Kjeldearkiv:1904-11-29 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 16. mar. 2018 kl. 14:51 av Gudmund Harildstad (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
1904-11-29 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 29.11.1904
Stad: Kristiania
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 122
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kristiania 29 Novbr. 1904.

Kjære Kristian!

Alleslags Takk for Breve!

Du har Rett, det vert i drjugaste Lage millom Drammom no og denne Gongen er det mi Skuld, – det er likast aa ta det paa seg med ein Gong forutta aa gjera nokon Krok paa. Elles kan eg fortelja deg, at eg minst dei 10 Gongone har sett meg forr aa skrive, og at eg tok med meg siste Breve ditt daa eg reiste hitinn Eindagen paa den Maalen, men – aa ja det er no mykje den “Gamle Adam”, daa, ser du og so denne Uhugen til aa skrive Brev, eg aldri kan vinne over. Det er som aa gaa aat Tanndoktoren, ein lyt verta paalag nøydd til di.

Du ser altid, at eg for Tidi bur i Hugustaden; eg fløtte inn her den 19de Oktober no sist og skal verta til den 17 eller 18de Desember i eitt Kjør. Det er dette Ordboksarbeide hans Steinar Schjøtt, eg skal likesom vera med i ser du – eg er vorte som ein Slags Vaagaamaalskagge Schjøtt no driv og tappa av fjorde Aare. Fire Aar, ja –, eg tykkjes sjaa du dreg Augo uppi Haargarden, murrar og spør um den Kaggen er tvibotta antel som Kvitingen eller Griningsdalstjønni. Men det er no sant da, dette med Tid og Aarmaal, likevæl; jau at Kaggen har vore nedpaa Bermen longe sia, det har eg sjøl tykt og sagt det au, baade tidt og jamt, men Schjøtt fordømer seg paa, at det er drikkandes det, som renn av enno, og so slepp eg ikkje av att med Dunken. Kvar Somar desse siste 4 Aari har Schjøtt komi uppaa Kleivsætri so i Slutten av Juni, og so har de borest til med Ordboksarbei dei 3 Morgontimarne fraa Kl 8 ½, kvar Guds skapte yrk Dag og ofte Sundagane med i 5, 6 Viku, – dei 2 siste Aari 10 Veku. Um Vintrane har so eg legi herinne att, det meste av Tidi, til i Slutten av Mai og vore med honom med sama Tjaake. No er det fulla siste Vintren, for det ber til aa mone seg godt frametter no, den eine Bokstaven etter den andre slepp av og til Hausten kjem, um Amboi held og allt gaar væl, trur Schjøtt han skal vera ferdig med Manuskripte. Um han kjem til aa byrje Prentingi i Vinter, eller han kjem til aa drye til haustas, er han ikkje heilt samd um med seg sjøl enno. Sume Gonger gjet han um, at me skal gaa igjenom heile Manuskripte ein Gong, naar det er ferdigt, for aa gje det ei Finhøvling med sama det skal i Prentarklemma. Vert det noko av, fær eg nok tru paa vera med enno ein Vinter um ikkje noko anna kjem attivegen.

Etter som eg har høyrt Von til, er det mange som ventar paa denne Ordboki aat Schjøtt, kanhende ikkje minst Bymaalfolk, og no ventar fulla du av meg, som har vore so mykje ilag med henne, aa faa rigtug grei Uppslo um kva det er for noko til Bok. Ja, ja, det er nok so det; men det vilde verta so fortrædelegt langdrugt um eg skulde byrje greie upp like ut i ytste Tægerne, at eg trur me fer det over snøggast me kan – du kan no studere Boki, maa’ta, naar ho kjem ut. Det vil du sjaa deg Tid til, for ho kjem vist heftevis med 1 Hefte um Maanaden.

Ho vert sovidt eg kan skjøne lite drugare enn Ordboki hans Gamel-Iva og er, som du kanhende veit, fraa Dansk-Riks til Nynorsk, altso Umsetjing. Alle egte norske Ord sopar ho med og dei som er “laga” likeso, naar dei har faat Hevd i Literaturen og ikkje er antel tvityduge og uklaare eller er reint Bytingar. Nylaging vil Schjøtt nau’leg bruke, ikkje mindre det kan lagast so ægte godt, at det med ein Gong fell inn i Maale som Lekken i eit Kjæde; han er ikkje so Livsens-forfærd aa lata eit Rigsmaalsord faa vera med, naar korkje Landsmaale eller noko Bygdamaal har noko istaden. For daa er det oftast Ord, som Dansken og Rigsen sjøl har laant og daa lyt Nynorsken ha sama Rett til aa laane seg fram som alle andre Maal. Soleis med ein heil Mengde tekniske Ord som me ikkje kan ha stort av, som ventande er. Det Schjøtt fraa fyrste Stund har lagt seg hardast ut um er aa gjeva att Maalføringi slik som ho verkeleg er i den livande Tala, Setningsbygnaden, Maaten Folk maalgreier seg paa. So mykje av Landsmaal, serleg daa paa Vestlande, er Dansk-Riks i Landsmaalsbuna, det er beintfram Knot den andre Vegen. Det er kanhende ikkje mange lenger som skriv: “leida Folksens Merksemd paa Saker av aalmenneleg Traadom” (Interesse), men det er so mange Nærskyldingar av denne Danisma fraa “Svein Uræd”, at det berre kryr, og slik Udott gjeld det um aa faa hussa ut med Rat og Ty. Kan me berre faa Maalføringi ægte, so er det ingor Naud at me laaner oss Ord der me ikkje har noko av eigi Avling. Av desse Grunnar tek Schjøtt med i Haugetal med Maalbragder (“Vendinger”) for aa syne Folk korleis Ordi er brukt i den levande Talen og med di vil Boki verta ei ypperleg Rettleiding for alle, som skal skrive Maale og som ikkje har eit godt Bygdamaal aa tøfte paa. Schjøtt er ein grei, skynsemd Kar og berre den Maaten han har skipa Ordi i Boki vil gjera ho svært lettvinn og handhøveleg.

I alle Talebragder, som Boki tek med, kjem det nok med ein heil Flaum av Vaagaamaal, for Vaagaamaale er det Bygdamaale, Schjøtt har funne ut er det rikaste. Ja, og so Setisdalsmaali og du skulde aldri tru, kor like Vaagaamaale og Setisdalsmaali kan vera, ikkje i snaue Ordom men i Talebragdom! det er mangeingong eg hev lote spurt meg sjøl, um det kan vera ei sereige Skylde millom desse Bygdlagom, me ikkje veit um. – No skulde altid baade Aasen og Ross ha faat med allt i Nordølsmaalom, men det vantar det mykje paa, og difor kjem Ordboki aat Schjøtt med ikkje so faa nye Ord.

Schjøtt arbeider med reint frie Hender paa Ordboki, men for “Autoritetens” Skuld har han 2 Kveldar i Veka til aa gaa Arbeide etter med H. Ross og Hægstad. Schjøtt er forutta Tvil det gløggaste Maaløyra me eig, og den som skriv Maale mest ægte (kanhende Seippel er nerast honom) og dette Arbeide kom difor i dei rette Hender. Hadde Flo, Eskeland og Hægstad kome til aa vorte ved Ordboki, hadde me faat ei endelaus Nylaging i Vestlands-Aand, for dei har alle slik Hug til aa skapa nytt, trast dei finn eit Hol og so trur dei no Aasens Maalform er den einaste me kan verta salige med –, Gudbrandsdalen og Austlande – det “er en Vederstyggelighed for Herren”.[1]

I dei seinare Aar er det kome upp ei Maalform dei kallar Midlandsmaal og som held seg aat Telemarks- og Austlandsmaalom noko meir en Aasen. Det kastar a’en i Inf. av Verbe: skrive, kaste o. fl. og i Namnord som Jente, Rjupe o. s. v. Denne Formi brukar Garborg, Schjøtt, Flo, Madshus, Svein Moren og no sist Hovden og vil du so reikne meg med, so er eg ogso Midlandsmaalmann. Enno er det ikkje vorte nokon Strid millom desse Flokkom og kanhende det ikkje vert nokon heller; men dei er no strie som Bust alle Vestlenningar og eg tykjes mestsom aa skyne, at dei ser lite kaldt paa meg og ottast for, at denne nye Ordboki skal verta eit Midlandsverk og at Nordre Gudbrandsdølane fær meir, en dei fortener. Nokon stor Kaldgufs kan eg just ikkje seja det har blaase paa meg enno, men “rette Trui” har eg no ikkje da, so heilt ein Broder i Herren kan eg ikkje godt um verta med dei gode Vestlenningom herinne.

Korleis eg likar aa vera med i dette Arbeide? aa, eg veit ikkje; det er nok forvitnelegt mangeingong, men so er det ofte so inderleg kjeisamt au, som noko kan vera. Det er ein Eksis med Ord, so det gaar rundt alt som i Hugustolen finst og eg veit korkje ut eller inn. Mang ein Gong er eg som eg skulde ha slept Urti, naar eg baketter ein slik Maaleksis skal til med aa maalgreie meg paa eigi Hand – da veit eg ingenting, kan ikkje koma paa kva Graut heiter eingong. Og ofte kjenner eg paa meg, at det er so lite Hjelp eg kan yte og ynskjer det hadde vore ho Bestemor Svarvarhaugen Schjøtt hadde havt til Hjelp og ikkje eg. For enda um eg nok er so lite utskjemd av Kulturen, som nokon mest kan vera og dertil rautar so heimeægte, som ei einlet Husmannsku, so kjenner eg likevæl jamnan, at eg har faat noko Ulke paa Tunga og er meire grisøyrd en eg skulde. Det er so, som eg so mangein Gong har sagt meg sjøl: eg kom til Verdi 50 Aar seinare en eg skulde.

Kom so ein annan Gong og seg, at du ikkje kjenner til dette Ordboksarbeide hans Steinar Schjøtt!

Ja eg skal tru eg har Stipendium, 2dre Gongen tesmeir; skal granske ut Ættartal og Ættarsamenhenge aat dei gamle Gudbrandsdalættom, Gjæslingane, Eldjarnane og Brattane og so dei gamle “Kulturforhold” i Dalen elles. Eg har da legje og grave og grama i Rigsarkive kvar Gong eg har vori herinne og har altid funne mangt og mykje, men aa finne vidare god Greie paa desse gamle Ætterne naar det bær langt upp i Medelalderen, det ser ut til aa vera mesta ugjerande. Enno har eg ikkje rokke over alle Kjeldor, og alt medan eg ikkje det har og hellerikkje har gaatt væl igjenom alle dei Haugar eg har liggjande med Utdrag og Utskrivter fraa alle Leier, veit eg mest ikkje kva eg har funne og ikkje um dei gamle Blaabloætterne vore. Men av kulturhistorisk Tilfang, serleg fraa Vaagaa, har eg funne vonoms meir, forvitnelege Ting au, sumt av de; og her tryt det ikkje paa To, kan eg berre faa Tid og Raad til aa drive paa med di enno ei Rid. Sumt av desse har eg etla meg til aa skjøyte med i ei ny Utgaave av “Segner fraa Vaagaa”; Boki er aa kalle utseld og so har eg tenkt aa gje ho ut att paa Midlandmaals-Rettskriving so kunde det hende, ho fekk ein noko vidare Lesar-ring. Slik som ho no er med den stygge Lydskrifti, so er det mest berre Gudbransdøler og Spraakmenn som greier ho, for Vaagaamaale er ikkje so beinkjøyrt for Folk flest. Det, som avgaar, som eg ikkje kan faa med i “Segnerne” av det, eg har sanka ihop, har eg etla meg til aa bruke i ein “By[g]dabeskrivelse” um Vaagaa fraa gamal Tid og ned til vore Dagar, med Kart, Bilæte av gamal Byggjingskunst, Kunst og Handverk, Klædedragt o. m. m. M, Prestar og andre Embetsmenn, Garde, Ættetavlor, Folketal og økonomisk Framvokst o. s. burtetter. Plani er som du ser baade stor og ho er god, men – naar ho vert igjenomførd, det kan eg ikkje dagstødja. Eg er no stygt sein av meg og ein stor Tufs til aa faa noko fraa meg og so lenge dette Ordbokarbeide varar vert det ikkje noko meir som er nemnande. Det er no Vintertidi, som likesom høver til slike literære Arbeid og um Sumaren vinn eg ikkje meir, en med desse Bygjestom eg fer og rører med paa Kleivsætri. Hellerikkje kan det ha nokon Braahast med di; fær eg ha Helsa og kan faa drive paa sanke inn To, so veit eg det er att i mengdevis som det vøre Synd skulde verta attliggjandes.

Du vil høyre um Planer, du, og no har du faat høyrt um dei. Planer, ja. Eg har no stødt havt so god Raad paa deim, at hadde eg vore so grepa Kar til aa set dei igjenom, so skulde eg no til denne Dag med mine 50 Aar i Ryggen havt gjort i kvar ein Stad likesomykje som Bismark. Men ingen kan leggje ei Aln “til sin Gevækst”[2] og eg har no vore ein grov Stakkar; no kjenner eg meg sjøl noko betre, so eg er meire var med aa leggje Planer for Framtidi og enno varar med, aa lata andre faa høyre um deim. Likevæl, etterdi du no har faat narra utur meg ei lang Remse, so kan eg gjenne sleppe etter det, eg att har. For det er enno noko meir eg har gaat og drøymt um desse siste Aari.

Av “Kringum Peisen” har eg att ein god Slump og dette var det Tanken skulde samlast til noko som ei Aarbok, Dagbok, eller kva ein skulde kalle det, fraa 60-aarom, til ein “Spegjel” av Live paa ein Bondegard Aare rundt i den Tidi, i Helg og Yrke, Somar og Vinter, Haust og Vaar, inne og ute, paa Sætri og heime, Rubb og Stubb. I Kveldseta skulde dei da koma med i Rødom dei gamle Skulemeistrane i Skulesoga og her og der nokre smaae Livsskildringor, etter som de høvde. Stutt sagt, allt dette, som ihopatt lagt bygde upp dette endeframme, men friske og helsuge Bondelive eg voks upp i derheime i Ottdalen, og som meir og meir vert til den “Gullalderen” eg ser attende aat naar eg sume Gonger tykjer, eg ikkje har det godt og ber til aa reikne etter, um eg nokon Gong har vore lykkeleg her i Verdi. Har eg vore de nokon Gong, so var det da.

Eg trur ho er pokker so uttenkt denne Plani, du – naar ein kunde raaka paa aa faa det til fullegte, fritt for allt sentimentalt og med ein frisk Smak av den Dølahumør som kanhende er det mest sermerkte ved Folke paa Vaagaa. Dei Skildringune i Syn og Segn, som du kyter so av, sette eg ikkje store Voner til daa eg senda dei ut, men dei vart væl imottekne og Nordahl-Rolfsen har teki nokre av dei i det Bande av Landsmaalslesnad, han gav ut i Tillæg aat Læseboki si for 2 Aar sia – “Sandburauen” har han lete Wentsel gjera ei Skildring aat, tesmeir. So det kunde tenkjas at eit slikt Arbeid kunde vera ei Stødjing for den nasjonale Groen deruppi Heimbygdi, kor daulendt det no elles er der paa den Maaten. – Men no skal du au sleppe aa faa narra meir utur meg – ikkje um du so baud meg ein Fjerding Tobak og fær eg høyre, at du set dette um Planerne mine utover Bygdi skal du faa av di, som Bø’inn gav Merri si.

So du meinar Notariussen[3] skulde høve for det Skrivte døkk skal gjeva ut; ja eg skal freiste, men eg veit ikkje um eg slepper Notariussen, det er ei ægte Perle det, ser du, og du minnes fulla kva som staar, at ein skal ikkje kaste o. s. v. Men eg har eit anna bra “Stykke” med “Motto” etter ’om Hendrik sjøl: “tungsindig sidder paa sit Fjeld, en ledig Helt, en ubrugt Tell; en Byron tidt, en Platos Sjæl i Folkets Sværm forgaar”[4]. Høyrest ikkje det grepa ut? Og Innhalde er um ein av Husmennom mine heime paa Kleivi[5], som eg var so glad i og som eg har funne ut det “forgjekk” ein Johannes Brun i. Han var ein god Givnad, ein ægte Døl, lentog og med eit ovgløgt Auga for allt flirandes i Live, den beste eg enno har set og høyrt til aa herme etter Folk som hadde det minste av Serskap ved seg. Mannen dø i Amerika ivaar og soleis vert det der au likesom noko Fællesskab. Og desse “Kvartalsbrev” – “fraa Nordalen”? – kan eg ogso freiste med, men eg trur eg skriv ein grøteleg “forstokka” og livlaus Riks, eller daamlaus, skulde eg sagt, men du lyt faa Lov til aa bruke Hekla paa ’n. – So vilde du høyre noko um Garborg – men du ser da at 3 Arke er mesta ende! No, han var paa Kleivsætri so ein 10 Dagar og raaka til aa faa det finaste Septemberver som kan tenkjast, med gullgule Bjørkelier, bjerk raubrun Lyng i Fjelle og Lufte klaar som “Krystal” – ja det er Synd og lata dei koma paa desse Minnerne – so han likte seg godt. Kjerringi kom ogso etter og var der i nokre Dagar. Knudahei-Brevi laag nettup i Prenten da, so han dreiv og las Korrektur stundemillom. Garborg er still og folkesky og kan ikkje vera samen med mykje Folk, og so er det berre nokre faa han vil umgaa. Schjøtt er kanhende beste Venen hans og det er gjenom han eg har lært G. aa kjenne, eg har ofte vore med ute paa Labraaten i Asker og der har G., Hulda og Tuften[6] ein hugnaleg Heim. I Mitten av August i Somar var eg og Schjøtt ei Ferd inn i Østerdalen og vitja Garborg paa Kolbotnen og Savalguten paa Einabu[7]. Du ser soleis, at eg likesom kjenner denne Storhøvdingen, me Maalmenn no er Eigar av; han er so reint innteki i Ordboksarbeide, at det er det grummaste han veit, og da han høyrer, at Schjøtt finn god Hjelp i Vaagaamaale, so er det nok mykje for di han likesom gjenne umgaast med meg. Og kanhende mykje fordi eg er ein heimeale Døl med Mold paa av Hola eg er kropen utur og som rautar so det rynn atti Haugom. Eg likar Garborg betre og betre og Kjeringi er ei endefram, livleg og tyleg Menneskje – det er ei som arbeider seg fram! Just no tenkjer ho seg aat Tyskland, kanhende for aa faa “Edderkoppen” (som Kritiken her slog seg ihop um aa drepa) upp ved eit av Teatri. Kjem ho til aa reise vilde ho sende Garborg uppaa Kleivsætri i Julom, men daa Tuften er klein etter eit Beinvrid, er det usikkert baade med Reisa og allt. Nei, nei, dette lyt vera Slutt – du fær koma ihug eg held paa vert gamal og taalar ikkje slike svære “Udladninger” paa 3 Ark. Eg er frisk, men held paa trenar og eg “likar paa Leiken ille”; men det skal eg ta forr meg ein annan Gong. Med alle mine er allt paa gamal Gjerd for det meste; Mor er enno frisk og røkjen enda ho var 80 Aar i Haust. God Jul!

Din gamle

Ivar.

Fotnoter

  1. Bibelsk uttrykk, brukt mange gonger i Det gamle testamentet.
  2. Matt. 6,27.
  3. Forteljing om da Kleiven i guteåra var brevskrivar i grenda. Stykket vart trykt med overskrifta «Brevmakaren» i I Heimegrendi (1908), s. 173–178.
  4. Wergeland.
  5. Hans Thorsen Løkken. Stykket om han kom i Symra 1905 ("Hans") og i Elvesøg 1937 ("Fyrikaren").
  6. Sonen Arne Olaus Fjørtoft (Tuften) Garborg, oppkalla etter den radikale målmannen Olaus Fjørtoft.
  7. Ivar Mortensson-Egnund.