Eivind Lande malte denne ølbollen i 1809. Foto: Haakon Michael Harriss / Norsk Folkemuseum
Eivind Torkjelson Lande (fødd 1758 i Bygland, død 9. mai 1833 same stad) var gardbrukar og eidsvollsmann.
Eivind Torkjelson vart fødd på Åsen i Bygland i Setesdal. Han vart døypt i Årdal kyrkje den 1. januar 1759, og konfirmert i same kyrkje i 1775. Det var små kår på Åsen, og Eivind måtte tidleg jobbe for føda. Han vart gjetar på Skreland i Bygland. Etter konfirmasjonen reiste han ut av bygda, og jobba mellom anna i Telemark. Han var med på slåtten i Heddal og Åmotsdal og på vintrene skipsbygging i Skien.
I 1788 vart han trulova og gift med Gyro Torsdotter Lande Det var ikkje lett for dei å få gifte seg, for Tor Lande ville ikkje ha ein frå så små kår til verson. Historie om Eivinds friarferd er bevart i nokre stev, som ender med at Tor måtte la dei gifte seg.
I 1814 vart Eivind Lande fyrst vald som valmann for Bygland. I amtsvalet vart han vald som andre representant til riksforsamlinga. Han reknast med til Unionspartiet, men er ikkje heilt liketil å plassere. Eivind Lande var bland dei mest aktive av bonderepresentantane. Han arbeidde saman med Theis Lundegaard for å sikre at bøndene fekk ein så stor part som mogleg av stortingsrepresentantane, og han skreiv saman med andre bonderepresentantar på Riksforsamlinga eit godt innlegg om odels- og åseteretten. Kravet var at odels- og åseteretten skulle førast attende til slik han var føre lovendringa i 1811. Les mer …
Hilmar M. Krohg. Etter ein pastell, truleg av J.Juel.
Hilmar Meincke Krohg (fødd i Trondheim 1. januar 1776, død i Bolsøy, nå Molde kommune 13. august 1851) var jurist, amtmann i Finnmarkens amt, Nordre Bergenhus amt og Romsdals amt, stiftamtmann i Trondheim, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. Han kom frå ein prominent og velståande offisers- og borgarfamilie. Foreldra var oberst Nicolai Frederik Krohg (1732–1801) og Anna Meincke (1743–1823). Som faren var også tre av Hilmars brør, tre av farbrørne og farfaren alle offiserar. Derimot vart ingen av Hilmar Meincke Krohgs eigne fire søner offiser. «Offisersdynastiet» Krohg var grunnlagt av farfaren, Christian Nilsen Krohg (1693-1752), ein bondegut som vart offiser. Mor til Hilmar kom frå det «flensburgske» storborgarskapet i Trondheim. Far hennar var kjøpmann og verkseigar Hilmar Helmer Meincke. Les mer …
|