Norsk Allkunnebok: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 15: Linje 15:


Fyrste bandet kom altså i 1949. For dei følgjande banda gjekk trykkeprosessen over to kalenderår, i eit par tilfelle tre, slik at band 10 kom ut i 1966. Atlaset, over Noreg og verda, kom i 1962, og det juridiske oppslagsverket i 1969.
Fyrste bandet kom altså i 1949. For dei følgjande banda gjekk trykkeprosessen over to kalenderår, i eit par tilfelle tre, slik at band 10 kom ut i 1966. Atlaset, over Noreg og verda, kom i 1962, og det juridiske oppslagsverket i 1969.
== Nybrotsarbeid ==
Allkunneboka var på fleire vis eit nybrotsarbeid innan leksikonsjangeren i Noreg. Det gjeld i fyrste rekkje at det var skrive på nynorsk. Det innebar utvikling av til dels nyskapt fagterminologi på felt som teknikk, medisin, juss og militærstell, der bokmålet til da hadde vore nokså einerådande. Allkunneboka var også det fyrste leksikonet på norsk der artiklane var signerte, med den ansvarleggjeringa av kunnskapsformidlinga som det innebar. I pakt med etterkrigstida si store kunnskapsoptimisme og framstegstru, la utgjevar og redaksjon sterkt vinn på at opplysningane skulle vere ajour med den nyast tilgjengelege kunnskapen om emnet. Og «dags dato» vart med det for auget prenta på kvart trykte ark, dvs. på kvar 16. side  i kvart band.<ref>Føreord i Norsk Allkunnebok bd.1.</ref>


== Referansar ==
== Referansar ==

Sideversjonen fra 13. des. 2020 kl. 06:32

Norsk Allkunnebok er eit nynorsk leksikon som kom ut på Fonna Forlag i tidsrommet 1949–1966. Det utgjer 10 band pluss eit atlas og ei eiga juridisk oppslagsbok. Som nemninga «allkunne» seier, er leksikonet encyklopedisk, dvs. at oppslaga i prinsippet skal hentast frå alle kunnskapsfelt og fagområde. Verket føyer seg såleis inn i rekkja av det som har vore kalla konversasjonsleksikon. Innanfor den altomfattande horisonten hadde utgjevarane klåre målsetjingar om å framheve emneområde som tidlegare har vore underrepresentert i norske leksika. Ein finn til dømes ei mengd omtaler av personar som det ikkje har funnest plass til i andre norske konversasjonsleksika. Den målstyrte prioriteringa av stofftilfanget gjev dette oppslagsverket ein ekstra relevans ikkje minst i lokalhistorisk samanheng.

Bakgrunn, aktørar og oppstart

Den gamle tanken om å få til eit leksikon på nynorsk, «ei Norsk allkunnebok (encyklopædi)», vart teken opp til konkret drøfting på årsmøtet til Norsk Bladmannalag i 1918.[1] Den som fremja forslaget, var Lars Hjelle, tilsett i Gula Tidend. Årsmøtet slutta opp om initiativet. Det vart nedsett ei førebuingsnemnd med Hjelle, Albert Joleik og Torleiv Hannaas som medlemmer. Joleik blir tilskriven æra for namnet Norsk Allkunnebok. På årsmøte to år etter sa Hannaas frå seg vervet pga arbeidspress. I staden vart nemnda utvida med fire nye medlemmer: Leiv Heggstad, Jens Lindberg, Jon Bakke og C.B.Bugge.

Grunnleggjar av og mangeårig leiar for Norsk Bladmannalag, Hans Aarnes, slutta heilhjarta opp om prosjektet. Sidan skulle han som forlagsmann bli den fremste krafta i realiseringa av prosjektet, saman med redaktøren Arnulv Sudmann. Aarnes skipa Fonna Forlag i 1940, og det vart utgjevarforlaget for verket.

Utgjevingsprosessen

Arbeidet kom for alvor i gang i 1946. Det var utnemnd eit sakkunnig råd, samansett av landbrukshistorikar og rektor ved Norges Landbrukshøgskole Sigvald Hasund, rektor ved Stord lærarskule Severin Eskeland, direktør i forsikringsselskapet Andvake Elias Berdal og offiser og vegingeniør Gabriel A. Frøholm. Dette rådet fungerte med uendra samansetjing frå start til mål. Presse- og språkmannen Arnulv Sudmann var redaktør for alle banda, men med ein medredaktør for dei to siste. Redaksjonsmedarbeidarar elles veksla noko gjennom dei 18 åra utgjevinga tok (sjå nedanfor).

Det vart engasjert eit stort tal medarbeidarar til å skrive artiklar. I fyrste bandet er det nemnt 235 medarbeidarar.[2] Da det siste bandet kom ut, var talet vakse til 384.[3]

Gjennomgådde kjelder seier lite om finansieringa av verket og honorering av medarbeidarar. Men det er liten tvil om at det låg mykje frivillig gratisarbeid bak. Det som er sikkert, er at finansieringa var vanskeleg å få til. Det tok nesten knekken på forlaget økonomisk. Økonomien forklarar også det meste av kvifor det tok så lang tid å kome i mål med utgjevinga.

Fyrste bandet kom altså i 1949. For dei følgjande banda gjekk trykkeprosessen over to kalenderår, i eit par tilfelle tre, slik at band 10 kom ut i 1966. Atlaset, over Noreg og verda, kom i 1962, og det juridiske oppslagsverket i 1969.

Nybrotsarbeid

Allkunneboka var på fleire vis eit nybrotsarbeid innan leksikonsjangeren i Noreg. Det gjeld i fyrste rekkje at det var skrive på nynorsk. Det innebar utvikling av til dels nyskapt fagterminologi på felt som teknikk, medisin, juss og militærstell, der bokmålet til da hadde vore nokså einerådande. Allkunneboka var også det fyrste leksikonet på norsk der artiklane var signerte, med den ansvarleggjeringa av kunnskapsformidlinga som det innebar. I pakt med etterkrigstida si store kunnskapsoptimisme og framstegstru, la utgjevar og redaksjon sterkt vinn på at opplysningane skulle vere ajour med den nyast tilgjengelege kunnskapen om emnet. Og «dags dato» vart med det for auget prenta på kvart trykte ark, dvs. på kvar 16. side i kvart band.[4]

Referansar

  1. Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar, side 38.
  2. Føreord i Norsk Allkunnebok bd.1.
  3. Fonna Forlag si heimeside.
  4. Føreord i Norsk Allkunnebok bd.1.

Kjelder og litteratur