Thorkel Jonassen (1839-1921)
Thorkel Jonassen (født 2. desember 1839 i Åsele i Sverige, død 9. oktober 1921 på Aun i Snåsa) er registrert med mange skriveformer av fornamnet og med Rutfjell som etternamn. Han var fjellsame og dreiv med tamrein frå Vesterfjellet (nord i Børgefjellet) sørover til Beitstaden, Grong, Overhalla, Fosen, Hemne, Sunndal, Nesset, Gjemnes, Norddal, Rauma og Lesja før han og familien returnerte nordover til Snåsa der han budde siste del av livet.
Thorkel var av Børgefjellslekta. Han gifta seg i 1866 i Grane kyrkje i Vefsn med Sigrid Marie Olsdatter, født på Vega 1848, død i Snåsa 1916. Dei fekk i alle fall desse barna:
Thorkel og familien dreg frå Børgefjellet til Beitstaden og Fosen i 1869. I 1881 kryssar dei Trondheimsfjorden og dreg til Hemne. I 1888 går reisa vidare til Sunndalen, og i 1891-93 er dei i Nesset og Gjemnes før dei reiser til Norddalen på Sunnmøre. Her vart dei involvert i konflikt med setereigarar og villreinjegerar og vart dømd til å betale erstatning. Hausten 1895 fann dei vinterly under ein berghellar i Vermedalen, der dei budde til ut på våren 1896. Så reiste dei nordover att, gjennom Asbjørnsdalen i Rånå, Lesja tilbake til Sunndalen. Men heller ikkje der er dei velkomne, og i 1898 drog dei nordover til Snåsafjella der dei vart verande resten av livet.
I minna etter Thorkel og familien har han ofte blitt til «Torkjell Finn» eller liknande.
Kjelder
- Familien i folketeljonga 1891
- Familien i folketeljlinga 1900
- Familien i folketeljinga 1910
- Sigrid dødsfall i kyrkjeboka
- Thorkel i folketeljinga 1920
- Thorkel dødsfall i kyrkjeboka
Litteratur
- Einbu, Tor 2020: Om Thorkel Finn. Årbok for Lesja historielag s. 55-63.
- Fjellheim, Sverre 1991: Thorkel Jonassen. Mannen og myten - med gløtt inn i ei mørketid i historia vår. Åarjel-saemieh : årbok = Samer i sør : årbok. Digital versjon på Nettbiblioteket s. 47-69.
- Jünge, Åke 2004: Thorkel Jonassen (1838-1921). Ein vidfarande same med røtter i Namdalen. Årbok for Namdalen s. 82-94.
- Løfald, Ola E. o. fl. 2006: Flyttsamen Thorkel Jonassen Rutfjell. Årsskrift (Rindal heimbygdlag, trykt utg.). 2006 Nr. 23 Digital versjon på Nettbiblioteket s. 21-25.