Stormarkvegen 52B (Fedje gnr 168 bnr 416)

Stormarkvegen 52B er ein fritidseigedom i Fedje kommune.

Stormarkvegen 52B
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 416
Adresse: Stormarkvegen 52B

1. Eivind Husa f. 1945 Opphaugen (gnr 168 bnr 69-1b), feiar, brannmeister, g. 1964 m. Reidun Marie Vold f. 1944 i Rogaland, bustad Sandnes. Skøyte 2001 på tomt frådelt gnr 168 bnr 275 i 1999 (bnr 275 vart frådelt gnr 168 bnr 7 i 1977). Fritidsbygg med naust vart sett opp her i 2003.

Born: a. Ordin Husa f. 1965, bustad Sandnes, seinare Stavanger. b. Malene Husa f. 1969, bustad Sandnes.

2. Tony Kversøy f. 1958 Espeland i Arna g. 1985 m. Randi Utkilen f. 1960 Ytre Arna, busette der (jf Austrheimb. I s. 363). Skøyte i 2024.

           Born: a. Linda Kversøy f. 1986, bustad Ytre Arna. b. Stian Kversøy f. 1989, bustad Åsane.

Fedje komm.svg Stormarkvegen 52B (Fedje gnr 168 bnr 416) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Rognsvågen 5 (Fedje gnr 168 bnr 376) • Neste bolk: Stormarkvegen 52C (Fedje gnr 168 bnr 420)