Heimvard (Fedje gnr 169 bnr 30)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Heimvard
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 30
Adresse: Mulevegen 130

Heimvard er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Karl Thomassen Hestenes f. 1894 (gnr 169 bnr 4-2b) d. 1937, skipskaptein, omkom til sjøs, gravlagd på øya Curaçao i Karibia, g. 1925 m. Louise Bøe frå Cardiff i Wales, budde der. Han kjøpte ei tomt frådelt Hesteneset gnr 169 bnr 4 i 1932.

Barn: a. Karl Peter Helsvig f. 1932 d. 1987, neste eigar (2).

2. Karl Peter Helsvig f. 1932 Cardiff (jf 1a) d. 1987, lærar/rektor/skuleinspektør, g. 1953 m. Kirsten Elisabeth Molstadkvern f. 1934 GranHadeland d. 2018, lærar/rektor, budde der på Jaren. Han fekk tinglyst skøyte i 1973, og sette opp hytte her om lag 1978. Dei flytta i 1986 til Kirkenes, Sør-Varanger. Ho flytta tilbake til Jaren.

Born: a. Håkon Helsvig f. 1954, advokat, g. 1989 m. Gunvor Marie Vik f. 1963 Øksfjord i Loppa, bustad Alta. Ekteskapet oppløyst. Han fekk skøyte på bnr 30 i 1985 saman med Anne Marjatta Petman f. 1955. b. Øystein Helsvig f. 1956, teknikar/lagersjef, g. 1981 m. Olga Torhild Ajer f. 1960 Jaren, busette der. c. Gunhild Helsvig f. 1960, lege, g. 1985 m. Egil Mollestad f. 1956 Hisøya, Arendal, bustad Steigen, es. oppløyst, hans bustad Bærum. Gunhild var samb.m. Harald Aalstad f. 1962, busette Steigen. Ho flytta til Bodø. d. Ingrid Helsvig f. 1963, personalkonsulent, g. 1988 m. Gøran Birger Gottfrid Nyman f. 1958 Bærum, busette der. e. Anna Kjersti Helsvig f. 1970, lærar, g. 2008 m. Sven-Tore Nilsen f. 1963 Rafsbotn i Alta, busette der.

3. Kåre Hestenes f. 1932 (gnr 169 bnr 4-3g) d. 2017, sveisar, g. 1955 m. Marta Nordtveit f. 1934 Fusa (jf Fusab. IV s 488), busette der, fekk skøyte her i 1993.

Born: a. Alf Hestenes f. 1957, bustad Arna i Bergen, sjå gnr 169 bnr 121. b. Håkon Hestenes f. 1959 g. 1979 m. Frøydis Gjøsæter f. 1962 Rubbestadneset på Bømlo, bustad Stryn. Ekteskapet oppløyst, ho flytta til Rubbestadneset. c. Reidar Hestenes f. 1961 d. 1983. d. Ove Hestenes f. 1964 g. 1991 m. Janne Neteland f. 1965, bustad Norheimsund i Kvam. e. Anne Margaret Hestenes f. 1968, neste eigar (4).

4. Anne Margaret Hestenes f. 1968 (jf 3e), dagleg leiar klesbutikk, g. 1988 m. Anfinn Kleppe f. 1965 Tysnes (jf Tysnesb. I s 351), bilmekanikar, busette der på Uggdal. Dei fekk skøyte i 2015. Hytta vart øydelagd av storm same året.

Born: a. Reidun Kleppe f. 1987 samb. 2012, g. 2015 m. Torkel Hofslett Thowsen f. 1977 Bergen, begge lærarar, bustad Bergen. b. Kristine Kleppe f. 1989, lærar, samb. 2011, g. 2018 m. Torgeir Pollestad f. 1987 Tysnes, tømrar, busette der. c. Kåre Martin Kleppe f. 1992, bustad Tysnes, ordførar der (Høgre) frå 2015. d. Anne Marie Kleppe f. 1996, lærar, samb. 2019 m. Sindre Økland f. 1988 Tysnes, byggingeniør, busette der. e. Øyvind Kleppe f. 1999, bustad Tysnes.


Fedje komm.svg Heimvard (Fedje gnr 169 bnr 30) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sjøtun (Fedje gnr 169 bnr 26) • Neste bolk: Mulevegen 132 (Fedje gnr 169 bnr 121)