Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Arkiv»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Olav Lid fra Fyresdal på jakt.
Foto: Bjørgulv Larsen
NEG 242 Jakt er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2012 med tittel Jakt. Utsendar var Elisabet Sveingar Amundsen ved Norsk Skogmuseum.   Les mer …

Turnere fra Ynglingeforeningen, Kristiania.
Foto: Fra boka boken "Kristiania kristelige forening av unge mænd (Ynglingeforeningen)" av og utgitt av KFUM (Kristiania, 1919)
NEG 225 Mosjon og idrett er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2008 med tittel 225 Mosjon og idrett. Utsendar var Norsk etnologisk gransking.   Les mer …

Juleselskap Paulsberg i Gjøvik kommune. Fra venstre bak: Willy Grønnerud (svigersønn), Heidi Grønnerud (barnebarn) på fanget til Paul, Kai Hansen (barnebarn) på fanget til Helmine. Fra venstre foran: Astrid Pettersen (datter), Vegar Pettersen (barnebarn) Tommy Pettersen (barnebarn) Julenissen (sansynligvis Ronald Hansen, svigersønn) Unni Paulsberg (barnebarn) og Torill Paulsberg (barnebarn). Foto: Inger Hansen(?), 1964.

NEG 29 Julenissen er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1950 med tittel Julenissen. Utsendar var Lily Weiser-Aall. Det vart sendt ut ei eiga liste med oppfylgingsspørsmål til denne lista, NEG 29t Julenissen. Svara til tilleggslista er arkivert under NEG 29 Julenissen.

Denne spørjelista har samanheng med NEG 185 Utkledning og masker frå 2000 NEG 261 Halloween i Norge frå 2017 og NEG 262 Å gå julebukk frå 2018.   Les mer …

Fru Svendsen bærer vann fra Drammenselva.
Foto: Bernt Svendsen, 1943/Eiker Arkiv
NEG 5 Vannbæring er ei av spørjelistene til Norsk etnologisk gransking. Den vart sendt ut i 1947 med tittel Vannbæring. Utsendar var Lily Weiser-Aall og Østkantutstillingen. Det vart i 1947 sendt ut ei eiga liste med oppfylgingsspørsmål til denne lista, NEG 5t Vannbæring. Svara til tilleggslista er arkivert under NEG 5 Vannbæring.   Les mer …

To kvinner i arbeidstøy i et vaskeri.
Foto: Kanstad-samlingen, Norlandsmuseet
NEG 190 Klesvask og skittentøy er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2001 med tittel Klesvask og skittentøy. Utsendar var Ingun Grimstad Klepp i prosjektet Fra rent til nyvasket, skitne og rene klær etter 1950, finansiert av Norges Forskningsråd for Statens institutt for forbruksforskning (SIFO).   Les mer …

Perspektivet Museums hovedlokaler i Storgata 95 i Tromsø.
Foto: Einar Dahl
(2017)
Perspektivet Museum er et museum for Tromsøområdet, etablert i 1996 i Tromsø. Museets administrasjon holdt de første årene til i Standveien 8 i det gamle «Teoribygget». Ved opprettelsen overtok museet samlinger etter Tromsø bymuseum, Troms folkemuseum, samt Aursfjordsaga og Ursfjord skoleinternat i Malangen. Fra 2000 ble Perspektivet et museum for Tromsøområdet, mens museumsoppdraget for Balsfjord ble overført til Midt-Troms Museum (MTM).    

Perspektivet Museum har store samlinger, og forvalter blant annet 25 verneverdige bygg, rundt 500 000 fotografier og cirka 16 000 gjenstander.  

Museets hovedlokaler er i dag Storgata 95, en fredet patrisiergård midt i sentrum av Tromsø. Her viser museet utstillinger i tre etasjer, samt er arena for arrangementer, foredrag og formidlingsprosjekter. De eier også to friluftsmuseer: Perspektivet Folkeparken og Perspektivet Straumen gård.  

Museet er en stiftelse med støtte fra Tromsø kommune, Troms fylkeskommune og Kulturdepartementet, og styret oppnevnes av Tromsø kommune.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar