Lina Breck

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Lina Breck (fødd i Skjåk 5. april 1858, død i Oslo 14. desember 1948) var tannlege. Lengste praksisen sin hadde ho i Drammen. Ho var ein pioner som kvinneleg utøvar av dette yrket, som framleis var nokså nytt i landet som offentleg autorisert profesjon. Da Breck tok tannlegeeksamen i 1883, var ho den fjerde kvinna i Noreg som hadde gjort det. Hennar val av yrke er ikkje minst slåande med tanke på at ho var ei jente frå ein vanleg bondefamilie i ei noko avsidesliggjande fjellbygd. Lina var forresten ikkje den einaste i syskenflokken som etter tid og omstende gjorde utradisjonelle livsval.

Bakgrunn og familie

Lina Breck var fødd og oppvaksen på Nedre Brekk, ein mellomstor gard på Bersustrond i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Rasmus Rasmusson Bræk (29.08.1810–21.10.1871) og Lene Sylfestsdotter Bræk (fødd 1815). Ved sida av å vere gardbrukar var faren lærar og kyrkjesongar. Morsslekta skal i følgje ein nevø av Lina ha vore «gamle gode haugianere» med vestlandsbakgrunn.[1] Folketeljingane 1865 og 1875 fortel at mora Lene Sylfestsdotter var fødd i Luster i Sogn, og det er konstatert at sambandet mellom dei vakte i Luster og Skjåk var etablert frå haugianismens fyrste tid i regionen.[2]

Lina var den yngste av ni sysken, fødde i tidsrommet 1837–1858. Lista nedanfor viser eit oppsiktsvekkjande spenn i yrkesval og livsbane i syskenflokken.[3]

  1. Torgeir (1837–1915). Lærar og prest. Cand. theol. 1867.
  2. Rasmus (1840–). Målar (handverkar) i København.
  3. Sylfest (Sylvester) (1842–1931). Pianostemmar, instrumentmakar og pianoforhandlar i Kristiania.
  4. Rolv (1844–1920). Overtok foreldregarden.
  5. Hans (1847–1903). Tannlege. Eksamen 1882. Endra etternamn til Aurlie 1882. Praksis m.a. i København og Oslo.
  6. Syver (1850–). Tannlege. Eksamen 1882. Utvandra til Russland og/eller Finland.
  7. Kristoffer (1853–1919). Folkeskulelærer i Kragerø og Kristiania.
  8. Gudbrand Julius (1855–1938) Tannlege. Eksamen 1878. Praksis i Drammen og Oslo.
  9. Lina (1858–1948) Tannlege. Eksamen 1883. Praksis i Moss, Oslo og Drammen.

Særleg legg ein kanskje merke til at ikkje mindre enn tre av brørne i likskap med Lina vart faglærde tannlegar. Dei fire syskena slutta seg såleis til ei yrkesgruppe som alt i alt var ganske fåtalig på den tida. I tidsrommet 1872–1899 var det i alt 202 personar som tok tannlegeeksamen, av desse 24 kvinner. Berre fire av dei kvinnelege tannlegane hadde fedrar som var bønder og/eller folkeskulelærarar.[4]

Lina Breck levde ugift.

Skulegang og fagopplæring

Ut over folkeskulen har vi ikkje oversyn over kva utdanning Lina Breck fekk, korkje allmennfagleg eller kva gjeld yrkesopplæringa. Eit stykke på veg kjem ein ved å skissere kva utvegar som kan ha bode seg fram.

Det vart fastskuleordning for alle krinsane i Skjåk i løpet av året for lova som påbaud dette i 1860. Det inneber at dei to-tre yngste i familien, dermed altså inklusive Lina, fekk nyte godt av dette. Frå 1868/69 var det tilbod om kveldsskule (tilsvarande den seinare framhaldsskulen) for konfirmert ungdom i bygda, der jenter frå fyrst av kunne sleppe inn dersom ikkje plassane vart oppfylte av mannlege søkjarar. I tillegg kom det i stand ein ambulerande amtsskule med fyrste stoppestad i Skjåk 1875–76. Dei fyrste åra var visstnok denne reservert for gutar, og det er mindre sannsynleg at Lina kunne gjere seg nytte av dette.

Det framgår heller ikkje av gjennomgådde kjelder korleis Lina hadde lært tannlegefaget. Da ho avla tannlegeeksamen i 1883, var ho altså den fjerde kvinna i landet som gjorde det. (Den fyrste var Petra Lie (1872), den andre Sara Selvig (1881) og den tredje Richarda Landmark (1882).)[5] Reglementet for den offentleg tannlegeeksamen, fastsett ved kgl. res. 9. september 1857, føreskreiv ikkje nokon formell og obligatorisk utdanningsveg dit, men kravde realkompetanse av høg standard, teknisk og medisinsk. Mellom anna skulle eksaminanden konstruere eit fullgodt gebiss for ein klient i løpet av fire veker. Ein måtte også ha innsikt i tannsjukdomar og mogleg behandling av desse.

Korleis tileigna Breck seg desse nødvendige kunnskapane på det som like mykje var eit handverk som ein akademisk disiplin? Det fanst ikkje noko tannlegeskule før Statens Poliklinikk for Tandsykdomme, forløparen for tannlegehøgskulen, vart etablert same året som Lina Breck tok sin eksamen. Utan tvil må ho ha fått opplæring i privat lærlingordning hjå ein eller fleire kvalifiserte tannlegar. Og ho må ha teke allmennutdanning på minst middelskulenivå. I den knappe biografien i Norges tannlæger (1929) er det berre opplyst at ho før tannlegeeksamen hadde tre år som guvernante, altså privatlærar i ein familie. Kanskje hadde ho gått guvernanteskulen ved Hartvig Nissens Pigeskole?

Praktiserande tannlege

Kvar praktiserte så Lina Breck yrket sitt? Ho er med på eit gruppebilete av norske og nordiske tannlegar frå sommaren 1886, og vi kan vel rekne med at ho var i full verksemd på det tidspunktet, men ikkje kvar, og ikkje når ho tok til. Ho skal ha verka i Moss 1887–1891.[6] Det høver bra med at ho i folketeljinga 1. januar 1891 er busett nettopp der. I eit avertissement i Morgenbladet 1. april 1892 har ho kontor i Grubbegt. 1 «ved Stortorvet», dvs. i Kristiania. Så overtok ho visstnok praksisen i Drammen etter bror sin, Gudbrand Julius Breck, i 1900, da han flytta til Kristiania. Lina Breck bur i Drammen i folketellinga 1900. Ho var medlem i Drammens og Oplands tannlegeforening og var sekretær for denne 1906–1907. Ho flytta til Oslo ca. 1930,[7] og budde venteleg der til ho døydde 90 år gammal i 1948.

Referansar

  1. Studenterne fra 1889 (1914) Ragnvald Lexow-Breck
  2. Hosar, H.P. 1998, s 48–50, 54.
  3. Utgangspunktet er Ættebok for Skjåk bd. 1 s. 27, jf. Hosar, H.P. 1998 s. 378, med tilføyingar og korrigeringar frå ei rekkje andre kjelder.
  4. Johansen, I.M. 2021 s 35 og 40
  5. Johansen, I.M. 2021 s. 35–36.
  6. Moss Avis 22.8.1999
  7. Moss Avis 5.4.1933

Kjelder og litteratur