Aslaug Vaa (1889–1965)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Aslaug Vaa som student.
Foto: Ukjent, henta fra Studentene fra 1909 (1934).

Aslaug Vaa (født 25. august 1889 i Rauland, død 28. november 1965 i Oslo) var lyrikar og dramatikar. Det er særleg for lyrikken ho er kjend, ikkje minst for si evne til å kombinere modernitet og gamal kulturarv.

Slekt og familie

Ho var dotter av gardbrukar og skogeigar Tor Aanundsson Vaa (1864–1928) og Anne Marie Roholt (1866–1947). Det var fem sysken i flokken; yngstemann var bilethoggaren og kunstmålaren Dyre Vaa.

Den 20. desember 1911 blei jo gift i Kristiania med filolog, psykoterapeut og forfattar Ola Raknes (1877–1975). Ekteskapet blei oppløyst i 1938. Dei hadde borna Magli, gift Elster (f. 1912), Anne (f. 1914), Tora (f. 1916), Erik (f. 1919) og Tor (f. 1923).

Aslaug Vaa er gravlagd i familiegrav på Ullern kirkegård i Oslo.

Liv

Aslaug Vaa er gravlagd i familiegrav på Ullern kirkegård i Oslo. Gravminnet er noko vanskeleg å lese.
Foto: Stig Rune Pedersen (2016)

Då ho var tre år gamal flytta familien til Kviteseid. Dei gamle kulturtradisjonane var viktige i barndomsheimen. Både foreldra hadde gått på folkehøgskule, og la vekt på å formidle sine verdiar til ungane.

I 1905 tok Aslaug Vaa middelskuleeksamen. Ho jobba så eit halvt år som lærar på latinlinja på Aars og Voss skole i Kristiania. I 1909 tok ho examen artium, og så følgde anneneksamen ved Universitetet i Oslo i 1911. Same år gifta hos seg med Ola Raknes.

Aslaug Vaa byrja skrive mellom anna i nynorskbladet Den 17de Mai, og ho arbeida også som oversetjar. I fleire lengre periodar var ho i utlandet saman med mannen. Under eit Paris-opphald fra 1919 til 1921 følgde ho forelesningar ved Sorbonne, og i Berlin i 1929 sette ho seg inn i ekspresjonistisk teater og andre nye formar for drama.

Ho debuterte som lyrikar med samlinga Nord i leite i 1934. Frå byrjinga veksla ho mellom frie vers og metriske strofer med enderom. Ein kan kjenne att form og innhald frå stev og folkeviser, og dikta blei skrevne på telemarksmål. Motiva var ofte henta frå folkelivet i heimfylket, og bileta kjem ofte frå telemarksnaturen. I hennar andre samling, Skuggen og strendan frå 1935, blir spenninga mellom det tradisjon og modernitet klårare. Bilete av folkelivet går att også i etterkrigssamlingane hennar.

Med sine eksperimentelle drama – Steinguden, Tjugendagen, Munkeklokka og Honningfuglen og leoparden – var Vaa med på å fornye norsk dramatikk.

Etter andre verdskrigen skreiv ho ofte artiklar til mellom anna Arbeiderbladet, Verdens Gang og Dagbladet, og til fleire tidsskrift.

Aslaug Vaa meldte seg ut av Den norske Forfatterforening og gjekk inn i Forfatterforeningen av 1952 i protest mot samnorskpolitikken. Ho var ein av dei få nynorskforfattarane som gjorde dette; dei fleste andre medlemmane var riksmålbrukarar.

Ho fekk kunstnarløn frå 1955. Dikta hennar blei ofte lesne på Ønskediktet, og særleg var «So rodde dei fjordan». Ho blei i 1963 første mottakar av Ønskediktprisen. Fleire av dikta har blitt tonesett, mellom anna av Geirr Tveitt, Tone Ringen, Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren.

Aslaug Vaas veg i Oslo er oppkalt etter ho.

Bibliografi

Diktsamlingar

  • Nord i leite, 1934
  • Skuggen og strendan, 1935
  • Villarkonn, 1936
  • På vegakanten, 1939
  • Fotefár, 1947
  • Skjenkarsveinens visur, 1954
  • Bustader, 1963
  • Dikt i utval (ved L. Mæhle), 1964
  • Svara meg mi harpe. Dikt i utval (ved B. Gjernes), 1977
  • Dikt i samling (ved L. Mæhle), 1989
  • Aslaug Vaas beste (ved L. Mæhle), 1993
  • «Og ordet var...» Etterlatne dikt (ved L. Mæhle), 1999

Skodespel

  • Steinguden. Skuespill i fem akter, 1938
  • Tjugendagen. Eit spel i fem bilete frå livet i ei bygd for omlag hundre år sea, 1947
  • Honningfuglen og leoparden. Frå ein afrikansk legende, uroppført 1955, bokutg. 1965
  • Munkeklokka. Skodespel i seks bilete, 1966

Litteratur