Sekundærnæringar i Telemark

Oversyn over sekundærnæringane i Telemark frå 1900 og fram til i dag

Utdypende artikkel: Telemark i det 20. århundret

Denne artikkelen gir eit oversyn over sekundærnæringane som har eksistert i Telemark. Artikkelen er meint å skulle hjelpe privatarkivinstitusjonar i innsamlingsarbeidet av privatarkiv i fylket og vart starta av Telemarksarkivet. Sjå også eigne artiklar om primærnæringane, tertiærnæringane og organisasjonslivet i fylket.

Næring Kjenneteikn for perioden 1900-1945 Kjenneteikn for perioden 1946-1972 Kjenneteikn for perioden 1973-d.d. Artiklar om tema Bevarte privatarkiv
Bergverksdrift og utvinning
  • Mange malmgruver i drift, men dei fleste vart lagt ned i løpet av perioden. Det kom til gruver med anna utvinning; molybden, kalk, kvarts og feltspat m.m. Brynesteinsbrotet i Eidsborg var i drift fram til 50-talet. Dalen Portland Cementfabrik (Norcem) frå 1916 vart Nordens nest største gruveanlegg etter Kiruna i Sverige.
  • Tradisjonell gruvedrift på veg ut som næring.
Ingen artikler oppfyller kriteria

14 arkiv
32,7 hm

Industri: Produksjon av nærings- og nytelsesmidler
  • Oppretting av ei rekkje meieri, møller, slakteri.[1]
  • Mjølkelandbruket reorganisert etter krise i 20-åra. Telemark Mjølkesentral (1930) sikra rettferdige prisar mellom bøndene, og fekk mjølkeprisen opp medan andre prisar gjekk ned.[2]
  • Meir sentralisering mot 1945; 20 meieri i 1900, 10 i 1915, 13 i 1945.[3]
Ingen artikler oppfyller kriteria

12 arkiv
38,9 hm

Industri: Produksjon av tekstil og klær
  • Ullspinneri som hjørnestein i Lårdal. Trikotasjefabrikkar, kunstsilke og spinneri fleire stader.
Ingen artikler oppfyller kriteria

8 arkiv
4,65 hm

Industri: Produksjon av trelast og varer av tre
  • Sager og høvleri som ein av dei største næringsvegane i 1900.[4]
  • Oppløysinga av «skogsystemet» førte til nedleggingar, m.a. Aall-Ulefos, Tinfos og Union.
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria

7 arkiv
74,4 hm

Industri: Produksjon av papir og papirvarer
  • To verksemder sysselsatte 605 personar i 1900.[5]
  • Treforedlingsindustrien dominerte fabrikktellinga i 1909. Skien, Solum, Gjerpen og Sannidal var store. Dei fleste einingane var små frå byrjinga, men selskap som Union kjøpte med tida opp dei fleste og stod snart åleine att, ved sidan av Tinfos.[6] Tremasseproduksjon ved Vafos- og Kammerfos Bruk.
  • I 1936 eksisterte det 9 verksemder innan papirindustrien som sysselsatte 1718 personar.[7]
  • Oppgangstid for Union til utpå 70-talet.[8]
  • Papirindustrien forsvinn i løpet av perioden.
Ingen artikler oppfyller kriteria

7 arkiv
268,4 hm

Industri: Produksjon av kol- og raffinerte petroleumsprodukt
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria

1 arkiv
1 hm

Industri: Produksjon av kjemikalier og kjemiske produkter
  • Hydro-systemet skapte nye bysamfunn frå 1904. Med utbygginga på Herøya på slutten av 1920-åra gjekk det ei industriåre frå Vestfjorddalen til Porsgrunn. Mekanisk teknologi og naturgitt drivkraft i form av vasskraft rådde i industrien.
  • Norsk Hydro ekspanderte i inn- og utland, og til ei rekke nye industrielle område, m.a. ammoniakk, plast, magnesium og kraftverkindustrien. på slutten av perioden også i olje- og gass.
  • Oppløysing av «Hydro-systemet» frå 1960-åra førte til innskrenking og nedlegging på Rjukan og Notodden og rasjonalisering og utflagging av produksjonen på Herøya. Tilsette på Herøya i 1966: 6077, i 2004: 1825.[9]
Ingen artikler oppfyller kriteria

13 arkiv
1181,8 hm

Industri: Produksjon av farmasøytiske råvarer og preparater
  • Farmasøytisk produksjon gjennom Weifa i Kragerø frå 1950.[10]
Ingen artikler oppfyller kriteria

0 arkiv
0 hm

Industri: Produksjon av andre ikkje-metallhaldige mineralprodukt
  • Forbruksvarer som porselen.
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria

5 arkiv
133 hm

Industri: Produksjon av metall og metallvarer
  • Jernverk og smelteverk laga innsatsvarer til anna industri og andre verksemder, fleire jern- og smelteverk etablerte seg frå 1910.[11] Norsk Elektrokjemisk Aksjeselskap produserte karbid i Kragerø og eksporterte til heile verda mellom 1908 og 1928.
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria

1 arkiv
0,5 hm

Industri: Produksjon av elektrisk utstyr
  • Elektroniske merkevarer som Beha Fabrikker då elektrisitet kom.[12]
  • Elektronikkproduksjon gjennom m.a. Den Norske Høytalerfabrikk, i Kragerø.
Ingen artikler oppfyller kriteria

0 arkiv
0 hm

Industri: Produksjon av transportmidlar; bil, båt o.a.
  • Skipsbygging og skipsreparasjon med tradisjonar i Grenland; jf. Porsgrunds Mekaniske Verksted (1873), Langesund Mekaniske Verksted (1914), og Trosvik Verksted i Brevik (1918). Overgangen frå segl til damp gjekk tregt, det same gjaldt overgangen frå damp- til motoralder. I 1914 var nesten 50 prosent seilskiptonnasje i Telemark, mot 23 prosent på landsbasis.[13]
  • Båtbyggingstradisjonen frå 1800-talet vart tatt opp att då Tangen Verft sette i gang produksjonen i 1952.
  • Nedlegging av verfta.[14] I 2003 vart Tangen Verft nedlagt.
  • Mange stader la dei gamle båtbyggingsverksemdene om drifta til å drive «båtpleie» og utleige på 2000-talet.[15]
  • Plastbåtproduksjon, som ved Hansen & Arntzen frå 1969.
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria

10 arkiv
52,9 hm

Industri: Produksjon av møbler
Ingen artikler oppfyller kriteria

0 arkiv
0 hm

Industri: Anna industriproduksjon
  • Iseksport var ein enorm industri i Telemark i 1900. Då arbeidde 1715 personar i 103 forskjellige verksemder.[16] Industrien fekk det vanskelegare når elektrisitet og nyvinningar kom til. Produksjon av is til eksport opphøyrde på slutten av 30-talet, medan produksjonen for den lokale marknaden heldt fram til 1965.
  • Informasjonsteknologi skapte grunnlag for fleire nye databedrifter, m.a. på Klosterøya der det vart nesten like mange tilsette som i papirindustriens tid.[17]
  • «Postfordistiske» verksemder der ein arbeidde meir teoretisk enn før.[18]
  • Mange av dei innovative forskningsverksemdene verdsleiande, m.a. plastforskningsverksemda Norner i Bamble og Oil in Water på Herøya som utviklar teknologi til reinsing av drikkevatn, samt oppsamling av oljesøl og gjenvinning av metall frå flygeaske.
Ingen artikler oppfyller kriteria

1 arkiv

Elektrisitets-, gass-, damp- og varmtvatnsforsyning
  • Laugstol Brug i Skien var etablert allereie i 1885 og var det fyrste kraftverket i landet som leverte straum til private abonnentar. Dalsfos kraftverk kom i drift i 1907.
  • Vasskraftutbygging ved Tokke og Hjartdøla. Kammerfoss frå 1958. Tokkeanlegget vart det største i sitt slag.
  • Elektriske anlegg vart bygd ut i større grad. I 1964 låg fylket på topp i elektrisitets-produksjon i landet.[19]
  • I 1993 var 86 prosent av vasskreftene i fylket utnytta.[20]
Ingen artikler oppfyller kriteria

4 arkiv
5 hm

Vatnforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd
Ingen artikler oppfyller kriteria

2 arkiv

Bygge- og anleggsverksemd
  • Byrjinga på bygginga av fritidsbustader langs kysten (sommervillaer, pensjonat, kurbad og hotell).
  • Hytteutbygging fleire stader i Telemark, men særleg langs skjergarden.[21]
  • Hytteturismen breidde om seg i dei indre delane av fylket (Vinje og Rauland), men i særleg grad ved kysten der ein bygde tusenvis av sommarhytter og lystbåttrafikk gjekk livleg for seg.
  • Overnattingsstadane utkonkurerte delvis kvarandre i ein liten marknad. (Hotell, hyttefelt, campingplassar).[22]

3 arkiv
48 hm

Kjelder

  • Rovde, Olav og Ingvar Skobba (red.), Telemarks historie: Etter 1905, band 3, Fagbokforlaget. 2014. ISBN 978-82-450-1409-9.
  • Norges Officielle Statistik. V. 58. Industristatistik 1900. Lenke til digital utgåve hjå SSB. Transkribert utgåve over Telemark i kjeldearkivet.
  • NOS IV, nr. 106, Amtmannsmeldinga 1900, bind 1, VIII.
  • NOS VII. nr. 113. Amtmannsmeldinga 1915, bind 1, VIII.
  • NOS X. nr. 138, Meieribruket i Norge 1945.
  • Norges Offisielle Statistikk IX nr. 164, Bedriftstelling, 1936.
  • Hansen, Henry Hågen, Telemarkskysten : vår levende kyst, Stathelle, 1990.

Referansar

  1. Telemark Historie 3, s. 33-34
  2. Telemark Historie 3, s. 30
  3. NOS IV, nr. 106, Amtmannsmeldinga 1900, bind 1, VIII, s. 22, NOS VII. nr. 113. Amtmannsmeldinga 1915, bind 1, VIII, s. 14 og NOS X. nr. 138, Meieribruket i Norge 1945, s. 42.
  4. Jf. Industristatistikken for Telemark anno 1900.
  5. Industristatistikken for Telemark anno 1900.
  6. Telemark Historie 3, s. 24
  7. Norges Offisielle Statistikk IX nr. 164, Bedriftstelling, 1936
  8. Telemark Historie 3, s. 52
  9. Telemark Historie 3, s. 56
  10. Hansen, Henry Hågen, Telemarkskysten : vår levende kyst, Stathelle, 1990, s. 159
  11. Telemark Historie 3, s. 22
  12. Telemark Historie 3, s. 22
  13. Telemark Historie 3, s. 86
  14. Telemark Historie 3, s. 57
  15. Telemark Historie 3, s. 92
  16. Jf. Industristatistikken for Telemark anno 1900.
  17. Telemark Historie 3, s. 59
  18. Telemark Historie 3, s. 59
  19. Telemark Historie 3, s. 24
  20. Telemark Historie 3, s. 67
  21. Telemark Historie 3, s. 99
  22. Telemark Historie 3, s. 62