Ørsta kommune
Ørsta kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Hareid, Ulstein, Volda, Sula, Stranda og Sykkylven, alle i Møre og Romsdal.
Ørsta kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Historisk(e) navn | Ørsten |
Kommunenummer | 1520 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Ørsta |
Areal | 804.13 km² |
Areal land | 785.79 km² |
Areal vann | 18.34 km² |
Folketall | 10 929 (2023) |
Grunnlagt | 1883 |
Målform | nynorsk |
Nettside | Nettside |
Administrasjonssenteret ligg på Ørsta, som er den fjerde største tettstaden i Møre og Romsdal. Dei større bygdene er Barstadvik, Bondalen, Hovdebygda, Standal, Sæbø, Vartdal og Sætre . Kommunen har fire kyrkjer, Ørsta kyrkje, Vartdal kyrkje, Hjørundfjord kyrkje og Bjørke kyrkje.
Ivar Aasen var språkforskar, målmann, diktar og opphavsmannen til nynorsk (landsmål). Ivar Aasen-tunet blei åpna i 2000.
Europaveg 39 går gjennom kommunen, frå Volda i sørvest, gjennom kommunesenteret, vidare mot nord til ferjestaden Festøya. I kommunen ligg fjellet Saudehornet, som er 1303 meter høgt.
Sidan 1998 har Ørsta hatt eige vinmonopol.
Kommunehistorikk
Ørsta var tidlegare en del av Volda kommune, men frå 1883 sjølvstendig kommune med navnet Ørsten, I 1917 vart namnet endra til Ørsta. 1. januar 1964 vart Ørsta saman med dei tidlegare kommunane Vartdal og Hjørundfjord, slått saman til storkommunen Ørsta.
Nokre personar frå Ørsta
- Ivar Aasen, (1813–1896), språkforskar, målmann og diktar
- Anders Hovden, (1860–1943), diktarprest og målmann
- Peter Kjeldseth Moe, (1909–1973), arbeidarpolitikar, stortingsrepresentant og sakførar
- Marie Takvam, (1926–2008), forfattar og skodespelar
- Anna Skeide, (1910–1980), lyrikar
- Olav Strømme (1909–1978), målar
- Bjarte Engeset, dirigent
- Side Brok, hiphopmusikarar
- Roar Hagen (1954-), avisteiknar og bokillustratør
- Andreas Haavoll, (1869–1958), bladmann
- Arne Mo, forfattar
- Kristine Eikrem Engeset, (1988-), friidrettsutøvar
- Arill Riise,(1958-), journalist
- Sigvard Engeset, prest og salmediktar
- Olaf Hillestad, prest og diktar
- Ivar Andreas Nordang (1856-1933), frå Hjørundfjord, sorenskrivar i Vardø, Nordfjord og Tune, ordførar i Vardø 1891-97.
- Gunnhild Øyehaug, (1975),forfattar
- Berthe Canutte Aarflot,(1795–1859), forfattar
- Sivert Aarflot, (1759–1817) omgangsskulelærar, bonde, lensmann og folkeopplysningsmann.
Kjelder og litteratur
- Ørsta kommune
- Ørsta i Store norske leksikon.