Marnardal historielag dekker den tidlegare Marnardal kommune, som i 2020 vart innlemma i Lindesnes kommune. Historielaget vart stifta 21. august 1995 og har sidan 1996 gjeve ut Marnar-minner. Føremålet for laget er «å arbeide for at alt av historisk interesse innan virkeområdet for laget blir tatt vare på og verna om», i tillegg til å «vekke, auke og spreie interesse for og kunnskap om [Marnardals] historie».
Ved oppstarten i 1995 var det 50 hovudmedlemmer og 12 familiemedlemmer. I 2018 hadde historielaget 168 medlemmer. Les mer …
Kviteseid historielag held til i Kviteseid kommune i Telemark. Det blei stifta ved eit konstituerande møte 10. oktober 1985 etter initiativ frå Arne Nordskog. Han og eit arbeidsutval gjorde det førebuande arbeidet, slik at det alt i dette møtet blei det vedteke lovar og arbeidsoppgåver for laget. Det blei óg valt styre der Olav Ibrekk blei den første leiaren. Han fekk med seg initiativtakaren, Arne Nordskog, Torleiv Lid, Anne Roholdt og Torvild Dalen. Les mer …
|