Norsk stadnamnbibliografi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk stadnamnbibliografi
Emneordskatalog BinaryApe.jpg
Allmenn del · Østfold · Oslo · Akershus· Hedmark · Oppland · Buskerud· Vestfold· Telemark · Aust-Agder · Vest-Agder · Rogaland
Kart 1879 Gjøvik Toten utsnitt Li.jpg
Hordaland · Sogn og Fjordane · Møre og Romsdal · Sør-Trøndelag · Nord-Trøndelag · Nordland · Troms · Finnmark
Svalbard og Jan Mayen · Utanfor Noreg

Norsk stadnamnbibliografi vart utgjeven av Institutt for namnegransking ved Universitetet i Oslo 1981. Bibliografien vart utarbeidd av Terje Larsen og kom i ei førebels utgåve, og tanken var at merknader, tillegg og eventuelle rettingar skulle kunne innarbeidast i ei endeleg utgåve. Føremålet med bibliografien var ”å prøva å få eit mest mogleg samla oversyn over norsk stadnamnlitteratur”. I innleiingskapitlet blir det m.a. gjort greie for kjelder og utvalskriterium.

Bibliografien er delt inn i to hovudgrupper, ein allmenn del, der ein finn verk/artiklar av allmenn karakter og verk/artiklar som drøftar tilfang frå to eller fleire fylke, og ein regional del ordna fylkesvis med verk/artiklar frå eit avgrensa område. Den regionale delen har to tillegg: Svalbard, Jan Mayen og Spitsbergen og Norske namn utanfor Noreg. Etter sjølve bibliografien er det eit emneregister og eit forfattarregister.

Noka endeleg utgåve av Norsk stadnamnbibliografi har ikkje kome. Norsk namnelag har i meldingsbladet sitt Nytt om namn hatt årlege oversyn over namnelitteratur frå og med året 1989, og ein førebels nettversjon av Norsk stadnamnbibliografi frå desember 1998 ligg på nettsidene til dokumentasjonsprosjektet (http://www.dokpro.uio.no/namn/bibliografi.html, sjå også Eksterne ressurser). Både dei årlege oversyna og nettversjonen er ordna alfabetisk etter forfattarnamn.

Det er såleis behov for ein samla og oppdatert bibliografi over norsk stadnamnlitteratur, og denne bibliografien i Lokalhistoriewiki er meint å bøta på det. Vi har valt å ordna han som 1981-utgåva, med ein regionaldel og ein emnedel. Førebels er regionaldelen lå finna i wikien, men emnedelen vil koma etter kvart. Bibliografien er oppdatert til og med 2012.