Forside:Vågå kommune

Mal:Forside Gudbrandsdalen


Smakebiter fra artikler
Faksimile frå Michael Østgaards minneskrift over faren Soland Jonsen. 1827.
Soland Jonsen Østgaard (fødd i Os i Østerdalen 8. februar 1748, død same stad 11. juli 1826) var gardbrukar og handverkar på Nirstu Østgarden i Dalsbygda i Os. Han var far til Michael Østgaard og farfar til Nikolai Ramm Østgaard. Soland Jonsen var etter si tid og sin stand ein opplyst mann. Sonen Michael omtalar faren nettopp som ein opplyst bonde. Han hadde stor leselyst, og åtte sjølv «adskillige gode Bøger, især af Holberg». Skrivemåten av namnet til Soland Jonsen følgjer her Michael Østgaard i den handskrivne Min Faders Minde frå 1827. I Bygdeboka for Os er skrivemåten lagt nærare det ein kan rekne med var den lokal uttalen i samtida, i moderne rettskriving: Solan Jonssen Østgarden, i daglegtale Solan Nirsen (dativ av bruksnamnet Nirstu.)   Les mer…


Lebesby kirkested i Laksefjord i 1948.
Foto: Det Norske næringsliv : 13 : Finnmark fylkesleksikon, 1952.

Stedet Lebesby (samisk Davvesiida) ligger på østsiden av Laksefjorden, omkranset av holmer og øyer. Lebesby var fram til 1944 administrasjonssenter i Lebesby kommune.

Gjennom tidene har navnet Lebesby gjennomgått mange endringer. Fra 1500-tallet finner en i svenske kilder stedet omtalt som Daveby. Siden skriver man Lybsby, Libbisby, Lysby o.s.v., til det endelige Lebesby. Det samiske navnet på stedet er Davvesiida som kan oversettes med: Den nordligste samiske boplass.   Les mer…
Skulestyrar og biblioteksjef Sigurd Balsnes
Foto: Norske skolefolk, 1952
Sigurd Balsnes (fødd 22. juli 1901 i Stårheim i Eid kommune, død 30. september 1993 i Vadheim i Høyanger kommune) var lærar, skulestyrar og biblioteksjef. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923 og tok kurs i bibliotekstell, skolehagearbeid, engelsk og skulefilm. Han var lærar i Selje i 2,5 år og lærar og skulestyrar i Vadheim krins i Høyanger i 46 år. Han var og klokkar ved Vadheim bedehuskapell og formann i skoleråd og lærerlag. Sigurd Balsnes var bibliotekinspektør i Sogn og Fjordane og biblioteksjef i Høyanger. Han var med på skipinga av fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og var styremedlem i Norsk bibliotekforening i seks år. Han fekk Kongens fortjenstmedalje.   Les mer…
Per Almås
Foto: Norske skolefolk, 1952
Per Almås (Peder Georg), født 2. august 1910 på Stord, død 16. februar 1991, same stad, var lærar og snikkar. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1936 og Eksamen artium i 1946. Han var overlærar ved Sogn ungdomsskule (seinare Askelund folkehøgskule) i Balestrand i 20 år frå 1936 og flytte seinare attende til Stord.   Les mer…
Rakel Støyva Apalseth
Foto: Norske skolefolk, 1952
Rakel Apalseth, født 10. januar 1902 i Breim, død 4. juni 1986 i Førde, var lærar. Ho hadde eksamen frå Volda lærarskule 1923-1924 og Den kvinnelige industriskole i Oslo 1939. Rakel var lærar i Byrkjelo krins i Breim 1924-1941, Gloppen 1941-1946 og Førde krins i Breim frå 1946. Ho var og aktiv i IOGT.   Les mer…