Forside:Arkivvesen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Cnyborg flyttet siden Forside:Arkiv til Forside:Arkivvesen)
Ingen redigeringsforklaring
 
Linje 1: Linje 1:
{{Emnemal|Flertall(er/ar)=ar|kategorier=**Arkivvesen}}
{{Emnemal|Flertall(er/ar)=ar|kategori=**Arkivvesen}}

Nåværende revisjon fra 17. aug. 2015 kl. 08:14

Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
<onlyinclude>
Reklame for boliginteriør fra Bokreditt.
Foto: Atelier Rude/Oslo museum
(1959)
NEG 235 Hjem og bolig er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2010 med tittel Hjem og bolig - Bruk av bolig til hverdag og fest. Utsendar var Arne Lie Christensen.

Introduksjonen til spørjelista

Den som besvarer listen er innforstått med at svaret blir arkivert (anonymt) og blir brukt av forskere i dag og i fremtiden. Brukere av materialet må forplikte seg til å verne opp- havspersonens og eventuelt andre personers integritet.

Arne Lie Christensen er førsteamanuensis i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo. Han har tidligere gitt ut bøker om blant annet byggeskikkens og kulturlandskapets historie og om livet i husene langs Karl Johans gate, den gang disse var boliger. Nå planlegger han en bok om boligforhold og hjemmeliv i Norge fra 1600-tallet til i dag, og da håper han på hjelp fra NEGs medarbeidere.

Boligforholdene – hvordan de er og har vært – er en viktig del av historien. I denne spørrelisten ønsker vi at du skal se tilbake og fortelle om de endringene du har opplevd fra du var barn og fram til i dag. Noen av dere har skrevet om disse endringene som svar på tidligere spørrelister, men vi trenger informasjonen også i akkurat denne sammenhengen. Det skal først og fremst handle om mellommenneskelige forhold, om bruken av hus og rom til hverdag og fest, om rommene som møtesteder og arbeidsplasser. Fortell eventuelt om synet på kjønnsroller, om menn, kvinner, barn og gamle, og om synet på privatliv.

Skriv gjerne om ditt eget hjem og hvordan du har bodd i forskjellige faser av livet, men det kan også være aktuelt å fortelle om familie og venner som du har besøkt eller mennesker du har hørt om. Har du voksne barn, kan du for eksempel fortelle om hvordan disse bor og hva du synes om dette. Har ungdom andre oppfatninger enn eldre? Ta utgangspunkt i hvordan boligen blir brukt og om hvordan den er tilrettelagt og møblert for bruken. Noen kan ha opplevd at den leiligheten de flyttet inn i, ikke passet for deres egen livsform. Hvordan løstes det? Du kan skrive kort eller langt, om ett rom eller flere. Kanskje får du lyst til å fortelle om en spesiell opplevelse eller om noe du selv er opptatt av. Legg gjerne ved et fotografi eller en skisse, ikke med tanke på at disse skal komme i boka, men for å illustrere det du skriver om. Les gjerne gjennom hele listen før du begynner å skrive. Lykke til!

Sjå også

Eksterne lenker


Kjeller småskole 1-2 klasse 1932 med frøken Elina Schiørn som klasseforstander.
Foto: Digitaltmuseum.no/MiA
NEG 194 "Da klokka klang" er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2002 med tittel "Da klokka klang". Utsendarar var Ann Helene Bolstad Skjelbred og Anne Moestue.   Les mer …

Motorseileren Nance, eier Thorolf Bang, Hov gård. Båten lå fortøyd utenfor Lasteberget i Båtstø, ca 1940.
Foto: Røyken historielag
NEG 150A Lystbåter (kortversjon) er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1988 med tittel Lystbåter. Utsendarar var Göran Rosander og Anne Moestue. Denne spørjelista er sendt ut særskild gjennom båtforeiningar. Svara til denne spørjelista er arkivert under arkivsignaturen NEG 150 i lag med NEG 150B Lystbåter og NEG 150C Fritidens båtliv.   Les mer …

Christianholm jaktstue på Mangenskogen i Aurskog 1875.
Foto: Haneborg-familiens stamtavle, 1914.
NEG 83 Jakt er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1961 med tittel Jakt. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Norsk skogbruksmuseum. Denne spørjelista har samanheng med NEG 84 Fangst og NEG 85 Tradisjoner, tro og segner omkring jeger og jaktdyr frå 1961.   Les mer …

Kornet skal i hus i Sparbu.
Foto: Nord-Trøndelag i bilder, 1957
NEG 16 Kornskurd er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1949 med tittel Kornskurd. Utsendar var Hilmar Stigum.   Les mer …

Afsløringen af Henrik Wergelands Monument i Christiania 17. Mai 1881.
Foto: Severin Worm-Petersen/Nasjonalbiblioteket
NEG 161 Nasjonalfølelse er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1992 med tittel 161 Nasjonalfølelse. Utsendarar var Anne Moestue og Göran Rosander.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar