Oscar Handeland ved skrivebordet, 1941. Foto: NLM-arkivet Oscar Handeland ( 1890- 1967) var i heile sitt yrkesaktive liv tilsett i Norsk Luthersk Misjonssamband som historikar, redaktør i Kineseren ( Utsyn) og lærar i kyrkje- og misjonshistorie ved misjonsskulen på Fjellhaug på Sinsen i Oslo. I denne artikkelen vert det gjort greie for hans arbeid som historikar med særleg vekt på hans framstilling av lekmannsrørsla i høve til den offisielle kyrkja.
I 1916 utgav fellesstyret (hovudstyret) i Det norske lutherske Kinamisjonsforbund ei historiebok om organisasjonen. Den har tittelen 25 år. Det står ikkje noko om kven som har skrive boka. Seinare vart det klart at forfattaren var Oscar Handeland. Handeland var på den tida redaksjonssekretær i Kineseren og medhjelpar eller assistent for Johannes Brandtzæg. Brandtzæg var sekretær (generalsekretær) i Kinamisjonsforbundet. Les mer …
Minnestøtte over Håvard reist ved RV 9 på Helle. Foto: Siri Johannessen (2016)
Håvard Hedde (Håvard Folkesson Helle, fødd 1758 på Helle, død 1802 i Bygland) var ein omstreifar frå Setesdal og er kjend frå songen «Eg heiter Håvard Hedde». Han opplevde mangt i livet, og det er mange myter om han. I songen om Håvard Hedde vert det sagt at han «reiste ifrå Lanjei, og då var jenta fest». Han var med andre ord ulukkeleg forelska. I Bygland gard og ætt vert det sagt at det må ha vore Birgit Halvorsdotter han var ute etter. Ho budde på Sordal då Håvard døydde, og då songen seier at han drukna på veg til gamlekjærasten verker det rett. Langeid er også nemnt i songen, og Birgits far budde på den garden då ho vart født utanfor ekteskap i 1771. Men kjeldene viser at ho nok ikkje har budd der. Faren hennar døydde i 1776, og det er ingen fleire kjelder som plasserer henne på Langeid. Ho vaks nok opp på Tveit, der mora Liv Osmundsdotter budde. Birgit budde der i 1800, då ho gifta seg. Mykje tyder på at det ikkje kan ha vore Birgit han fridde til.
Meir sannsynleg er det – om songen har rett i at han fridde og vart avvist – at det var Anne Knutsdotter Langeid, som i januar 1786 vart trulova med Aslak Olsson Frøysnes Les mer …
Søren Georg og Anne Marie Abel. Silhuetten blei laga av venen deira Peder Mandrud Tuxen.
Anne Marie Abel f. Simonsen (døypt 5. januar 1781 i Risør, død 23. desember 1846 i Gjerstad) var prestefrue i Finnøy og Gjerstad. Ho var kjøpmannsdotter, ho var gift med den populære og forstandige presten Søren Georg Abel, og ho var mor til mellom anna matematikaren Niels Henrik Abel. Ein skulle tru det var oppskrifta på eit godt og lukkeleg liv, men kjøpmannen gjekk konkurs, presten hamna i vanære og matematikarsonen døydde ung. Når Anne Marie allereie før desse problema hadde byrja søkje lukka i botnen av ei flaske, blir dette for ein stor del ei trist livshistorie. Les mer …
«Bjaaen Turiststation» ca 1903. Mannen med det store skjegget er Knut B. Bjåen, til høgre for han står kona, Torbjørg S. Bjåen, og til venstre står Borgny Abrahamson frå Kristiansand, dotter åt August Abrahamson, han som tok biletet. Huset i bakgrunnen er Nor i stoga, det næraste er Su i stoga, som var turiststasjonen. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Bjåen eller Sud i stoga er den nordlegaste garden i Bykle kommune, og dermed den fyrste faste busetnaden ein kjem til når ein køyrer riksvegen frå Tallaksbru] i Haukeli og over mot Setesdal.
Johannes Skar har skrive ein særs velsvarva karakteristikk av denne verestaden (Gamalt or Sætesdal I, 129):
| Bjåen ligg so berrsynt med Breivatn, midt i ville heidane mellom Bykle og Grungedal. Der var halvonnor mil til folk, kva leid du ville taka. Å så i Bjåen - der var aldri talemåte; heidane var for håge. Livemåten hadde dei av buskapen; det var der so utifrå godt på slåttor og beite. Rundt ikring var der fæle fiskevatn, og dyr og fuglar utyver alle heidar.
|
|
|
Gardsnamnet er i bygdemålet Bjåì (nominativ eintal) eller Bjånì (dativ eintal). Tarald Nomeland gjev i den gamle gards- og ættesoga (222) opp at dette kjem av eit gamalnorsk Bjár, som skal tyde «engslette», med sekundærtydingane «gard» og «støyl». Ettersom Bjå er hokjønnsord «må det vera gale å skrive Bjåen», tykkjer han, «det gjev ordet hannkjønnsform». Så langt ein heldt seg til nynorsk mål, har Nomeland sjølvsagt rett i det siste poenget, men forma Bjåen, som har fått hevd både som gardsnamn og ættenamn, vart til medan skriftmålet var dansk, og der gjer dei som kjent ikkje grammatisk skilnad på hankjønn og hokjønn, men opererer med «fælleskøn». På denne bakgrunnen tykkjest det misvisande å seia at den innarbeidde namneforma er «gale». Les mer …
Arnoldus Koren, 85 år gammal. Etter målarstykke av Anna Nerdrum.
Arnoldus von Westen Sylow Koren (fødd i Bergen 22. juli 1764, død i Ullensvang 8. oktober 1854) var jurist, eidsvollsmann og stortingsmann. Lengste embetstenesta si hadde han som sorenskrivar i Hardanger og Voss. Han var også kjend som ein føregangsmann i landbruket, ikkje minst kva gjeld fruktdyrkinga i Hardanger.
I Riksforsamlinga på Eidsvoll var han ein konsekvent sjølvstendemann, og han vidareførde denne linja på omframstortinget hausten 1814. Av politiske motstandarar vart han framstilt nærmast som ein overivrig våsekopp, og også hans eigne vener kunne finne han meir enn nødvendig taletrengd. Dette har nok verka til å setje i skuggen Korens fortenester som politikar, embetsmann og gardbrukar. Og det har svekt ettertidas syn for hans heilskaplege samfunnsideal, prega framfor alt av moderne liberale og demokratiske haldningar. Han var kanskje den på Eidsvoll som tydelegast målbar tanken om eit konsekvent brot med det gamle samfunn, for å realisere den franske revolusjonens ideal om fridom, likskap og brorskap. Les mer …
Gunhild Helene Ugland (født 11. februar 1877 på Lille Augland i Froland kommune i Aust-Agder, død 1. august 1940 på Borås Lazarett i Västergötland i Sverige) var utdannet lærerinne, men «hoppet av» og ble sosialistisk agitator. Som så ble hun den første som tok seg fram til gruvebyen Sulitjelma, og implisitt; den første – og eneste sosialistiske agitator som greide å holde foredrag i «Lapplands Helvete». Men hun var også vår første kvinnelige arbeiderdikter. Hun var dessuten den som skrev prologen til kvinnenes første 17. mai-tog, og hun ble styremedlem i det første sosialdemokratiske ungdomsforbundet. Hun holdt innledning, som norsk gjest på en av Skandinavias første sosialdemokratiske kvinnekonferanser – i Sverige. Her ble hun også valgt til konferansens referent. Les mer …
Høydølen på prøvetur i 1950.
MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.
Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.
Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg. Les mer …
|