Olav Sletto

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. mar. 2019 kl. 08:48 av Cnyborg (samtale | bidrag) (→‎Liv: lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav og Karin Sletto. Fotomontasje: Bjørn Furuseth, Hol Bygdearkiv.

Olav Sletto (født 21. juni 1886 i Holet, død 24. oktober 1963 på Geilo i Hallingdal) var forfattar. Sletto debuterte i 1908 med romanen Dei gamle. Han blir særleg hugsa for den mytologiske syklusen om Loke (1915–1918), dei historiske romanane sine frå kyrkjehistoria (1920–1924) og den historiske romansyklusen Soga um Røgnaldfolket (1943–1946). Olver-syklusen (1954–1956) er delvis sjølvbiografisk. Per-bøkene (1939–1942) er av dei finaste skildringane av barndom og oppvekst i norsk litteratur. Som stilist var Olav Sletto uovertruffen.

Bakgrunn

Mor til Olav Sletto var Anne Jensdotter Sletto, 19 år gammal og ugift då han vart fødd i 1886. Ifølgje eit seigliva rykte skulle faren vera Bjørnstjerne Bjørnson, men Bjørnson var i Paris då barnet vart unnfanga og dermed ute av bildet. Ei anna moglegheit vart då Erling, yngste sonen til Bjørnstjerne. Eva Almhjell har skrive om mor til Olav Sletto og går mellom anna gjennom farskapsspørsmålet i boka Anne Sletto. Eit kvinneportrett, Boksmia 2015. Påstanden om Bjørnson-blod i Olav Slettos årer er avvist av lokalhistorikarar tidlegare.[1] Men såvel Anne, som sonen Olav, var meistrar i å gjera seg gåtefulle. Den som står skriven som far i kyrkjeboka i Hol, er Johannes Kristianson Lundeby (1862-1900) frå Sande i Vestfold.

Liv

Olav Sletto voks opp hjå besteforeldra i Sletto. Han var ein gløgg skulegut, og gode menn i Hol støtta han økonomisk, så han fekk høgre utdanning. I 1902-03 gjekk han på folkehøgskule på Voss og i 1907 tok han eksamen ved lærarskulen på Notodden. Der trefte han Karin Bryde, reiardotter frå Sandefjord, som han seinare gifta seg med. Paret slo seg frå fyrst av ned i Vollen i Asker (1912-1917), der familien Bryde hadde sin landstad. Dei fekk fire barn. Tre av dei kom til i Vollen, den fjerde vart født på Fiskum. Dei fire var: Eva (6.9.1912-7.3.2006), Randi (8.1.1914-17.7.2002), Bjørn (12.3.1915-18.12.1962) og Irene (15.11.1919-31.3.2013).

Sletto-biograf Lars Reinton skriv i "Ei bok om Olav Sletto" (Samlaget 1966) at Olav Sletto var republikanar, målmann og venstremann. Professor Jørn Øyrehagen Sunde føyer til at han også var pasifist. Men framfor alt brann Olav Sletto for folkehøgskulen. Både han og kona, Karin, var truande menneske, men ikkje av det statskyrkjelege slaget. Han blir av dei fleste forstått som grundtvigianar, mens Øyrehagen Sunde meiner han var høgkyrkjeleg. Sletto var ein stor beundrar av Bjørnstjerne Bjørnson, og Goethe var hans store forbilde. Litterært høyrde Sletto til den romantiske tradisjonen. Han var antimodernist og tok avstand frå realismen som litterær retning. Sjølv kalla han seg ideal-realist, i.e. at han skildrar livets realitetar, men på ein ideal måte. Han, som var født utanfor ekteskap, og voks opp i små kår, han som hadde levd realitetane som realistane, ofte med borgarleg bakgrunn, dikta om, han hadde ingen trong til å skrive moteriktig realisme. Han skreiv med godheit - om det gode. Olav Sletto var diktar av kall, og hans mål var å gi lesaren ei oppleving som ga næring til åndeleg vekst. Mennesket - sjæli er alt for meg, sa han i eit intervju i "Den 17de Mai" i 1922. Han var i tekst og tale ein stor forkynnar - og forførar. Talekunstnaren – og forkynnaren Olav var vakker og velkledd. Kona hans, Karin, sytte for det, og han tok seg godt ut på talarstolen. Der trivdes han. Ein som høyrde Olav tale, eller skal vi si forkynne, opplevde det slik:

«Naar ein ser Sletto koma inn i ein forsamlingssal, fri og sterk og bjart og roleg, so langt fraa aa minna um bondebygdi at han nærmare er ein forfina estetikar – og so høyrer han tala sine fine og formsikre ord med rein og klaar røyst, so er det vel mange som hadde trutt han var strengare og sterkare enn han no ser ut til aa vera.  Men naar dei har lydt paa eit korters tid, merkar dei ein styrke som tryllar folkeflokken inn i det som er hans tankeverd, so folk sit og syp etter anden. Daa merkar dei ein styrke hjaa han som dei sidan har age for.»

Dette minner om skildringa av ein forkynnar, og Johan Austbø, som har referert sitatet ovanfor, held fram: Sletto talar ikkje, paa vanleg vis, han diktar, han maalar, han penslar ut. Og under dette er det som andlitet hans etter kvart faar fastare og klaarare linor. Og ein kjem til aa tenkja paa andlitsdragi hjaa Henrik Wergeland.»   [Johan Austbø si skildring av talaren Olav Sletto er publisert i Ung-Norig, eit litterært tidsskrift aat ungdomen, Risør 1922]. I tekst og tale var Olav Sletto ein forførande forkynnar. Kva bygde han på? Han hadde si tru, han kunne sine klassikarar, men utan å forstå den storslåtte naturen han vaks opp i, og den mangfaldige og sterke fjellbygdkulturen han var del av, vil ein ikkje kunne fatte denne diktaren, dette mennesket, seier Sletto sjølv.

Fram til han i 1917 vart lærar ved Buskerud Folkehøgskole i Darbu, livnærte Sletto seg fyrst ved ulike lærarjobbar, seinare som ferdatalar. Det vart meir enn 70 taleferder i perioden 1910-1917. Han var ettertrakta som talar, og skaffa seg det beste ry. Etter seks år i Darbu hadde han også eit godt ry som lærar. I 1923 vart han skulestyrar ved Romerike FolkehøgskoleÅrnes, ei stilling han hadde fram til skulen vart okkupert av tyske soldatar under den andre verdskrigen. Her kunne han endeleg puste fritt, og her bygde han opp ei mønsterskule som ettter kort tid fekk mange søkjarar, faktisk så mange at han ei tid nesten ikkje rådde med det. Skula var ny og baud på ein stor og fin styrarbolig, der familien Sletto bygde opp «ein humanistisk heim», som Sletto kalla han. I 1941 vart dei kasta ut av tyskarane, som i forakt for humanismen knuste Olav Sletto sin talarstol. Under krigen budde Slettos på Bingen gard i Trøgstad.

Som Sletto forførte sitt publikum og sine studentar, forførte han også Karin Bryde. Dette går fram av breva mellom Olav og Karin frå 1911. Heilt tidleg i denne brennheite kjærleikskorrespondansen skreiv Karin at han måtte ikkje skrive henne «alle disse vakre ordene til», for han kjende henne ikkje, og kanskje var ho ikkje den han trudde. Ho var også redd for at ho ikkje var den som kunne fylle rollen som hans hustru - slik han forventa. Olav høyrde ikkje på det øyra. Hans mål var å vinne prinsessa i tårnet på Katrineborg i Sandefjord, den storslåtte barndomsheimen til Karin Bryde. Han bygde henne opp med psykologisk kløkt. Han tok henne med ord. 27.7.1911 gifta dei seg - i det dulde. I 52 år held dei saman. Om attråa var vond vende i unge dagar, var kvardagen sers krevjande for Olav og Karin. Det går fram av dei mange hundre breva dei veksla i sitt samliv. Desse er transkriberte av Eva Almhjell.

Olav Sletto var pasifist og han var aktiv i den norske målrørsla heile sitt liv, liksom han var ein varm forsvarar av folkehøgskulen til han døydde, 76 år gamal.

Sletto vart ramma av slag i 1941, og frå 1944 fekk han invalidepensjon. Han gav ut bøker under krigen og han takka ja då okkupasjonsmakta i 1940 innvilga han Statens kunstnarløn. For dette vart han etter krigen utestengd frå Den norske forfattarforening, og fekk ikkje gi ut bøker fyrste året etter krigen. I 1948 var medlemskapen igjen i orden. I 1946 flytta Olav og Karin Sletto inn i mor Anne sitt hus på Geilo, Hol i Hallingdal. Der trivdes Olav. For Karin var Geilo ein stad å mistrivast. I 1950 innvilga Hol kommune forfattaren Olav Sletto ei årleg æresløn (kr. 800), og i 1960 fekk han igjen statens kunstnarløn (kr. 9000 pr. år).

15. september 2018 var Olav Sletto ein av 17 forfattarar som fekk Den norske forfatterforening si orsaking for den urettvise handsaminga dei fekk av æresretten etter krigen. Orsakinga var del av Den norske forfatterforeninga sitt 125-års jubileum.

Det er publisert fleire artiklar frå taleferdene til Olav Sletto (1911-1917) basert på brevvekslinga mellom Olav og kona Karin. Nokre er å finne på nettstaden til Olav Sletto-selskapet. Vollen-tida er også skildra i ein artikkel publisert i "Glimt fra Vollen. Årbok for Vollen historielag 2018". Fleire artiklar frå Olav Slettos liv og dikting er også publisert i Olav Sletto-selskapet sine årshefter 2016-2019, som også er å finne på nettsida, og i Dølaminne, årbok for historielaga i Hallingdal.

Verk

Han debuterte i 1908 med boka "Dei gamle" og hausta stor fagnad. Boka vart forstått som heimstaddikting. Det var ikkje Olav Sletto nøgd med. Han ville ikkje vera heimstaddiktar, og fann ein annan sjanger. Det vart fyrst eit drama, "Sanddal" (1910), med handling lagt til fjellbygda. Mottakinga var noko kjølegare enn den debutboka fekk, så då skifta han sjanger igjen. Han gjekk til norrøn og kristen mytologi og bygde opp sin eigen Loke-karakter, sett saman av jotun- og ås-hått, og menneske. Ingen forlag tok sjansen på å gi ut desse originale manusa, som etterkvart vart til fire bøker. Dei kom ut i åra 1915-1918, på Slettos private forlag, Ringen. Kona, Karin Bryde, som kom frå ein rik reiarfamilie i Sandefjord, var til stor hjelp i så måte. Olav Slettos åndsfrende, Tjøme-diktaren Alf Larsen, held Loke-kvartetten for Slettos største verk og meinte at alt han skreiv etter dette, var variasjonar over temaet i Loke-bøkene: Kampen om menneskesjela, kampen mellom det gode og vonde. Fram til 1939 kom det bøker med religiøst-historisk innhald frå Slettos hand. Fagnad hausta dei lite av, desse bøkene. Rett før andre verdskrigen vende han heim att og skreiv dei fire bøkene om Per (Per Spegil, Per Sjøl, Per Stavlang, Per Spelmann). Dei var ein suksess. Han held fram med heimstaddiktinga i "Soga um Røgnaldfolket" (1943-1950), ei slektskrønike men også ein varm og innsiktsfull skildring av det store hamskiftet på bygdenivå. Alf Larsen var igjen begeistra og skreiv eit 30 siders essay om denne bokserien. Den beste bokmelding nokon gong, vil nokon hevde. Denne er publisert på Olav Sletto-selskapet si nettside. Etter ei bok om Hans Nilsen Hauge og eventyrromanen "Skrinet skal opnast om hundre år" - som dei færraste forsto, avslutta han forfattarskapen sin med ein seks-binds biografisk kunstroman om Olver. Olav Sletto ga ut i alt 44 bøker. Alle bøkene er å finne på www.bokhylla.no

Eva-Charlotte Mørk har skrive ei magistergradsavhandling i litteraturvitskap om Mytologisk prefigurasjon i Olav Slettos bøker om Loke, NTNU 2016.

Olav Sletto har òg vorte nemnt som ein «gløymd» norsk fantasy-forfattar.[2][3]

Bibliografi

  • Dei gamle (1908)
  • Sanddal (1910)
  • Smaaord (1912)
  • Tenaren (1913)
  • Um Tyskland (1914)
  • Loke-verket (1915–1918):
    • Loke
    • Domen
    • Millom eldar
    • Skyming
  • Dagning (1920)
  • Geisli (1920)
  • Stefanus (1921)
  • Porten (1922)
  • Signum Christi (1923)
  • Fatum (1924)
  • Elveland (1924)
  • Ambrosius-trilogien:
    • Valet (1926)
    • Primas (1927)
    • Frukt (1928)
  • Uppetter glasberget (1929)
  • Glør (1930)
  • Dagrit (1931)
  • Gildet (1932)
  • Odel – tre skodespel: Gamle Vehall, Skrinet, Flaum (1934)
  • Domhuset – mysteriespel (1936)
  • Per-bøkene:
    • Per Spegil (1939)
    • Per Sjøl (1940)
    • Per Stavlang (1941)
    • Per Spelmann (1942)
  • Soga um Røgnaldfolket:
    • Under Solhov (1943)
    • Ættbunden (1944)
    • Jordfast (1946)
  • Fyrste Glimt (1949)
    • Dag (1950)
  • Broder Hans (1948)
  • Skrinet skal opnast um hundre år (1951)
  • Olver-bøkene:
    • Boki um Olver (1954)
    • På høgt berg (1956)
    • Upp bakke og ned dal (1957)
    • Under Helgafjell (1958)
    • Då tedde ei eldborg (1961)
    • På Alderstun (1963)

Kjelder

Referansar

  1. «Olav Sletto, ein gåtefull diktar» av Kåre Olav Solhjell hjå Olav Sletto-selskapet.
  2. Agnes Bøttcher: «Fantasy, litteratur og den norske virkeligheten» i Vinduet (2003)
  3. Øyvind Myhre: Magiske verdener : fantasi-litteraturen fra Gilgamesj til Richard Adams, Cappelen, 1979 (s. 115). Myhre karakteriserer romanen Skrinet skal opnast um hundre år (1951) som «reinhøvlet Swords & Sorcery».

Bakgrunnsstoff

Litteratur

  • Olav Sletto. Ein studie av Johan Austbø (Kristiania: Norli, 1923)
  • Ei bok om Olav Sletto av Johs. A. Dale og Lars Reinton (Oslo: Det Norske Samlaget, 1966)
  • Anne Sletto. Eit kvinneportrett av Eva Almhjell og Jørn Øyrehagen Sunde, Boksmia forlag 2015

Nettstader