Mulevegen 142 (Fedje gnr 169 bnr 202)

Mulevegen 142 er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Mulevegen 142
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 202
Adresse: Mulevegen 142

1. Idar Moldøen f. 1961 Svena (gnr 170 bnr 15-1d), sjøkaptein, g. 1995 m. Brynhild Jannicke Norstrand f. 1958 Bergen, teknisk assistent, bustad Arefjord i Fjell, Øygarden kommune. Skøyte 2016 på tomt frådelt gnr 169 bnr 199 same året. Huset og garasjen vart bygde i 2018, og vert nytta som fritidseigedom.

Born: a. Rikke Moldøen f. 1993, vernepleiar, samb.m. Mads Nordby f. 1992 Bergen, busette der. b. Anette Moldøen f. 1997, bustad Fjell, og c. Sandra Moldøen f. 1997, bustad Fjell (tvillingar).


Fedje komm.svg Mulevegen 142 (Fedje gnr 169 bnr 202) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Mulevegen 159 (Fedje gnr 169 bnr 197/198/199) • Neste bolk: Mulevegen 140 (Fedje gnr 169 bnr 203)