Forside:Valdres
Portal Valdres
Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.
Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).
E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.Hallvard Hande (fødd 1846 i Vestre Slidre, død 1887 i USA) var forfattar, folkeminnesamlar, prest og bladmann. Han reiste til USA ca. 1873.
Han gav ut samlinga Segner fraa bygdom i 1871 og spelstykket Ei hugvending (under pseudonymet Steinvard) i 1873.
I 1872 vart han cand.theol. og vart prest i Decorah, USA. Han var den fyrste redaktøren i bladet Norden i Chicago.
Hallvard Hande var gift tre gonger og har stor etterslekt i USA.
Kjelder og litteratur
- Hermundstad, Knut: artikkel i Norsk allkunnebok band V. Oslo 1954.
|
Etter realskoleeksamen gikk hun handelsskole og har mesteparten av sitt voksne liv arbeidet som kontordame. Ved Valdres vidaregåande skule var hun ansatt som kontorfullmektig fra 1973. Som småjente begynte hun å spille piano, og hun har komponert en mengde melodier. Hun har også deltatt i flere musikk-konkurranser der hun har nådd opp blant de beste og har fått sine komposisjoner framført med orkester.
Margot dyrker også bildekunsten og skrivingen, og diktene hennes vitner om et inderlig forhold til naturen og menneskene, et rikt følelsesliv og dype refleksjoner over tilværelsen.
Bibliografi
- Tanker krysser eget spor. Dikt. Valdres forlag, 1996
Kilder
- Omtale av forfatteren i boka hennes : Tanker krysser eget spor