Norsk stadnamnbibliografi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Norsk stadnamnbibliografi
Emneordskatalog BinaryApe.jpg
Allmenn del · Østfold · Oslo · Akershus· Hedmark · Oppland · Buskerud· Vestfold· Telemark · Aust-Agder · Vest-Agder · Rogaland
Kart 1879 Gjøvik Toten utsnitt Li.jpg
Hordaland · Sogn og Fjordane · Møre og Romsdal · Sør-Trøndelag · Nord-Trøndelag · Nordland · Troms · Finnmark
Svalbard og Jan Mayen · Utanfor Noreg

Norsk stadnamnbibliografi vart utgjeven av Institutt for namnegransking ved Universitetet i Oslo i 1981. Bibliografien var utarbeidd av Terje Larsen og kom i ei førebels utgåve, og tanken var at merknader, tillegg og eventuelle rettingar skulle kunne innarbeidast i ei endeleg utgåve. Føremålet med bibliografien var ”å prøva å få eit mest mogleg samla oversyn over norsk stadnamnlitteratur”. I innleiingskapitlet blir det m.a. gjort greie for kjelder, utvalskriterium og inndeling.

Noka endeleg utgåve av Norsk stadnamnbibliografi har ikkje kome. Norsk namnelag har i meldingsbladet sitt Nytt om namn hatt årlege oversyn over namnelitteratur frå og med året 1989, og ein førebels nettversjon av Norsk stadnamnbibliografi frå desember 1998 ligg på nettsidene til Dokumentasjonsprosjektet (http://www.dokpro.uio.no/namn/bibliografi.html). Både dei årlege oversyna og nettversjonen er ordna alfabetisk etter forfattarnamn.

Det er såleis behov for ein samla og oppdatert bibliografi over norsk stadnamnlitteratur, og denne bibliografien i Lokalhistoriewiki er meint å bøta på det. Bibliografien har ein allmenn del med fem underkapittel og ein regional del ordna fylkesvis etter den tradisjonelle fylkesinndelinga. Somme av fylka er vidare delte inn i distrikt. I tillegg er Svalbard og Jan Mayen og Norske namn utanfor Noreg teke med.