Lars Rasmusson Faaberg: Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
(→Litteratur: kat) |
m (→Litteratur) |
||
Linje 38: | Linje 38: | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Personer fra Luster kommune]] | [[Kategori:Personer fra Luster kommune]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Ordførere i Jostedal kommune]] |
Sideversjonen fra 4. mai 2011 kl. 15:09
Lars Rasmusson Faaberg (fødd 27. februar 1803, død 26. mai 1883) kom frå garden Nedre Fåberg i Jostedalen. Han var son av gardbrukar Rasmus Larsson Fåberg og soneson til lensmann Lars Tøgerson Snøtun.
Lars R. Faaberg tok over garden i 1827 og var gardbrukar her til han overlet garden til sonen Rasmus Larsson Faaberg i 1866.
Han var den fyrste med gardbrukarbakgrunn som vart ordførar i Jostedalen (1840-1841). Han fekk då hovudansvaret for oppføringa av ny hovudbygning i prestegarden. I 1850 vart han lensmann og hadde embetet heilt til 1881. Både sonen Rasmus (1870-74) og sonesonen Lars vart seinare ordførarar i Jostedalen.
Lars gifte seg 1. juli 1841 med Anna Andersdotter frå Leteigen. Dei fekk fem born:
- Rasmus Larsson (1842-1842)
- Rasmus Larsson Faaberg (1843-1922), som tok over heimebruket og var far til Lars Rasmusson Faaberg (1866-1957)
- Anders Larsson (fødd 1846, død før 1918), utvandra til Amerika
- Martha Larsdotter (1848-1899), gardbrukarkone på Myklemyr
- Bentha Larsdotter (1855-1922), gardbrukarkone i Kreken og seinare husmannskone på Espestølen
Litteratur
- Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200 (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 694. (Digital utgåve, NBdigital)
Forgjengar: Kjeld Andreas Bugge |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Michael Sundt Tuchsen Fasting |
Forgjengar: Ola Hansson Urdal |
Lensmenn i Jostedalen |
Etterfølgjar: Hermund Tvedt |