Ole Andreas Lindeman: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 11: Linje 11:
* [[Jacob Andreas Lindeman (1805–1846)|Jacob Andreas Lindeman]] (1805–1846), prest.
* [[Jacob Andreas Lindeman (1805–1846)|Jacob Andreas Lindeman]] (1805–1846), prest.
* [[Olaus Christopher Lindeman (f. 1807)|Olaus Christopher Lindeman]] (f. 1807).
* [[Olaus Christopher Lindeman (f. 1807)|Olaus Christopher Lindeman]] (f. 1807).
* [[Anne Christine Lindeman (f. 1808)|Anne Christine Lindeman]] (f. 1808).
* [[Anna Christine Lindeman (1808–1884)|Anne Christine Lindeman]] (1808–1884).
* [[Peter Tangen Lindeman (1810–1888)|Peter Tangen Lindeman]] (1810–1888), lege.
* [[Peter Tangen Lindeman (1810–1888)|Peter Tangen Lindeman]] (1810–1888), lege.
* [[Tobias Matsen Lindeman (f. 1811)|Tobias Matsen Lindeman]] (f. 1811).
* [[Tobias Matsen Lindeman (f. 1811)|Tobias Matsen Lindeman]] (f. 1811).
* [[Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887)|Ludvig Mathias Lindeman]] (1812–1887), organist, musikkpedagog og folkemusikksamlar.
* [[Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887)|Ludvig Mathias Lindeman]] (1812–1887), organist, musikkpedagog og folkemusikksamlar.
* [[Severine Dorthea Lindeman (f. 1814)|Severine Dorthea Lindeman]] (f. 1814).
* [[Severine Dorthea Lindeman (f. 1814)|Severine Dorthea Lindeman]] (f. 1814).
* [[Juliane Lindeman (1816–1879)|Juliane Lindeman]], musiker.
* [[Juliane Lindeman (1816–1879)|Juliane Lindeman]] (1816–1879), musiker.
* [[Johanna Cathrine Lindeman (f. 1816)|Johanna Cathrine Lindeman]] (f. 1816).
* [[Johanna Cathrine Lindeman (f. 1816)|Johanna Cathrine Lindeman]] (f. 1816).
* [[Just Riddervold Lindeman (1822–1894)|Just Riddervold Lindeman]] (1822–1894), organist.
* [[Just Riddervold Lindeman (1822–1894)|Just Riddervold Lindeman]] (1822–1894), organist.

Sideversjonen fra 5. aug. 2021 kl. 15:18

Ole Andreas Lindeman. Avfotografert portrettmaleri av ukjent kunster.
Foto: Erik Olsen (1897).

Ole Andreas Lindeman (fødd 17. januar 1769 i Surnadal, død 26. februar 1857 i Trondheim) var ein pianist, organist og musikkpedagog frå SurnadalenNordmøre.

Slekt og familie

Han var son av sorenskrivar på Nordmøre Jacob Madsen Lindeman (1735–1822) og Anna Christine Tangen (1745–1823).

Den 11. juni 1802 vart han gift med Anna Severine Hickmann (1782–1844) Ho var dotter av forretningsførar Fredrik Christian Ludvig Hichmann og Anna Maria Mathea Lybert. Dei fekk elleve born:

Liv

Lindeman tok eksamen artium ved Trondheim katedralskole før han reiste til København i 1788 for å studere juss. Etter kvart brukte han stadig meir av tida på musikk, og han avbraut jusstudia. Ole Andreas Lindeman vart elev av kapellmeister Israel Gottlieb Wernicke og heldt konsertar med klavér eller fiolin i København. På oppmoding frå biskop Johan Christian Schønheyder flytta Lindeman til Trondheim for å bli organist i Vår Frue kyrkje der i 1799.

Ole Andreas Lindeman vart ein dominerande musikkpedagog i Trondheim — «privilegert Stadsmusicus» — gjennom eit halvt hundreår. Han var song- og musikklærar ved Trondhjems Borgerlige Realskole òg. I 1835 gav han ut, med offentleg stønad, den aller første norske koralboka (salmeboka).

Lindeman vart gift med Anne Severine Hickmann i 1802, og saman fekk dei seks søner. Av desse vart fire organistar, ein av dei dessutan prest, og ein annan dokter. Den eldste sonen, Frederik Christian, etterfølgte faren i Vår Frue kyrkje, Just Riddervold] vart organist i domkyrkja. Jacob Andreas og Ludvig Mathias reiste til Vår Frelsars kyrkje i Oslo. Førstnemnte vart seinare prest i Leikanger og Davik; sistnemnte var far til musikkpedagog Peter Brynie Lindeman, som var leiar for Musikkonservatoriet i Oslo i mange år, og organist Kristian Theodor Madsen Lindeman, som overtok som organist i domkyrkja etter farbror sin. Ei dotter, Juliane, vart òg musikar.

I 1827 kjøpte han ein bygard i Trondheim, på adressa som no er Søndre gate 6. Bygningen fekk namnet Lindemangården, og vart riven kring 1915.

Ole Andreas Lindeman, som heilt til det siste var organist ved Vår Frue kyrkje i Trondheim, dødde 88 år gammal den 26. februar 1857.

Lindemans gateRosenborg fekk i 1913 namn etter Ole Andreas Lindeman.

Kjelder