Lokalhistoriewiki:Hovedside
Ukas artikkelEva Helene Sars Nansen f. Sars (født 17. desember 1858 i Christiania, død 9. desember 1907 på Lysaker) var regna som en av sin tids fremste romansesangere. Hun er også kjent for sitt ekteskap med polarforsker Fridtjof Nansen. Hun var datter av prest og professor Michael Sars (1805–1869) og Maren Cathrine Welhaven Sars (1811–1898). Hun var søster av blant annet professor Johan Ernst Welhaven Sars (1835–1917), professor Georg Ossian Sars (1837–1927) og sangeren Mally Lammers (1850–1929). Eva Helene Sars var yngst i søskenflokken. Den 6. september 1889 ble hun gift med Fridtjof Nansen, sønn av sakfører Baldur Fridtjof Nansen (1817–1885) og Adelaide Johanne Thekla Isidore Wedel Jarlsberg (1821–1877). Blant deres barn var kunstmaler Irmelin Revold (1900–1977) og arkitekt Odd Nansen (1901–1973).Les mer... Smakebiter fra artikleneNEG S60 Foregangskvinner er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2010 med tittel Foregangskvinner. Utsendar var Norsk etnologisk gransking og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne. Les mer …
Marie Aase (fødd 1894, død 1991) var den første i Sykkylven som utdanna seg til sjukepleiar. Det skjedde i åra 1913-1914. Då var tuberkulosen framleis ein trugande sjukdom som tok mange liv også i Sykkylven. Mest utsette for sjukdomsangrep var familiar med store barneflokkar som levde i fattigslege og tronge kår. I utdanninga si spesialiserte ho seg på behandling av tuberkulosepasientar, og etter at ho kom tilbake til Sykkylven, virka ho i bygda som sjukesyster. Ei hovudoppgåve vart å hjelpe dei som var ramma av tuberkulose. På denne tida hadde den medisinske vitskapen nett gjort store framsteg. Kunnskap om korleis sjukdom oppstod og kunnskap om korleis han kunne behandlast, hadde erstatta overtru og meir eller mindre effektive kjerringråd. Tuberkulosen smitta mellom anna gjennom spytt. Dei gamle spyttebakkane var seigliva smitteberarar. Marie Aase var ei tidleg talskvinne for god hygiene og riktig matstell. På dette feltet var ho ein modernitetens faneberar i Sykkylven. Les mer …
Torø Hørven (Hyrve) (fødd i Skjåk 5. desember 1893, død 2. august 1968 same stad) var handelsbetjent og kontorist av yrke. Ho var kjend og omtykt som ungdomslagsaktivist, torader- og felespelar, leilighetsdiktar og muntrasjonsråd. Ho braut tvert med kjønnsrollemønsteret i tida ved at ho som oftast gjekk i mannsklede. Unntaket kunne vere når ho kledde seg i kvinnebunad (rondastakk) når ho fann det på sin plass. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i 1928 .Ho var familiært tett knytta til ein krins rundt Venstre-/Arbeiderdemokratane, der to av svograne hennar, Amund I. Odden og Kolbein Skaare, stod sentralt, saman med Ola O. Aanstad og sonen Kristen Aanstad. Alle desse fire familiane, og altså Torø sjølv, budde innan mindre enn ein kilometers avstand frå kvarandre, og dei var omgangsvener. Les mer …
|
Ukas bilde
Aktuelt
Om lokalhistoriewiki.nolokalhistoriewiki.no drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI), men artikler skrives og bilder lastes opp av frivillige med interesse og kompetanse innen områdene den dekker, og både faghistorikere og amatører er velkomne som bidragsytere. Wikien har nå 77 215 artikler og 217 578 bilder, og om du vil bidra kreves det kun at du registrerer deg. Via forsideoversikten eller røde lenker i artiklene kan du se om noen allerede har begynt å arbeide innenfor ditt interessefelt, og via sidene om wikien og redigeringshjelp får du starthjelp. |