Skulehistorie i Balestrand

Skulehistorie i Balestrand skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Balestrand kommune si skulehistorie.

Balestrand vart skild ut som eige prestegjeld frå Leikanger i 1850, og vart samstundes eigen kommune. I den store kommunereguleringa i 1964, vart bygdene frå og med Lånefjorden i vest, Nessane, Sæle, Kvamsøy, til og med garden Stokkebø ved Målsnes overført frå Vik til Balestrand, Vangsnes vart overført frå Balestrand til Vik og Eitorn vart overført frå Balestrand til Leikanger. Fjærland var ein del av Balestrand kommune fram til 2000, da den vart overførd til Sogndal kommune. Resten av Balestrand kommune vart slegen saman med Leikanger og Sogndal til nye Sogndal kommune 1.januar 2020.

Oversyn over skulekrinsar

Fram til 1860 delar skulestyrets møteprotokollar Balestrand inn i tre sokn: Tjugum, Fjærland og Vangsnes.

Tjugum var delt inn i fem roder. Her varierer nummereringa av rodane i skuleprotokollane noko, i tillegg til at namna endrar seg noko. Sjølve inndelinga i rodar verkar å ha vore meir eller mindre den same mellom 1844 og 1860:

  1. (Tjugum mellom rode 2 / rode 1 / Sjøtun:) Tuftedal, Thue, Brugjeld, Skaasheim, Fjærestad, Bale, Baleholm
  2. (Tjugum mellom rode 3 / rode 2:) Esse, Hjælseng, Grøneng, Gjerde
  3. (Tjugum indre rode 2 / rode 3 / Sværefjorden:) Farnæs, Dale, Sværen,
  4. (Tjugum indre rode 1 / rode 2 / Vetlefjorden:) Eiken, Fedthen, Langeteig, Meel
  5. (Tjugum mellom rode 1 / rode 3 / Eithuns rode:) Eithun, Eithungjerde.

Fjærland var på si side delt inn i fire rodar. Også her varierer nummereringa noko. I skuleprotokollane har desse rodane også gått under namnet Mundal:

  1. (Mundal rode 4 / Ytre Mundal / Ytre Fjærland:) Rødbotten, Jordal
  2. (Mundal rode 1 / Mundal Indre:) Distad, Hattestad, Mundal, Skreøn, Bjaastad
  3. (Mundal rode 2:) Bøium, Skeje
  4. (Mundal rode 3:) Vaadevig, Harpedal, Stølen

Til Vangsnes sokn høyrde gardane Hovland, Øksdal, Indre Vangsnes og Ytre Vangsnes. I skuleprotokollane varierer Vangsnes mellom å vere ein samla krins, og å vere inndelt i 2-4 rodar.[1]

I 1860 vart Lov om Almueskolevæsenet paa Landet vedteken. Her sto det mellom anna at "forsaavidt Bostederne ligge saa nær sammen, at Antal af mindst 30 skolepligtige Børn fra Hjemmet hver Dag kunne søge samme Skole, holdes denne i eget dertil opført eller leiet hensigtsmæssigt Locale"[2]. Etter lovendringa fekk Balestrand i likhet med mange andre kommunar ei krinsregulering. I 1861 blir Fjærland derfor delt inn i tre skulekrinsar; Indre Fjærland krins, Midtre Fjærland krins og Ytre Fjærland krins - mens Tjugum delast i fire og blir Vetlefjorden krins, Sværefjorden krins, Balestrands krins og Eithun krins. Vangsnes vart ikkje delt.[3]

Skulekrinsar i Balestrand
1859 1861 1895 1900 1953 1956 1957 1962 1965 1971 2019
Tjugum Esefjorden Sagatun
Balestrand
Vetlefjorden Fjordtun
Sværefjorden
Eithun -->Leikanger kommune frå 1964
Fjærland Ytre Fjærland Mundal Fjærland
Midtre Fjærland
Indre Fjærland
Vangsnes --> Vik kommune frå 1964
Vik kommune før 1964 Nesse
Vik kommune før 1964 Kvamme
Vik kommune før 1964 Linde
Vik kommune før 1964 Lånefjord

Skulekrinsar

Krinsane som vart ein del av Balestrand i 1964. Kom frå Vik

Skuleveg

 
Ei utlysing for ledig lærarpost i Balestrand i 1918 gir oss eit døme på korleis reisevegen til lærarane var. Her skulle ein lærar undervise i både Hovland og Fjærand, og for å komme seg mellom dei to var det "8 km. tillands - helvti berre gangsti + 32 km. sjøveg, der ein kann nytta dampskip." [4]

Skulevegen var til tider lang både for elevar og lærarar. Ved nokre av skulane var det naudsynt å bruke båtskyss til skulen.

Skuledagen

I åra 1891-1900 vart undervist i 12 veker i kvar klasse. I todelte klasser var det 13 veker med undervisning. Faga det vart gitt undervisning i desse åra var kristendomskunnskap, norsk, regning, geografi, historie, naturkunnskap, skriving, sang, og tekning. Det vart ikkje gitt undervisning i handarbeid og gymnastikk i åra 1891-1900. Av lærebøker skal det mellom anna ha vore brukt Luthers katekismus, Pontoppidans Forklaring (Sverdrups utgave), Vogts lille Bibelhistorie, Rolfsens Læsebog, Siegw. Petersens Norges Historie for Begyndere, Nicolaysens Regnebøger, Reusch Geografi og Naturkundskap, og Deinbolls Tegnebøger. Av anna undervisningmateriale hadde skulane kuleramme, globus, kart og tavle. I femåret 1891-1895 vart det anskaffa sett apparater til undervisninga i fysikk til kvar lærar og i femåret etter vart det også kjøpt inn anatomiske bilde til alle skulane.[5]

I 1896-1900 vart det halden framhaldskule 12 veker kvart år.

Lærarar

Dei første lærarane i Balestrand skulestyre sine møteprotokollar er Ingebrigt Hermundsen Lidal, kyrkjesongar og skulehaldar i Fjærland, og Knud Chrisophersen Hamre som var lærar i Tjugum. Lidal er oppgitt med ei lønn på 30 Spds, mens Hamre får 12 Spds. I 1850 hadde Hamre vore lærar i 2 år (1 av dei på prøve) og ba om meir i løn.[6]

I 1862 oppgir skulestyrets protokollar fem lærarar som fekk lønn det året: A. Flesche, L[asse]. Johnsen. I[ngebrigt] Mundal, L. Kalbakken og J[acob] Olderkalv.[3] Nokre år etter, i 1864, dukker lærarane A. Øvrebø og Hans Hellen også opp på skulestyrets lønningslistar. I 1871 lønnast også ein ikkje namngitt lærar på Vangsnæs, og frå 1871 gis det lønn til ein lærar Dahle. Fram til 1885 er det lærarane Øvrebø, Lasse Johnsen, Erik Mundal, Hans Hellen og Dahle som får lønn iflg. skulestyreprotokollen. Etter dette sluttar protokollen å notere lærarlønningane på same vis.[3]

I femårsmeldinga frå 1896-1900 kan vi lese at Heredet er splittet ved flere Fjorde, flere Kredse som Følge heraf smaa og Inddelingen i bekvemme Lærerposter vanskelig. En konsekvens var hyppige lærarskifte, noko skulestyret bemerka seg at ikkje hadde vore heldig for korkje undervisninga eller disiplinen.[5]

Mange lærarar var utdanna ved Balestrand lærerskole.

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Ingebrigt Hermundsen Lidal Fjærland (seinast 1949)
Knud Chrisophersen Hamre Tjugum 1848 Har vore lærar "i 2 aar" i 1950.
Flesche (1863?) Dukkar sist opp i skulestyrets liste over lærarlønningar i 1863.
Lars Kalbakken (1862?) Dukkar sist opp i skulestyrets liste over lærarlønningar i 1862.
Jacob Olderkalv (1870?) Dukkar sist opp i skulestyrets liste over lærarlønningar i 1870.
Lasse Johnsen 1834[7] 1864 Balestrand På skulestyrets liste over lærarlønningar på 1860-talet.
Ingebrigt Mundal På skulestyrets liste over lærarlønningar på 1860-talet.
Anders Pedersen Øvrebø* 1842 Esefjorden[8] 1864 1888 Stord Var kyrkjesongar. Hadde bustad og klokkargard
Hans O. Hellen* 1843 1864 1899 Balestrand lærarskule
O. Dahle 1847 1871 Hamar Kyrkjesongar i Vangsnæs.[7]
Erik Mundal* 1850 1876 Stord Var kyrkjesongar i Fjerland.[7]
J. Mundal* 1858 1885 Hamar Jobba som lærar frå 1882. Hadde bustad og skulejord
Hans Mo* 1867 Ytre Fjærland 1889 1897 Hamar På oppsigelse. Hadde bustad og skulejord
Anderas Kvale* 1866 Vangsnes 1890 1900 Hamar Var kyrkjesongar. Seinare lærar i Lavik, Sogn.[9]
Britu/Brita Eiken* 1869 1893 før 1900 utan utdanning På oppsigelse (1891-1895). Var vikar i femåret 1896-1900.
H. Østerbø 1868 1894 Hamar På oppsigelse
Furér Kvalheim etter 1896 før 1900 Var vikar i femåret 1896-1900.
Unni Grøneng etter 1896 før 1900 Var vikar i femåret 1896-1900.
Jens Fjærestad 1897 før 1900 Var ansatt i kort tid i femåret 1896-1900.
Jens Aarskog 1875 Hamrum 1897 Stord På oppsigelse. Lærar i framhaldskulen. Hadde bustad og skulejord.
David Hauge 1898 før 1900 Var vikar i femåret 1896-1900.
Johan Olson Rognebakke 1872 1898 1898 Var ansatt i kort tid i femåret 1896-1900. Seinare lærar i Jølster, Sogn.
Ivar Fretland 1899 1899 Var ansatt i kort tid femåret 1896-1900. Seinare skuleinspektør i Drammen.[10]
Torstein H. I. Oppedal* 1876 1900 Notodden På oppsigelse. Klokkar og organist.
Olav Heltvedt* 1873 1900 Elverum Kst.
B. Fimrete 1868 1900 Stord Jobba som lærar frå 1891. Var kyrkjesongar. Hadde bustad og skulejord
Johannes Bøyum 1877 Indre Fjærland 1901 Elverum lærarskule Stifta barnefråhaldslag. Formann i fråhalds- og ungdomslag.[10]
Karl Bøyum 1905 Vangsnes (vikar 1933-34), Balestrand framhalds- og mellomskule (hjelpelærar 1934-35), Sagatun (frå 1935). 1937 (i fast stilling) Levanger lærarskule Musikklærar ved kurs 1928-33.[10]
Knut Torsnes 1874 Indre Fjærland 1900 1901 Stord lærarskule Vikar. Seinare lærar i Sunde krins, Øvre Eiker og i Bergen.
Hans Lasseson Østerbø 1873 1900 1919 Hamar lærarskule Seinare lærar i Sogndal.[9]
Endre Lidal 1892 Ytre Fjærland 1915 1917 Volda lærarskule Senare lærar i Leikanger.[11]
Ingvald Eiken 1903 Vetlefjorden, Vangsnes Volda lærarskule Kurs i sløyd og teikning. Sønn av bonde Markus Eiken og Brita Feten.[10]
Olav Klingeberg[11] 1891 1916 1918 Volda lærarskule
Per Tue 1891 1916 1916 Stord lærarskule Vikar i Masfjorden 1913. Lærar i Sogndal 1913. Leikanger frå 1920 ved Nybø skule.
Tor Hovland 1895 1918 1920 Stord lærarskule,

Volda lærarskule

Lærar i Lærdal 1917-18 og i Drammen 1922-28.Skulestyrar Flatbygdi skule i Vik (Sogn) frå 1947.[10]
Anders Dyrdal 1892 1919 1920 Volda lærarskule
Olav Hjelseng 1896 Sværefjorden, Sagatun 1921 Stord lærarskule Tidl. lærar i Luster og Gaular. Form. i lærarlaget til 1940.[10]
Laura Hegnes-Raudbotn[10] 1900 Ytre Fjærland 1922 1948 Nesna lærarskule
Berent Giil[10] 1904 1926 1931 Volda lærarskule
Johan Nilssen Ese[9] 1904 Esefjorden, Sagatun 1928 Volda lærarskule
Knut Trå 1906 Vangsnes 1933 Volda lærarskule Tidl. lærar ved Stokke skule, Hjørundfjord (1927-32).[9]
Jens Vangsnes 1885 Stord lærarskule Vikar i Balestrand 1906-07. Lærar i Sand, Ryfylke 1907-10 og i Luster 1913-20. Lærar i Balestrand frå 1940.
Astrid Sjøtun 1896 Sagatun, Vetlefjorden-Eitorn[11] Volda lærarskule
Marit Kvam-Bøyum[11] 1900 Eitorn, Indre Fjærland, Sværefjord før 1934 etter 1952 Oslo lærarskule

Namn i tabellen merka med stjerne (*) er å finne i femårsmeldingane for 1891-95 og 1896-1900. Dei andre er henta frå andre kjelde, mellom anna skuleprotokollar, skulestyrets møtebok og Norske skulefolk (1934 og 1952).

Skular og elevtal

I 2019 var skulane i Balestrand kommune: Sagatun skule, Fjordtun oppvekstsenter, Fjærland oppvekstsenter og Synga vidaregåande skule. Sagatun skule har elevar frå 1. til 10.klasse, mens Fjordtun har elevar i 1. og 2. klasse.

Skuler med oppdeling av klasser og elevtal
Skule 1891 1892 1893 1894 1895 1896 1897 1898 1899 1900
Balestrand tredelt, 78 Tredelt, 86 Firdelt, 94 Firdelt, 95 Firdelt, 88 firdelt, 78 firdelt, 83 firdelt, 79 firdelt, 75 firdelt, 80
Esefjord todelt, 43 Todelt, 45 todelt, 42 Todelt, 44 todelt, 35 todelt, 33 todelt, 33 todelt, 32 todelt, 30 todelt, 29
Eitorn Samla, 20 Samla, 17 Samla, 17 Samla, 22 Samla, 21 Samla, 21 Samla, 21 Samla, 21 Samla, 22 Samla, 25
Vetlefjorden Todelt, 38 Todelt, 35 Todelt, 34 Todelt, 32 Todelt, 35 todelt, 38 Todelt, 40 todelt, 40 todelt, 40 todelt, 44
Sværefjorden todelt, 35 Todelt, 33 Todelt, 34 todelt, 35 Todelt, 35 todelt, 41 todelt, 42 todelt, 38 todelt, 44 todelt, 39
Vangsnes Todelt, 39 Todelt, 42 Todelt, 40 Todelt, 32 Todelt, 35 todelt, 30 todelt, 37 todelt, 39 todelt, 41 todelt, 44
Ytre Fjærland Samla, 18 Samla, 19 Samla, 23 Samla, 24 Samla, 24 Todelt, 27 Todelt, 24 Todelt, 29 Todelt, 32 todelt, 31
Hamrum Todelt, 39 Todelt, 46 Todelt, 46 Todelt, 49 Todelt, 48 todelt, 48 todelt, 49 todelt, 47 todelt, 43 todelt, 45
Indre Fjærland Tredelt, 68 Tredelt, 58 Tredelt, 58 Tredelt, 56 Tredelt, 64 tredelt, 57 tredelt, 57 tredelt, 43 tredelt, 46 tredelt, 45
Til saman i kommunen 378 381 388 389 385 383 386 378 373 382

I tillegg var det 7 (1891), 7 (1892), 9 (1893), 9 (1894) og 9 (1895) elevar som vart undervist utanfor skulen.

Arkiv

Fotnotar

  1. Skuleprotokoll for Balestrand prestegjeld 1844-1862.
  2. Lov om Almueskolevæsenet paa Landet (1860)
  3. 3,0 3,1 3,2 Balestrand kommune - møtebok for skulestyret 1849 - 1900
  4. Norsk Kundgjørelsestidende 1918.06.28. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. 5,0 5,1 Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1891-1895. Annonce-Tidendes Bogtrykkeri 1897
  6. Møtebok frå skulestyret i Balestrand kommune, 1849-1900.
  7. 7,0 7,1 7,2 Pederssen, K.: Lærerkalender for den norske folkeskole. Utg. Dybwad. 1884. Digital versjonNettbiblioteket.
  8. Dagbok for Esefjorden krins 1882-1905
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjonNettbiblioteket.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 10,6 10,7 Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1952. Digital versjonNettbiblioteket.
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1952. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


  Skulehistorie i Balestrand er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.