Sivert Knudsen Aarflot (fødd 23. oktober 1759 i Ørsta, død 14. juli 1817 i Volda) var omgangsskolelærar, bonde, lensmann, postopnar, trykkerieigar og folkeopplysningsmann på Sunnmøre. Han var frå 1789 gift med Gunhild Aarflot. Han opna i 1809 det første prenteverket utafor byane i Noreg.Da Sivert Knudsen vart fødd, var faren leiglending på Fyldal i Ørsta, og noko seinare flytte dei til Årflot der han har slektsnamnet frå.
Det vart ikkje mykje skulegang på Sivert Aarflot. Han gjekk 22 dagar i omgangsskulen, og så var det slutt. Men presten Hans Strøm merka seg at han hadde evner, og i 1778 vart den sjølvlærte unge mannen sett inn som skulehaldar i Follestaddalen i Ørsta. Den stillinga hadde han til 1793. I denne tide skreiv han ned segner, regler og viser som han fekk høyre av bygdefolket. Han fortsette også med sjølvstudier, og frå Hans Strøm fekk han interesse for naturkunnskap, topografi og etikk. Å få tak i bøker var ikkje enkelt, dei kosta pengar og var lite tilgjengelege på bygda. I 1782 fekk han tak i Lære-Bog i adskillige philosofiske og mathematiske Videnskaber av tyskaren Gotthild Reccard, og dette var ei gullgruve. Det var ikkje heilt enkelt for Sivert Aarflot å ta avskil med Bibelen sitt verdsbilete, men han jobba seg gjennom det og klarte å sameine kristentrua med naturvitskapen. Han var ein tilhengar av religionsfridom. Les mer …
Cecilia Christina Schøllers store prestisjeprosjekt var Stiftsgården i Trondheim, som hun lot oppføre som enke.
Cecilia Christina Schøller (født Sidsel Kristine Frølich 16. mars 1720 i Tønsberg, død 17. april 1786 i København) var en av Trondheims rikeste personer. Hun kjøpte av kongen i 1776 tittelen geheimerådinne, ikke som hustru av en geheimeråd, men i eget navn, og ble dermed den høyest titulerte kvinne i Norge på slutten av 1700-tallet. Hun lot oppføre Stiftsgården i Trondheim, et av Nordens største trepaléer. Hun var datter av offiser Johan Frederik Frølich (1681–1757) og Hilleborg Frølich f. Wittberg (d. 1771). Faren tilhørte slekta Frølich, mens mora var fra en dansk høyadelsslekt. Cecilia Christina, eller Sidsel Kristine som hun ble døpt, var det tredje av sju barn.
Den 18. september 1742 gifta hun seg med Stie Tønsberg Schøller (1700–1769). Hun var 22 år gammel, mens han var 42 år og enkemann. Hans første ekteskap var med Elisabeth Angell, som døde i 1742. Ekteskapet var typisk for det øvre sjikt i Trondheim; slekta Schøller var først forent med slekta Angell gjennom ekteskap, og så ble den forent med slekta Frølich. Les mer …
Arnt Olsson Semundset (ca. 1770-1822) var fødd på garden Hestnes i Valsøyfjorden i Aure prestegjeld kring 1770. I folketeljinga i 1801 finn ein han på garden Våg i Aure i same prestegjeldet, og same året gifta han seg med Inger Jonsdtr. Våg (d. 1802). Ekteparet fekk ei dotter, men mora døydde like etter fødselen, 21 år gammal. Arnt Olsson gifte seg på nytt i 1804 med Gjertrud Hansdtr. Ormset, men ho døydde allereie i 1810. Ekteparet hadde ikkje born. På dette tidspunktet hadde Arnt Olsson fått skøyte på eit av dei to bruka på Semundset som faren hadde kjøpt kring 1780. I 1811 gifta Arnt Olsson seg for tredje gong, no med Gjertrud Arntsdtr. Melland. Då Arnt Olsson døydde i 1822, hadde dei fire born saman. Våren 1814 var Arnt Olsson valmann for Aure prestegjeld. På dette tidspunktet var han også medhjelpar til presten i Aure. I samband med utskrivinga av sølvskatten i 1816 sat han i den lokale likningskommisjonen, og han var også medlem av bygdekommisjonen i åra kring 1820. Les mer …
Artilleribygningen og krutthuset på Blaker skanse. Foto: Chris Nyborg (2014) Blaker skanse (gnr. 118/3) er et fredet festningsanlegg på østbredden av Glomma i Blaker i Lillestrøm kommune, anlagt 1683. Skansen ligger rett ved Blaker tettsted, og ble anlagt på grunn som opprinnelig hørte til garden Svarstad. Den havnet i midtpunktet for krigshandlinger både i 1718, da den ble beleiret av en svensk hær, og i 1808, da svenskene inntok den i to dager. Den fikk sin nåværende utforming som stjerneskanse i 1750-åra. Skansen ble nedlagt som festning i 1820, men var fortsatt militært område til 1893. Fra 1917 til 2003 holdt Statens Husflidsskole, senere Høgskolen i Akershus, til her. Blaker skanse ble anlagt i 1683, etter at Christian V hadde gitt sin approbasjon 27 januar det året. Anleggelsen ble ledet av feltmarskalkløytnant Gustav Wilhelm Wedel (1641–1717), som var øverstbefalende over den norske hæren. Soldater fra de nærmeste bygdene, Enebakk, Fet, Aurskog, Blaker, Sørum og Nes, ble pålagt å bidra med det de kunne av folk og hester til byggearbeidet. Skansen ble anlagt som ledd i den første systematiske befestningen av Glommalinja. Årsaken til at skansen ble anlagt akkurat her, var at man trengte å beskytte Blakersund, som var et viktig fergested over Glomma. Les mer …
Halvor Hoel på sine eldre dager. Teikning utført av ein soneson.
Halvor Hoel (fødd på Nes på Hedmarken 4. februar 1766, død same stad 5. mars 1852) var gardbrukar på Hol, ein av dei største gardane på Nes. Mest er han kjend som politisk agitator og leiar for bondeaksjonane i 1818. Han var ein omstridd person i samtida og omdiskutert i ettertid. Det botnar både i hans politiske haldningar og aksjonisme, og i hans til dels stormfulle og ukonvensjonelle privatliv.
Halvor Hoel var ugift, men hadde tre søner med to ulike kvinner. Med Guri Gudmundsdotter fekk han Nils (fødd 1800) og Ole (fødd 1804), same år fekk han sonen Lars med Marte Nilsdotter. Både dei to kvinnene og sønene budde på Hol. Halvor Hoel lyste sønene i kull og kjønn (erkjente dei som rette søner og gav dei dermed arverett på linje med born fødde i ekteskap), og Nils vart eigar av Hoel-garden etter faren sin. Les mer …
|