såleis, så me trur då helst at «Kittel» er ei feilføring for «Knud», og at Knut (e.) har budd på heimebruket så lenge han livde. Torbjørn er oppførd som landskatteytar på garden f.o.m. 1664 t.o.m. 1712, men det var ikkje alltid alle skattelistene var heilt à jour, og i dette tilfellet har me ei opplysning i ei rettssak frå 1735 om at dei heldt skifte etter han i februar 1711. Av dette skjønar me at han mest truleg døydde mot slutten av 1710.

Ettersom Torbjørn ikkje etterlet seg umyndige ervingar kunne skiftet etter han ordnast privat, og difor vart det ikkje innført i skifteprotokollen. Me kjenner difor ikkje meir til innhaldet i det enn det som vart referert i den nemnde rettssaka i 1735, og der får me berre greie på delar av innhaldet. Det er likt til at kvar av brørne har fått 11/14 skinn, medan kvar av systrene fekk 6/14 skinn. Denne litt skakke delinga vitnar om at dei har streva med å få brøkrekninga til å gå opp.

Men ein ting er nå korleis eigedomsretten vart fordela, noko anna er korleis dei skipa dei faktiske gardsbruka. Det ser ut til at Såve hadde fått dela ifrå halve garden alt kring år 1700, og etter at faren var død kaupte ihop partar, slik at han åtte halvparten sin. Det er mogeleg at han hadde Der hite så lenge faren livde, men etter dette reknar me med at han sat i Der sø.

Iallfall er han og Olav, yngstebroren, i matrikkelen frå 1723 oppførde som oppsitjararar på kvar sitt bruk, kvart av dei på 3 kalveskinn, og ettersom bruket åt Såve står fyrst, vil me tru at det var hovudbruket, medan Olav då har hatt Der hite. På denne bakgrunnen skal me i framhaldet taka eitt bruk om gongen (sjå lenkjer i tabellen ovanfor).


0941 Bykle komm.png Vatnedalen (Bykle gnr 6) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Skogly • Neste bolk: Nordstog Dalen (Der sø)