Forskjell mellom versjoner av «Sylvester Sivertson»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Kjelder: lenkjer)
 
Linje 14: Linje 14:
 
== Synet på haugianismen ==
 
== Synet på haugianismen ==
  
Medan han studerte, gav Sivertson ut boka ''Haugianismen, dens Historie og Væsen, samt Forhold til Herrnhuttismen, fremstillet af en Sandhedsven'' (1832). I jamføring med den konkurrerande pietistiske [[Leksikon:Herrnhutere|herrnhutar-sekta]], framhevar Sivertson haugianismen som ei lære som hadde funne god balanse mellom fromskap og nyttig gjerning i det timelege. Haugianarane såg i «frugtbringende Virksomhed» ikkje berre ei dygd, men også ei plikt.  Sivertson meinte dessutan at haugevenene var forkjemparar både for åndeleg og borgarleg fridom, og at dei var sanne fedrelandsvener. Ein «virkelig Haugianer» var som statsborgar «udelukkende dannet for en konstitutionel […] Stat, hvis Forfatning sikkrer Borgerne mod slavisk Lydighed og ubetinget Underkastelse». Dette følgde fyrst og fremst av «den frie Virksomhedsidé, der maa ansees som Haugianismens væsentlige Særkjende».
+
Medan han studerte, gav Sivertson ut boka ''Haugianismen, dens Historie og Væsen, samt Forhold til Herrnhuttismen, fremstillet af en Sandhedsven'' (1832). I jamføring med den konkurrerande pietistiske [[Herrnhutere|herrnhutar-sekta]], framhevar Sivertson haugianismen som ei lære som hadde funne god balanse mellom fromskap og nyttig gjerning i det timelege. Haugianarane såg i «frugtbringende Virksomhed» ikkje berre ei dygd, men også ei plikt.  Sivertson meinte dessutan at haugevenene var forkjemparar både for åndeleg og borgarleg fridom, og at dei var sanne fedrelandsvener. Ein «virkelig Haugianer» var som statsborgar «udelukkende dannet for en konstitutionel […] Stat, hvis Forfatning sikkrer Borgerne mod slavisk Lydighed og ubetinget Underkastelse». Dette følgde fyrst og fremst av «den frie Virksomhedsidé, der maa ansees som Haugianismens væsentlige Særkjende».
  
 
== Den journalistiske verksemda ==
 
== Den journalistiske verksemda ==

Nåværende revisjon fra 17. mai 2017 kl. 16:59

Sylvester Sivertson. Samtidig litografi, gjengitt m.a. i Udvalgte Digte utg. av broren Ole Sivertsen Hyrve i 1848.

Sylvester Sivertson (fødd 12. september 1809 i Skjåk, død 20. november 1847 i Drammen) var pressemann, forfattar og samfunnsdebattant. Han blir rekna som ein pioner i norsk pressehistorie. Han var den fyrste heiltidstilsette avisredaktøren i landet. Elles er han kjend som kampfelle av Henrik Wergeland i kulturstriden i 1830-åra, og ikkje minst i kampen mot jødeparagrafen.

Familie, oppvekst og utdanning

Sylvester (Sylfest) var eldste sonen til gardbrukarparet Syver og Anne Hyrve. Dei var båe ivrige haugianarar. Faren hadde jamvel vore straffeforfølgd for haugiansk verksemd.

Sylvester var fødd i Øyberget, eit småbruk som foreldra dreiv frå 1806 til 1811, da familien flytta til Hyrve, som var farsgarden til Syver. Sylvester hadde i alt fem sysken, men to av dei nådde ikkje vaksen alder. Sylvester var ugift all sin dag.

Han viste tidleg gode intellektuelle evner, og fekk høve til skulegang langt ut over den lokale omgangsskulen, heilt fram til universitetsstudium. Fyrst fekk han visstnok privatundervisning hjå N. B. Flood, kapellan i Vågå 1825-1827. Ein pastor Steen skal ha rådd foreldra til å sende guten til lærar og kyrkjesongar, seinare stortingsmann Lars JensenRingsaker. Der var Sylvester ein vinter. Det haugianarnettverket som foreldra var ein del av, har utvilsamt vore til god hjelp for han på hans vidare løpebane. I 1828 var han i Trondheim og arbeidde som betjent hjå kjøpmann Ole Dahl der. Dahl var ein landskjend haugianar. Ved eit seinare opphald i Trondheim hadde Sylvester fri kost og losji hjå storbonden, forretningsmannen og stortingsmannen Michel N. Grendahl. Plassen hjå Grendahl var det hans gamle velgjerar frå Vågå, nå sokneprest i Kvikne i Nord-Østerdalen N. B. Flood, som hadde skaffa han. I likskap med Dahl var Grendahl ein velkjend person innan haugianarrørsla. Ved det siste Trondheims-opphaldet fekk Sylvester undervisning av adjunkt, seinare sokneprest i Ørskog, A. H. Kaurin. Venteleg i ein mellombolk mellom dei to Trondheims-opphalda, på slutten av 1820-talet, budde Sylvester eit par år heime på Hyrve. (Kronologien her er litt uklår.) Frå denne tida i Skjåk er det kjent at han stundom kalla i hop folk på Hyrve for å halde politiske debattmøte. Systera hans, Guro (fødd 1819), mintest dette frå barndomen: «Han samla av dei forstandigaste mennom uppå søre stugun; da heldt døm 'storting', og den som tala, skulle reise seg.» (Sitert etter Guros barnebarn, Gunnhild Blekastad i 1968.)

Utdanningshistoria er elles ikkje kjend i detalj, men Sylvester Sivertson var iallfall student i Christiania frå 1832. Han fullførde rett nok aldri noko universitetsstudium.

Synet på haugianismen

Medan han studerte, gav Sivertson ut boka Haugianismen, dens Historie og Væsen, samt Forhold til Herrnhuttismen, fremstillet af en Sandhedsven (1832). I jamføring med den konkurrerande pietistiske herrnhutar-sekta, framhevar Sivertson haugianismen som ei lære som hadde funne god balanse mellom fromskap og nyttig gjerning i det timelege. Haugianarane såg i «frugtbringende Virksomhed» ikkje berre ei dygd, men også ei plikt. Sivertson meinte dessutan at haugevenene var forkjemparar både for åndeleg og borgarleg fridom, og at dei var sanne fedrelandsvener. Ein «virkelig Haugianer» var som statsborgar «udelukkende dannet for en konstitutionel […] Stat, hvis Forfatning sikkrer Borgerne mod slavisk Lydighed og ubetinget Underkastelse». Dette følgde fyrst og fremst av «den frie Virksomhedsidé, der maa ansees som Haugianismens væsentlige Særkjende».

Den journalistiske verksemda

Som publisist vart Sylvester Sivertson kjend som ideolog og agitator for den nasjonale og bondedemokratiske rørsla i 1830-åra, ved sida av Wergeland, Peder Soelvold og fleire andre. Sivertson var vikar (Vice-redaktør) for Soelvold i bladet Statsborgeren frå januar til slutten av mai 1833. Han slutta da på grunn av ein konflikt med Soelvold om den redaksjonelle linja. Sivertson meinte tonen i bladet bar for mykje preg av personleg sjikane. Sivertson utdjupa sine synspunkt på dette i det anonyme skriftet For Statsborgere mod «Statsborgeren» i 1835, og gjorde dermed sitt til at Soelvold måtte trekkje seg som redaktør til fordel for Henrik Wergeland. Sivertson var medredaktør i bladet saman med Wergeland ei kortare periode våren 1837, men rauk uklar også med han.

Etter å ha slutta i Statsborgeren i 1833, gav Sivertson ut eit eige blad, Den Frimodige. Det kom ut med 30 nummer i tidsrommet juni 1833 til februar 1834.

I 1836-1838 redigerte han, som den fyrste, Stortingsefterretninger, utgjevne av Stortinget sjølv.

I 1841 vart Sivertson tilsett som den fyrste redaktøren i Lillehammers Tilskuer. Han hadde dette som full tids verksemd, og det er visstnok det fyrste dømet på ein «profesjonell» norsk pressemann i den forstand at han var heiltidstilsett som redaktør. Han arbeidde i Tilskueren til i desember 1842. Frå 1843 til juli 1845 var han så redaktør ved Nordlyset i Trondheim. Frå juli 1845 til sin død i 1847 redigerte Sivertson Drammens Adresse. På det tidspunktet hadde han igjen søkt og fått stillinga som redaktør i Lillehammers Tilskuer, men rakk ikkje å ta til i denne.

Sivertsons ideale retningslinjer for journalistikken vart uttrykt mellom anna i nyttårsartikkelen hans i Lillehammer Tilskuer i 1842: «Frimodige Anskuelser ville altid kunne udtale sig gjennem Tilskueren saalænge der ikke stødes an mod den Grundsætning, som Redaktøren efter bedste Evne vil søge at gjennemføre, nemlig: at Bladet skal tale til Folket, uden at nedsynke til Plathed og Raahed, og at det skal kunne læses af den mere Dannede uden at være mindre nyttigt for den mindre Oplyste.» (Her sitert etter Øyvind Anker i Norsk biografisk leksikon 1958.)

Han sette søkjelyset på den makta pressa byrja å få i det norske samfunnet nettopp på hans tid. Han kalla pressa «den fjerde makt i staten», og la til: «man burde ha tilføyet: og den høyeste». (Her sitert etter Eide, M. 2000:48.)

Liberal-patriotisk samfunnsdebattant

Sylvester Sivertson øvde ein betydeleg innverknad på opinionsdanninga i si tid, i og utanfor hovudstaden. Det skjedde fyrst og fremst gjennom ei stor mengd presseartiklar, både i blada han sjølv redigerte, og andre stader som i Morgenbladet og Folkebladet.

Frå 1835 var han aktiv i Det norske Studentersamfund, i 1836 (1.-3. kvartal) og 1837 (2. og 4. kvartal) som formann (første-direktør).

Sivertson hadde nær kontakt med bondetingmennene, og hjelpte stundom til med å skrive taler og innlegg for dei. Venene og velgjerarane Lars Jensen og Michel Grendahl sat på Stortinget nettopp i denne perioden. Båe desse var blant dei sentrale i den såkalla bondeopposisjonen saman med Ole Gabriel Ueland, Ingebrigt Sæter o.fl.. Det hende at Sivertson, saman med menn som Wergeland og Jonas Anton Hielm, var til stades på møte i «Den hemmelige direksjon» – det tilløpet til parti på Stortinget som bondeopposisjonen hadde danna. Sivertson vart rekna med til den nasjonalliberale krinsen rundt Henrik Wergeland i Christiania, patriotene.

Ikkje minst var Sivertson oppteken av religionsfridom. I dette inngjekk ei meir sekulær forfatning med skilje mellom stat og kyrkje. Kyrkjelydane skulle kunne kalle sine eigne prestar. Han ville dessutan innskrenke den plikta alle embetsmenn hadde til å vedkjenne seg den luthersk-evangeliske statsreligionen.

Viktig i denne samanhengen er Sivertsons konsekvente og langvarige kamp mot grunnlovsparagrafen som forbaud jødar å kome til landet (jødeparagrafen). Sivertson var ein av Wergelands viktigaste støttespelarar i dette arbeidet. Sivertson utforma det grunnlovsforslaget som Ingebrigt Sæter fremja i Stortinget i 1845, som gjekk ut på å oppheve forbodet mot jødars adgang til riket. Grunnlovsforslaget ville samstundes gje rom for fri religionsutøving for «alle christelige Religionsbekjendere».

I artikkelen «Kvindens Dannelse» i Skilling-Magazin 1837-38 gjorde Sivertson seg til talsmann for utvida borgarrettar for kvinner. Han hadde forresten i boka si om haugianismen framheva at Hauge gjekk inn for meir likestilling mellom kjønna i det kristelege arbeidet.

Lokal aktør?

Bauta over Sylvester Sivertson, reist til 100-årsjubileet for hans fødsel på heimegarden Hyrve i Nordberg, Skjåk. Foto: Hans P. Hosar.

Det kjem ikkje så mykje fram i litteraturen om Sivertson kva posisjon han hadde og kva rolle han spela i dei lokalsamfunna der han budde og verka. Det var da også berre etter måten korte periodar han budde i Trondheim, Lillehammer og Drammen. Det som er kjent frå det dryge tiåret hans i Christiania, gjeld mest den rikspolitiske verksemda og journalistikken.

På Lillehammer er det derimot klare spor som viser at Sivertson, redaktøren for den nye avisa i den nokså nyleg grunnlagde kjøpstaden, med liv og lyst kasta seg ut i lokalt samfunnsengasjement. Han tok initiativ til den fyrste 17. maifeiringa i byen i 1841, og var formann i komiteen for dagen. Festen vart ein suksess, og vart gjentatt året etter med «student Sivertson» som talar for dagen. Men det året stod Sivertson midt oppe i ein politisk strid i byen som gjorde at han hadde trekt seg som formann i festkomiteen.

Bakgrunnen var følgjande: Tidlegare på året 1842 hadde Sivertson vorte vald til leiar av ein lokal komite som skulle uttale seg om spørsmålet om å etablere ein ny kjøpstad på Hamar. Sivertson støtta framlegget, medan formannskapet i Lillehammer var sterkt i mot. Dei kvasse motsetningane i denne saka var venteleg hovudgrunnen til at Sivertson forlet både redaktørposten og byen før året var omme.

Når det gjeld heimbygda Skjåk, og prestegjeldet Lom som Skjåk var ein del av, kan det peikast på nokre omstende som indikerer Sylvester Sivertsons innverknad der. Som nemnt arrangerte han politiske møte i Skjåk i slutten av 1820-åra. Vi ser også at han spela ei rolle ved den fyrste kjende 17. mai-feiringa på dei traktene, som fann stad på garden Blakar i Lom hovudsokn i 1833. Mellom anna skreiv Sivertson eit dikt som vart framført der. Han var ikkje sjølv til stades, men refererte frå festen i Statsborgeren den 2. juni, der han mellom anna fortel at markeringa inkluderte kanonsalutt. Det var 500 menneske til stades, og dansen gjekk til klokka 8 neste morgon.

Gunnhild Blekastad fortel at bestemor hennar «tala så ofte om dei strålande 17. mai-festane han Sylfest [dvs. Sylvester, broren hennar] hadde fått til i Skjåk, med ho var ung.»

Men den viktigaste innverknaden kan seiast å ha vore den han hadde på broren Ole Sivertsen Hyrve, ein svært viktig mann i Skjåks historie rundt midten av 1800-talet. I 1833 budde Ole hjå broren i Christiania for å få undervisning av han. Dette var da det såkalla bondestortinget sat saman, og Ole opplevde på nært hald både bondetingmennene sjølve og det intellektuelle støtteapparatet rundt dei som Sylvester var ein del av. Ole la for dagen mykje av dei same liberale synsmåtane som broren, da han for alvor byrja å verke i styre og stell i Lom og Skjåk.

Diktaren

Tittelbladet på Udvalgte Digte af Sylvester Sivertson, utgjeve av broren Ole Sivertsen Hyrve i 1848.

Som skjønnlitterær forfattar har ikkje Sivertson fått så stort namn. Det meste kan karakteriserast som bruksdikt ved ulike politiske og andre omstende, med titlar som «Sang paa Universitetets Stiftelsesdag», og «Ved Efterretningen om Jødesagens Udfald i Stortinget». Mellom anna er det fleire dikt som hylla den polske kampen for sjølvstende i kjølvatnet av julirevolusjonen 1830, så som «Grevinde Platers Kampsang» og «Polonia». Eit norskpatriotisk dikt frå Den Frimodige i 1833, «Norafjeld», fekk melodi og vart ein populær song i samtida.

Dikta vart stort sett publiserte i pressa, gjerne under psevdonymet Urdsongis (Sig-urd-son?). Broren Ole Sivertsen Hyrve utgav etter Sylvesters død eit utval av dikta hans. I si innleiing refererer Ole Sivertsen det som kanskje var gjengs oppfatning i litterære krinsar: «Saa rige som hans Digte ere paa dybe Tanker og skjønne Billeder, og saa varmt som de lyde for Fædreneland, Frihed, Sandhed, Ret og Menneskevel, saa ere der dog, efter kyndige Mænds Sigende, faa af dem, som ikkje ere behæftede med een eller flere Feil i formel Henseende. Ideen var ham fast Alt, Formen næsten Intet.»

I 1835 omsette Sivertson Esaias Tegnérs Svea. Det vart gjort som eit apropos til demringsfeiden (debatten om Welhavens dikt Norges Dæmring).


Kjelder

  • Anker, Øyvind: Om Sivertson, Sylfæst (Sylvester) i Norsk biografisk leksikon, bind XIII, Aschehoug, Oslo 1958.
  • Blekastad, Gunnhild: «Hundre år sida Ivar Blekastad skipa fyrste ungdomslaget i landet på Sel», i Årbok for Gudbrandsdalen 1968, utg. av Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag.
  • Eide, Martin: Den redigerende makt. Redaktørrollens norske historie. Kristiansand 2000.
  • Elstad, Hallgeir: om Sylvester Sivertson i Norsk biografisk leksikon
  • Hagen, Ole E.: Sylvester Sivertsson. Literærhistorisk Afhandling i Anledning af Reisningen af hans Minde-Bauta. Eau Claire, Wisconsin USA, 1909.
  • Hosar, Hans P.: Bygdebok for Skjåk, band 3, utgjeve av Skjåk kommune 1998.
  • Hosar, Kristian: «Sylvester Sivertsson som redaktør i Tilskueren», i Kvelds-seto - Gåmålt frå Skjåk, Skjåk Historielag 2009.
  • Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år. Bind I. Universitetsforlaget 1987.
  • Seip, Jens Arup: Utsikt over Norges historie. Første del. Gyldendal, Oslo 1974.
  • Sivertson, Ole: Udvalgte Digte (av Sylvester Sivertson) med biografisk innleiing, 1848.
  • Skåre, Kolbjørn: «Sylvester Sivertson» i Skjåk. Utgjeve i høve bygdajubileet 1966, Skjåk kommune 1966.
  • Teigum, Ivar: Sylvester Sivertson – Publicist. Hefte utgjeve av Skjåk kommune 1997.