Per Berg (1886–1974): Forskjell mellom sideversjoner
m (Arnfinn Kjelland flyttet siden Per Berg til Per Berg (1886-1974)) |
(→Kjelder og litteratur: oppdat) |
||
Linje 17: | Linje 17: | ||
*[[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 1992: ''[[Bygdebok for Lesja]] bd. 2. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn'' s. 165. | *[[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 1992: ''[[Bygdebok for Lesja]] bd. 2. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn'' s. 165. | ||
*E-post frå Per Sigmund Berg 29.5.2019 | *E-post frå Per Sigmund Berg 29.5.2019 | ||
*Olstad, Jan Henrik 1974: Overlærar Per Berg. I [[Årbok for Gudbrandsdalen|''Årbok for Gudbrandsdalen'']] s. 105-109. | |||
{{DEFAULTSORT:Berg, Per}} | {{DEFAULTSORT:Berg, Per}} |
Sideversjonen fra 14. sep. 2020 kl. 11:22
Per Berg (fødd 4. november 1886 på Steinbakken, ein tidlegare plass under Systugu Stavem i Lesja, død 1974) var lærar og underoffiser. Per Berg var fyrst lærar ved framhaldsskulen i Vågå til 1922, flytte så til Hamar der han var lærar og til sist overlærar ved Hamar folkeskole (Midtbyen skole). Berg var sersjant ved Nord-Norges og Nordenfjellske ingeniørbataljonar 1911-18 og furér 1918-30. Han søkte avskil frå militærtenesta ved overgangen til den nye hærskipnaden i 1930.
Berg vaks opp på Lesja som son av Ole Hansen Berg, som òg var lærar, og Kari Pedersdtr. f. Bjorli. Berg tok eksamen ved Ingeniørvåpenets underoffisersskule i 1909 og lærarskuleeksamen på Elverum i 1914. I vaksen alder, i 1922, tok han artium ved reallinja.
Per Berg samla mykje tilfang til Bygdebok for Lesja og skreiv slektshistoriske artiklar m.a. i Årbok for Gudbrandsdalen (Dølaringen) og Norsk Slektshistorisk Tidsskrift.
Berg vart gift med Sigrid Gaalaas frå Furnes utafor Hamar. Dei fekk tre søner: Ola f. 1928, Nils Gaalaas f. 1931 og Per Sigmund f. 1939.
Kjelder og litteratur
- Bygdebok for Lesja
- Dølaringen Boklag
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Per Berg i Historisk befolkningsregister
- Peder Berg i folketelling 1900 for Lesja herred fra Digitalarkivet.
- Kjelland, Arnfinn 1992: Bygdebok for Lesja bd. 2. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn s. 165.
- E-post frå Per Sigmund Berg 29.5.2019
- Olstad, Jan Henrik 1974: Overlærar Per Berg. I Årbok for Gudbrandsdalen s. 105-109.