Forside:Ertvågsøya

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Ertvågsøya
Satellittbilde av Ertvågsøya frå NASA WorldWind.

Ertvågsøya (òg kjend som Ertvågøya og Artvågsøya) er ei øy i Aure kommuneNordmøre. Ho har eit areal på 139,7 km². Foldfjorden og Skausetvatnet på midten av øya delar ho i to om lag like halvdelar. Mot vest ligg Solskjel og Stabblandet over Imarsundet, mot nord Trondheimsleia, mot aust fastlandet med Aure over Aursundet og mot sør Vinjefjorden og Valsøyfjorden.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Foto av Ola Bergfall, truleg frå 1920-talet
Foto: Ukjend

Ola Ingvald Larsson Bergfall (Bergfald) (1896-1928) var ein gardbrukar og fråhaldsmann frå Bergfall på Ertvågsøya i Aure kommune. Han studerte ved Nordmøre fylkesskuleBremsnes i Averøy.

Bergfall var ein sentral person i Aure fråhaldslag, som var eit lokallag av Det Norske Totalavholdsselskap. Elles var han leiar av Bergfall songkor (på folkemunne kalla "Skrekkje" eller "Bergfallskrekkje").

Aure fråhaldslag æra Ola L. Bergfall med ein minnestein, etter at han døydde av lungebetennelse berre 32 år gamal. Ola L. Bergfall engasjerte seg sterkt i arbeidet som Aure fråhaldslag dreiv. Innsatsen hans vart sett stor pris på, han vart mellom anna omtala som ein av fleire "kjende og dugande menn i avhaldsarbeidet på Nordmøre". Og i 1929, året etter at Bergfall gjekk bort, vart det halde fylkesstemne for Nordmøre fylke av DNT på Aure. Her vart minnet etter Bergfall og fleire andre personar heidra. Blant anna deltok Ole E. Flovik, sokneprest i Aure frå 1922 til 1936, med ein minnetale om Bergfall.   Les mer …

Peder Alsvik (ukjent fotograf).
Peder Alsvik (fødd på Semundset i Aure 26. juni 1882, død 31. desember 1964) var ein arbeidarpartipolitikar og stortingsrepresentant frå Nordmøre. Foreldra var Ole Andersen Alsvik (1856–1949) og Karen Bergitte Pedersdatter Sæmundset (1860–1897). Dei var gardbrukarar. I 1890 tok dei over Olvika ved Imarsundet og budde der nokre år før dei selde garden og flytta tilbake til Semundset att. Dei hadde da teke i bruk familienamnet Alsvik. Like etter, i 1898, kjøpte dei Nerbakkan under Leira, der dei vart buande. Frå 16-årsalderen var Peder Alsvik sjømann i innan- og utanriksfart, og han arbeidde i mange år som fiskar i inn- og utland. I 1912 stod han i spissen for skipinga av Norsk fangst- og fiskerforbund i Ålesund. Peder Alsvik vart gift med Ellen Holten, og dei busette seg på DaleNordlandet, som da låg under Bremsnes herad. I 1916 kom Alsvik inn i kommunestyret i Bremsnes, og sat fyrst ein periode (1916-1919). Deretter sat han samanhengande frå 1925 til 1934.   Les mer …

Lærer Ole Aalmo.
Foto: Ukjent (skanna av Gunnar E. Kristiansen)
Ole Aalmo (født 14. mars 1861 i Aure, død 1943) var lærer og kirkesanger. I åra 1920-28 satt han som ordfører i Sandstad kommuneHitra. Han var sønn av bonde Lars Olsen Aalmo og Beret Olsdatter. Ole Aalmo tok eksamen ved Klæbu lærerskole i 1881. Han tok seinere flere lærerkurs og skytterkurs. Aalmo var i perioden 1884-1903 ansatt som lærer i Bøfjorden i Stangvik i nåværende Surnadal kommune, til dels var han også lærer ved fortsettelseskolen i bygda, i tillegg til å arbeide som poståpner. Fra 1903 til 1928 var han lærer ved Strand, delvis også Utset krets, i Sandstad, og samtidig arbeidde han som kirkesanger samme sted. Han fortsatte som kirkesanger til 1931.   Les mer …

Arnt Olsson Semundset (ca. 1770-1822) var fødd på garden Hestnes i Valsøyfjorden i Aure prestegjeld kring 1770. I folketeljinga i 1801 finn ein han på garden Våg i Aure i same prestegjeldet, og same året gifta han seg med Inger Jonsdtr. Våg (d. 1802). Ekteparet fekk ei dotter, men mora døydde like etter fødselen, 21 år gammal. Arnt Olsson gifte seg på nytt i 1804 med Gjertrud Hansdtr. Ormset, men ho døydde allereie i 1810. Ekteparet hadde ikkje born. På dette tidspunktet hadde Arnt Olsson fått skøyte på eit av dei to bruka på Semundset som faren hadde kjøpt kring 1780. I 1811 gifta Arnt Olsson seg for tredje gong, no med Gjertrud Arntsdtr. Melland. Då Arnt Olsson døydde i 1822, hadde dei fire born saman. Våren 1814 var Arnt Olsson valmann for Aure prestegjeld. På dette tidspunktet var han også medhjelpar til presten i Aure. I samband med utskrivinga av sølvskatten i 1816 sat han i den lokale likningskommisjonen, og han var også medlem av bygdekommisjonen i åra kring 1820.   Les mer …

Gravstein over Holger J. Aresvik og kona, Beret Aresvik, f. Fugelvåg på kyrkjegarden ved Otnes kyrkje i Valsøyfjorden.
Foto: Olve Utne
Holger Aresvik (fødd 10. januar 1883; d. 17. februar 1938) var ein felespelmann og målar frå ArasvikaErtvågsøya i Aure kommuneNordmøre. Han er blant anna kjent for å ha gjeve form til «Bruramarsj frå Valsøyfjord» — ein mangedelt bruremarsj som har utgangspunkt i to kortare bruremarsjar.   Les mer …

Imarbu i 2008.
Foto: Olve Utne
Imarbu er ei turisthytte i Aure i Møre og Romsdal. Den eies av Kristiansund og Nordmøre Turistforening, og har siden åpninga i 2004 blitt drevet som selvbetjent hytte med DNT-nøkkel. Hytta ligger ved ImarsundetErtvågsøya, og er den tredje hytta på Fjordruta som starter i Kristiansund. Fjella Litløra og StorøraStabblandet ligger nær hytta. Et naust hører til hytta, og det ligger der to geitbåter som kan brukes av gjestene. Det finnes også fiskeutstyr, krabbeteiner og muligheter for å koke krabbe i naustet.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Ertvågsøya
ingen underkategorier
 
Mest lest