Skulehistorie i Flora

Skulehistorie i Flora skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Flora kommune si skulehistorie.

Vegkart med kommunegrenser 1939

Kinn kommune var ein stor kommune då den vart oppretta i 1837. Den favna om sokna Bru, Kinn og Bremanger. Den store kommunen vart delt ved fleire høve, før den i 1964 på ny vart samla i ein storkommune, Flora kommune. Forutan Bremanger kommune som framleis er eigen kommune.

Den første skulelova i det som då var Kinn prestegjeld kom i 1743. Sokneprest Sigvard Brarup leia arbeidet med denne første skulefundasen, og det vart slått fast at kvart sokn, Bremanger, Kinn og Svanøy, skulle ha ein lærar. Foreldra var ofte meir opptekne av at borna skulle jobbe på gardane enn at dei skulle få utdanning, så skuletida vart lagt til perioden etter innhaustinga på hausten (Mikkelsmesse 29. september) og fram til 3. april.

I 1835 vart det i Kinn prestegjeld rapportert at berre 10% av borna kunne skrive og 1% kunne rekne. Det vart sett inn tiltak for å sikre betre framgang, og fem år seinare var resultata på veg opp.

Oversikt over skulekrinsar

Kinn

1861 1869 1875 1884 1886 1891 1895 1896 1897 1901 1917 1921 1934 1937 1941 1968 1972 1976 1982 1998 2006 2008 2010 2024
Florø Florø Florø Florø
? Hovden
? Domben Barekstad
? Barekstad
? Askrova Valvik Askrova
Sunde
? Reksta Reksta Reksta Rognaldsvåg Rognaldsvåg
Reksta
? Kinn Kinn
? Skorpa Skorpa
? Skorpeide
? Krokane
Torvmyrane Torvmyrane
? Batalden
? Solheim
? Terdal
? Havrenes
? Brandsøy Brandsøy Brandsøy Brandsøy
Grønenga
? Bjørnset Bjørnset
? Nyttingnes Nyttingnes ?
Sandvik
? Grov ? Grov ?
? Furusund
? Årebrot Årebrot
Nærøyane ?
? Haukå

Florø Ladested

1861 1964
Florø folkeskule Florø folkeskule

Bru

1875 1885 1891 1895 1901 1916 1927 1934 1957 1960 1962 1963 1969 1983 2024
? Vågane ?
? Andal ?
? Stavøy ?
? Nordal Solheim ?
? Sunndal Solheim
? Midtbø Solheim
? Øvre Standal Standal
? Nedre Standal
? Stavang ?
? Vardal
? Svanøy
? Høyvik Steinhovden -> Eikefjord
? Hopen
? Høydal Store Høydal
Lille Høydal -> Eikefjord
? Svardal ->Eikefjord

Eikefjord

1861 1875 1885 1895 1901 1960 1962 1983 2024
Steinhovden (Bru) Eikefjord
Høydal (Bru) Eikefjord
Svardal (Bru) Eikefjord
Barlindbotn
Eikefjord
Tonheim
Langedal
Svarthumle
Løkkebø
Sunnarvik
Vadsæt

Skulekrinsar

Kinn

Florø Ladested

Bru

Eikefjord

Skuleveg

Lærarar

Lærarsegn i Sunnfjord - Tidskrift um Sunnfjord-soga, segn og sed

Tidsskriftet Sunnfjord - Tidskrift um Sunnfjord-soga, segn og sed Nr. 6 (1922)[1] har ein funne det som truleg er blant dei eldste omtalane av ein lærar i Sunnfjord i ein skifteprotokoll frå 1687[2]. Her skal arven etter Marte Jakopsdotter frå Eikefjord gå til son hennar, Jakob Jørundson «huis fader har vedkiendt sig barnit og beigiert moderen til egte, og med moderen var samtøcht fuldkomet at hafue villet echte, mens formedelst hendis broders Hellie Lanigedals offuervold trusel og undsigelse motte for w-løche affleye drage af efftersom hans nering var at lære børn at læse og derofuer drog til Nordfiord; at deris willie til echteschaib blef forhindret som med manges videnskab er bevisligt: der fore iche hafuer kundet hannem des arf frakiende».

Barnefaren Jørund hadde det å "lære børn at læse" som si næring, altså var han lærar. Skifteprotokollen fortel oss berre at han arbeida i Nordfjord - truleg som omgangsskulelærar, så om han hadde vore lærar i Kinn er usikkert. Skrifteprotokollen "Sunnfjord" brukte som kjelde til saka er digitalisert og tilgjengeleg hos Digitalarkivet.

I Sunnfjord - Tidskrift um Sunnfjord-soga, segn og sed Nr. 3 (1921)[1] Blir det fortalt nokre anektdotar om fleire skulehaldarar frå 1800-talet. Kva kjeldane til desse forteljingane er, vert ikkje oppgitt.

Den fyrste av dei omtala lærarane er "Skule-Kasten" (Karsten Rasmusson). Han skildrast som ein merkeleg figur. Han skal også ha vore kalla "Halte-Kasten", fordi han braut foten etter å ha hoppa ned frå eit tak med heimelaga vingar av tunnestavar og ei rya ein gong i ungdommen. Han skal også ha fortald morosame reglar og laga visor. Den neste læraren tidsskriftet fortel om er "Skule-Joans" frå Indrus, som skal ha halde skule i nordre Kinn og sidan i Gulen.[3] Når han skal ha vore lærar er uvisst, men samstundes skal det ha vore ein lærar ved namn "Skule-Jakop" frå Á i Nordfjord som skula i Bremanger. Dette kan ha vore Jacob Simonson Aa, som iflg. Anders Lothe var lærar i Bremanger frå 1821.[4] Vidare nemnast ein "Skule-Gullak" i Vinspolla og ein "Skule-Nils".[5] Skule-Nils skal ha komme til bygda som gjætargut for presten på Flora, og vart sidan lærar. Ingen av dei omtala lærarane skal ha gått nokon lærarskule. Tidsskriftet avsluttar saka om skulehaldarar med å seie at det sidan kom nye lærarar Kinn: Nytingnes (frå Kinn), Rangsæter og Per Lid (sunnmøringar), og Aleksander Kråkenes (naustdøl) som alle hadde gått lærarskule. Kråkenes skal også ha vore ein god båtbøtar.

Lærarar i Kinn fram til ca. 1900
Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Ola Andersson Valvik Kinn sokn 1762 1785 [4]
Aleksander Sjurson Sundhordvik 1741 Bru sokn, Eikefjoird 1762 1816 Var skulehaldar i 54 år.[4]
Ola Absalonson Svarthumle Høydalsfjorden 1776 1785 [4]
Lars Absalonson Langedal Bru sokn 1776 1790 [4]
Karsten Rasmusson Stavang 1758 Bremanger, Kinn (?) 1776 (ca.) 1800 [4]
Kolbein Bendikson Kinn 1759 Kinn sokn 1786 1804 [4]
Hans Helleson Vågane Øyane skulehaldardistrikt 1786 1790-åra [4]
Karsten Halvorson Langedal 1763 Nordalsfjord, Nordre skulehaldardistrik i Kinn 1788 1814 [4]
Ola Mortenson Svarthumle 1771 Høydalsfjord skulehaldardistrikt i Bru 1791 1815 [4]
Aleksander Andersson Svardal 1773 Øyane skulehaldarstistrikt i Bru 1791 Kyrkjesongar i Bru kyrkje.[4]
Abraham Olson Stavøy 1771 Bremanger sokn, Søre skulehaldardistrikt i Kinn 1795 1814 [4]
Anders Olson Øvre Standal 1774 Bremanger sokn, Kinn sokn 1795 [4]
Ananias Andersson Humlestøl 1784 Nordalsfjorden skulehaldardistrikt 1806 1818 [4]
Søren Andersson Storøy 1784 Bru sokn 1810 [4]
Ola Olson Nesbø 1791 Bru sokn 1812 Drukna i Frøysjøna i desember 1819.[4]
Kristian Simonson Aa Ausevik Bru sokn 1812 [4]
Salamon Rasmusson Sundal 1797 Nordalsfjorden skulehaldardistrikt 1818* [4]
Jacob Simonson Aa Søre- or Nordre skulehaldardistrikt i Bremanger 1821 [4]
Erik Andersson Domben Søre skulehaldardistrikt 1821 [4]
Gabriel Pederson Sørbotten Søre skulehaldardistrikt i Bremanger 1822* [4]
Anders Larssen seinast 1828 tidlegast 1830 [4]
Gunder Ananiassen Indre Kvam [4]
Peder Hansen seinast 1841 [4]
M. J. Sunde Reksten (seinast 1875)
M. Vevring Skorpen, Furuset, Kinn, Skorpeide (seinast 1875)
Chr. Kvammen Batalden, Barekstad, Domben, Hovden (seinast 1875)
R. Apnesæther Stavø, Solheim, Nyttingnes, Tonnheim (seinast 1875)
J. Hatlestad Haukå, Norddal, Midtbø (Solheim) (seinast 1875)
O. D. Haaheim Årebrot, Terdal, Kroken (seinast 1875)
M. Apnesæther Eikefjord, Langedal, Løkkebø (seinast 1875)
B. Dybevik Høvik, Høidal, Hopen, Osen&Svardal (seinast 1875)
C. Hjertend Svardal, Vardal, Barlindbotten, Tonheim (seinast 1875)
R. Rutle Svanø, Øvre Standal, Askrova (seinast 1875)
Th. Horten Stavang, Stavø, Øvre Standal (seinast 1875)
L. Nortdahl Nedre Standal, Vågene (seinast 1875)
P. Hoviksbotten Skorpen, Furusund, Kroken (seinast 1885)
J. Skorpen Batalden, Barekstad (seinast 1885)
Kirkhorn Haukå, Norddal, Midtbø (seinast 1885)
Birkeland Høvik, Hopen, Svardal (seinast 1885)
Hjertenæs Barnlindbotten, Sundhorvig, Vallsæt (seinast 1885)
Sunde Sunde, Valvik (seinast 1885)
A. Gulestøl Reksten, Kinn (seinast 1885) 1892(?) Kyrkjesongar. Slutta grunna sjukdom i 1892.[6]
Aalen Eikefjord, Tonheim (seinast 1885)
Fasteland Svarthumle, Laugedal, Løkebø (seinast 1885)

Skular og elevtal

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Sunnfjord. 1919. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Sunnfjord tingrett, SAB/A-3201/1/H/Ha/Haa/L0001: Skifteprotokoll, 1677-1687, s. 294b-295a. Digital versjon hos Digitalarkivet.no
  3. Merk!: Anders Lothe si Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860 har ei liste med skulehaldarar frå perioden, men her finn vi ingen Joan.
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 4,13 4,14 4,15 4,16 4,17 4,18 4,19 4,20 4,21 4,22 4,23 Lothe, Anders A.. Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år. 1971. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Gullak og Nils er som "Skule-Joans" ikkje å finne i Jacob Lothe sitt oversyn over dei tidlegaste lærarane i Kinn.
  6. Møtebok for skulestyret i Kinn kommune, 1871-1916. Side 52.

Kjelder og litteratur

  • Eikefjordsoga, Eikefjord.no
  • Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.
  • Endestad, Odd Asle (2016) Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny skule i Eikefjorden i 2016.
  • Sunnfjord. 1919. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Femårsmeldingar for folkeskulen i Kinn (1891-1900)
  • Femårsmeldingar for folkeskulen i Florø (1891-1900)
  • Møtebok for skulestyret i Kinn kommune, 1871-1916
  • Møtebok for skulestyret i Kinn kommune, 1916-1923
  • Møtebok for skulestyret i Kinn kommune, 1923-1934
  • Møtebok for skulestyret i Kinn kommune, 1935-1943
  • Møtebok for skulestyret i Kinn kommune, 1943-1959
  • Møtebok for skulestyret i Kinn kommune, 1959-1963
  • Sunnfjord tingrett, SAB/A-3201/1/H/Ha/Haa/L0001: Skifteprotokoll, 1677-1687. Digital versjon hos Digitalarkivet.no.


  Skulehistorie i Flora er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.